Då eg såg ut av vindauga i dag tidleg, medan eg hadde mi daglege stille stund med Herren i Bibel og bønn, då såg eg eit tre på andre sida av vatnet som skilde seg ut. Det lyste mot meg med sin mørke bakgrunn. Lauvet var haustgult og strålande. Treet spegla seg i vatnet, der det stod heilt åleine av sitt slag. Det berre stod der åleine og strålte av stille fred og djup glede over å vera til. Hausten kan vera sorgfull og tung med mørke dagar og mykje regn og vind på desse kantar. Me fekk nokre svære byger og kraftige vindroser, ja til og med hagl. Men det lysande treet berre stod der med sin haustgule prydnad og lova Herren med fargane sine.
Me går gjennom mange fasar i livet. Ikkje alle desse fasane er like fargerike eller fruktbare. Me møter både medgang og motgang. Livet er ikkje alltid lett å forstå eller å bli klok på. Det går ikkje alltid slik me ynskjer eller planlegg. Likevel seier Bibelen at når me har vår lyst og glede i å vera trufast mot Ordet frå ”Eg Er”, og heile tida grundar på hans openberrings lys, då står me trygt, likt eit tre planta av Gud, med djupe røter i Guds gledebekk. Då be me ber frukt i kvar fase i livet vårt, uansett korleis omstenda er. Då er me aldri turre og visne, men er friske og fruktbare og lukkast i alt me gjer til Guds ære. Jamvel når det friske lauvet visnar kan me æra Herren.

