Month: February 2017

  • Solveig, du er mi Solstråle!

    IMG_9195

    Hjarteleg til lukke med dagen!

    Du er mi Solstråle, ikkje berre eit Solstreif.

    Du er min Soleklare Soldag

    Du er Solvarm av kjærleik

    Du er min Soleglade Soldogg

    Du er Solfrisk og Solfylt av glede

    Du er mi Soldronning og min gode Soldraum

    Med di Solkraft og ditt Solliv gjer du kvardagen til ein Solfest

    Du har Solglimt i auga og Solglitter i håret

    Du er eit ekte Solskinnsbarn, den gildaste i verda

    Solrik av Solsødme syng du din Solsong

    Du er Soloppgangen til Soldøgnet

    Du fyller alle med ditt kjærlege Solskinn

    Solveig,

    Solauge, Solsmak, Solsteik, Solsky, Solskjem, Sollys, Solmerke, Solkors, Solvind

    Det finst ikkje ord nok til å seia kven du er!

    Solveig, du er Sola mi!

    Eg elskar deg!