Huset i Skogen har gjort meg til ein skogsarbeidar. Her er det mykje å hengja fingrane i. Det vanlege vedarbeidet krev jo sitt. Saging, hogging, kløyving og stabling går i eitt kvar einaste vår. I år har eg vore litt på etterskot, men no er eg i ferd med å koma i rute.
Elektrisitetsverket saga ned nokre uhorveleg svære tre i vinter. Då fekk eg den tanken at eg skulle laga byggjemateriale av desse svære tømmerstokkane som vart delt opp i lengder på fire meter. Eg kjøpte meg ei ny og kraftigare motorsag med eit sverd på 90 cm for å kunna gjera stokkane om til plank. Stokkane hadde ein diameter på om lag 70 cm. No er eg godt i gang med dette arbeidet. Det er skikkeleg tungt arbeid, rett og slett eit slit, men eg finn likevel stor glede i arbeidet.
Eg takkar Gud som har gjeve meg både styrke til å arbeida og glede i arbeidet. Eg lærte tidleg å arbeida av min gode far. Han var ein skikkeleg arbeidskar. Han var tredreiar og jobba på ein møbelfabrikk. Han bygde også sin eigen verkstad heime og her dreidde han skåler og fat. Han laga krokketkøller og kuler. Me fekk tidleg opplæring i å ta del i arbeidet på mange måtar.
For nesten 40 år sidan gav far meg ei stor rosemalt skål som han hadde laga. Rundt utsida av skåla stod denne teksten: Det er med arbeid me fram ska vinna, i arbeid ska me vår æra finna. Det er med arbeid me fram oss slær, og både vørnad og vinning fær. For eit minne og rik arv å ta med seg!
Arbeidsglede er ei velsigna gåve frå Gud. Eg liker å arbeida. Eg liker å skapa noko. Eg kan gleda meg over det som er ferdig, men eg finn større glede i sjølve arbeidet. Eg finn glede i å skriva og eg gleder meg når det har vorte ei bok. Det er ei stor glede å halda den nye boka i hendene, men den gleda varer aldri lenge. For eg oppdagar fort feil. Eg ser at ting kunne vore skrive betre og annleis. I staden for å ergra meg finn eg eit nytt prosjekt å arbeida med og gleda meg over.
Når eg arbeider med stein og jord og tre her på det vesle bruket vårt, kan eg verta forferdeleg trøytt. Av og til er eg heilt gåen. Eg er ikkje så sterk som eg skulle ynskt eg var. Midt i denne trøyttleiken kjenner eg ei djup glede. Tenk at eg kan arbeida, til og med i min alder! Ingenting er som å arbeida med stein og jord og tre. Då får eg brynt kreftene mine. Då kan eg forma og skapa noko handfast. Då kan eg gleda meg over Guds skaparverk.
Gud har verkeleg vore god mot meg!