Month: January 2024

  • Endringar er på gang

    Solveig og eg har i nokre år publisert ein podkast: Solveig og Erling Thu. I den seinare tida har vi publisert ein takkepod kvar veke eller annan kvar veke. Det vil vi halda fram med. I takkepodden snakkar vi saman om livet og takkar Gud for hans nåde og hjelp i små og store ting i kvardagen. Folk seier at dei opplever at dei i i stova saman med oss og blir oppglødde og oppmuntra av det vi deler.

    Framover vil både og og Solveig publisera undervisning, dikt og ting som ligg oss på hjartet innimellom dei vanlege takkepoddane som jo er grunnstammen i det vi gjer på podden vår. Vår gode Kristina, barnebarnet vårt, har laga to nye introduksjonar til podkasten – ein vi bruker når Solveig deler og ein annan når eg deler. Vi håper at mange vil lytta, abonnera og dela podkasten vår med venner og kjente, for vi trur at denne enkle podkasten vil velsigna alle som lyttar.

    Det siste vi publiserte var eit opptak frå ei fellessamling i fellesskapet vårt om takkseiing med utgangspunkt i Salme 100.