Av Erling Thu
Dei siste vekene har Vårt Land trykt fleire kommentarar som åtvarar mot ein påstått «kristen-nasjonalisme» og eit «teokratisk» ønske i delar av kristenfolket. Både Eivor A. Oftestad og Tarjei Gilje har uttrykt uro for kristne som talar om samfunnspåverknad, «dei sju fjella», eller har eit såkalla «postmilliannistisk» syn på framtida.
Uro for maktmisbruk er alltid legitim. Men det er ikkje fleire stråmenn vi treng.
Teologi er ikkje ideologi
I Oftestad sin kommentar blir den teologiske retninga postmilliannisme framstilt som om ho er kjelda til farleg kristen nasjonalisme. Ho skriv at læra «baserer seg på eit moderne framgangssyn» og «bygger samfunnet etter Guds lov» som eit slags jordisk rike. Men dette er ei forenkling som ikkje stemmer med sanninga.
Verken postmilliannismen eller amilliannismen lærer at kyrkja skal byggja eit politisk rike. Begge tolkar det såkalla tusenårsriket åndeleg — i tråd med Augustin: Kristi rike er ikkje av denne verda, men verkar i menneskehjarta ved Den heilage Ande. Forskjellen mellom dei to syna er berre graden av håp for evangeliets framgang, ikkje eit ønskje om dominans.
Å redusera ein gamal og rik teologisk tradisjon til politisk ideologi er å laga ein stråmann: eit kunstig bilete som er lett å slå ned, men som ikkje representerer det folk faktisk trur.
Sju fjell metaforen handlar om teneste – ikkje makt
Gilje sin kommentar om at kyrkja treng «færre kulturkrigarar og fleire diakonar» teiknar på same måten eit feil bilete av kristent samfunnsengasjement. Han skriv at ideen om «dei sju fjella» handlar om å «dominera» ulike samfunnsområde, og åtvarar mot ein tendens til «teokrati».
Men røtene til denne tanken går ikkje til politisk maktkamp, men til misjonsleiarane Loren Cunningham (Ungdom i Oppdrag) og Bill Bright (Campus Crusade for Christ) på 1970-talet.
Dei meinte at kristne treng å leva som disiplar av Jesus midt i kvardagslivet – i utdanning, kultur, media, næringsliv og politikk – og påverka frå innsida gjennom tru, integritet og teneste.
Metaforen om dei sju fjella handlar om innflytelse gjennom teneste, ikkje om maktovertaking.
Når dette blir framstilt som «kristen dominans», er det igjen ein stråmann.
Tjeneste og påverknad høyrer saman
Kyrkja er kalla til å tena, ikkje til å herska. Men kristen teneste har alltid hatt samfunnsmessige ringverknader. Frå dei første diakonane som hjelpte fattige, til haugianarane, misjonsrørslene og dei store diakonale institusjonane, har kristne tent Gud gjennom å forma kultur og institusjonar til det betre.
Å villa påverka lovverk, rettferd og menneskesyn i samfunnet er ikkje det same som å «dominera». Det er å leva ut trua i praksis. Vi treng ikkje setje diakoni og samfunnsengasjement opp mot kvarandre. Kristne er kalla til begge delar.
Eit korrektiv frå Augustin
Både Oftestad og Gilje viser til Augustin – og det gjer dei rett i. Men Augustin sjølv meinte at Guds rike er usynleg og verkande midt i verda – ikkje som eit jordisk regime, men som ei åndeleg rørsle som påverkar verda med sanning, rettferd og kjærleik. Det er nett dette synet som ligg til grunn i både amilliannismen og den klassiske postmilliannismen. I samsvar med dette seier Barak Obama, noko som dei fleste amerikanske kristne er samde i, at det viktig å skilja stat og kyrkje, men ikkje tru og politikk.
Eg kjenner ingen kristne som vil innføra eit slags teokrati, men alle trur vel, at alle menneske har rett til å bruka trua si i politikken for å fremja dei verdiane dei trur på. Gode kristne kan ha ulike politiske løysingar på utfordringane i samfunnet.
Det store kristne prosjektet er ikkje å vinna makt, men å vinna menneske. Riket kjem ikkje «ovanfrå» gjennom lover, men «innanfrå» gjennom omvending og teneste i trufast kjærleik.
Behov for ærleg samtale
Når kristne som ønskjer å påverka samfunnet for det gode, blir skulda for å fremja teokrati, har samtalen spora av. Vi treng ærleg debatt, ikkje karikaturar. Ekte tru må kunna kombinerast med både teologisk refleksjon, samfunnsansvar og diakonal handling – utan å bli mistenkeleggjort.
Så la oss gjerne diskutera korleis kristne best kan tena samfunnet, men då må vi først snakka sant om kva kristne faktisk trur og gjer. Det er ikkje fleire stråmenn vi treng, men fleire sanne samtalar. Det vi treng, er fleire som lyttar, forstår og tener – i sanning og i nåde.