Forkynn Ordet! Slik lyder ein av dei siste formaningane som apostelen Pauls gjev til sin kjære son i trua, Timoteus. Faktisk er dette meir enn ei formaning, det er eit apostolisk påbod: «Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst!» Dette er noko vi må gje akt på, for dette er livsviktig.
Ordet må forkynnast frimodig med full overtyding og med kraft ved Den Heilage Ande om det skal få gjennomslag. Dette er ikkje ei tid til å vera stille. Vi må ikkje trekkja oss tilbake, men vi må stå fram utan å la oss skremma av dei sekulære mørkekreftene.
Vi feirar påske i desse dagane. Vi feirar at Jesus kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. Jesus har overvunne synda, døden og grava! Han har ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet.
Jesus gav seg sjølv som løysepenge. Med sitt eige blod kjøpte han oss fri frå det tomme livet vi arva frå fedrane. Difor må vi ropa ut at fangar skal få fridom, at undertrykte skal setjast fri. Jesus har stått opp frå dei døde. Ein ny dag har runne. Nådeåret har begynt!
Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske. Folk må få høyra det, for Ordet om krossen er Guds kraft til frelse. Jesus døde for våre synder, og vart oppreist for ar vi skulle bli rettferdige. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera Herre over både døde og levande.
På mange måtar blir Kristus krossfesta på ny i vår kultur. Dei mørke sekulære kreftene vil usynleggjera og halda kristentrua borte frå samfunnet og det offentlege livet. Dei prøver å gravleggja trua og avskriva ho som irrelevant. Men dei vil aldri lukkast.
Jesus har stått opp frå dei døde. Han er Herre og Frelsar. Han har all makt i himmel og på jord. Han frelser og frigjer kvar den på påkallar hans namn. Dette kan vi ikkje teia om. Ordet må forkynnast med frimod, for det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur.
Evangeliet treng inga forklaring. Det er svaret på dei inste lengtane hos folk. Evangeliet gjev meining til livet, til og med i vår postmoderne tid. Evangeliet må berre proklamerast og demonstrerast i ånd og kraft, så vil menneske ta imot frelse og bli sett fri frå det meiningslause livet det sekulære samfunnet har å tilby.
Forkynn Ordet i tide og utide, i medgang og motgang, for Ordet skaper tru, set folk fri og gjev dei nytt liv!
Tekst: Erling Thu