I margen på venstre side etter nyttige lenkar vil du finna ein plass kor du skriv inn e-postadressa di, klikkar på knappen og så ordnar Feedblitz resten! Ved å abonnera på innlegga på denne bloggen vil du alltid vera oppdatert på det Herren seier til meg om viktige ting i Bibelen og stoda vi lever i.
Category: Bloggarar
-
Ordtak om livet
Norleif Askeland har ein blogg eg i lang tid har hatt glede av å lesa. Han hadde nettopp eit innlegg han kalla for ordtak om livet som er verdt å sjå på!
- Det er viktigare at menneske møter kvarandre enn at dei har møter med kvarandre.
- Det er betre å snakka ope med ein bror, enn berre å vera open for å snakka med han.
-
Bloggevennar
Eg har idag endra litt på listene med lenker på venstre sida. Då det den seinare tida har vorte mange fleire av vennane mine som har teke til å blogga har eg funne det rett å laga ei liste av bloggevennane mine slik at fleire kan verta kjende med dei og kanskje få lyst til å starta ei internett dagbok sjølve!
-
Gode tilbakemeldingar
Eg har vorte overvelda av alle dei gode tilbakemeldingane eg har fått etter den enkle preika mi på søndag. Det verkar som eg må ha møtt mange med ei helsing frå Gud. Det er stor nåde! Eg er og veldig oppgløda over dei gode tilbakemeldingane eg har fått på det eg skriv på desse enkle nettsidene mine.
Slike gode ord set mot i meg og får meg til å halda fram med å dela av meg sjølv på denne måten. I dag har eg hatt om lag 150 treff på desse sidene, men ikkje mange legg att meldingar eller kommentarar. Difor set eg dess større pris på dei som gjer det, eller sender meg ein epost for å uttrykkja si verdsetjing!
Takk for gode og oppmuntrande ord! -
Nyttige linkar
Norme – Norsk Råd for Misjon og Evangelisering har nokre veldig nyttige linkar som eg oppmodar alle lesarane mine å sjå nærare på. Normes linkar
-
Intervju med Gud
For nokre dagar sidan fekk eg The Friday Fax newsletter med henvisning til nokre sider som har over 20 millionar treff på kort tid. Eg gjekk til Moments With God og klikka på Interviews with God og klikka vidare på Norwegian. Då fekk eg meg ei verkeleg god overrasking. Det kom opp flotte bilete med ein fin tekst på nynorsk! Det likte eg! Intervjuet er vel verdt å lesa!