Category: Leiarskap

  • Forkynn Ordet

    Forkynn Ordet! Slik lyder ein av dei siste formaningane som apostelen Pauls gjev til sin kjære son i trua, Timoteus. Faktisk er dette meir enn ei formaning, det er eit apostolisk påbod: «Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst!» Dette er noko vi må gje akt på, for dette er livsviktig.

    Ordet må forkynnast frimodig med full overtyding og med kraft ved Den Heilage Ande om det skal få gjennomslag. Dette er ikkje ei tid til å vera stille. Vi må ikkje trekkja oss tilbake, men vi må stå fram utan å la oss skremma av dei sekulære mørkekreftene.

    Vi feirar påske i desse dagane. Vi feirar at Jesus kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen. Jesus har overvunne synda, døden og grava! Han har ført udødeleg liv fram i lyset ved evangeliet.

    Jesus gav seg sjølv som løysepenge. Med sitt eige blod kjøpte han oss fri frå det tomme livet vi arva frå fedrane. Difor må vi ropa ut at fangar skal få fridom, at undertrykte skal setjast fri. Jesus har stått opp frå dei døde. Ein ny dag har runne. Nådeåret har begynt!

    Evangeliet om Guds rike er godt nytt for alle menneske. Folk må få høyra det, for Ordet om krossen er Guds kraft til frelse. Jesus døde for våre synder, og vart oppreist for ar vi skulle bli rettferdige. Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera Herre over både døde og levande.

    På mange måtar blir Kristus krossfesta på ny i vår kultur. Dei mørke sekulære kreftene vil usynleggjera og halda kristentrua borte frå samfunnet og det offentlege livet. Dei prøver å gravleggja trua og avskriva ho som irrelevant. Men dei vil aldri lukkast.

    Jesus har stått opp frå dei døde. Han er Herre og Frelsar. Han har all makt i himmel og på jord. Han frelser og frigjer kvar den på påkallar hans namn. Dette kan vi ikkje teia om. Ordet må forkynnast med frimod, for det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur.

    Evangeliet treng inga forklaring. Det er svaret på dei inste lengtane hos folk. Evangeliet gjev meining til livet, til og med  i vår postmoderne tid. Evangeliet må berre proklamerast og demonstrerast i ånd og kraft, så vil menneske ta imot frelse og bli sett fri frå det meiningslause livet det sekulære samfunnet har å tilby.

    Forkynn Ordet i tide og utide, i medgang og motgang, for Ordet skaper tru,  set folk fri og gjev dei nytt liv!

    Tekst: Erling Thu

  • Eit smittande disippelliv

    Det viktigaste valet i livet mitt tok eg då eg var fjorten år gamal: eg valde å følgja Jesus Kristus. No har eg passert åtti, og eg har angra på mykje i livet, men aldri på det valet. Å vera disippel har ikkje alltid vore lett. Disippellivet kan vera både varmt og krevjande, fullt av medgang og motgang, oppturar og nedturar, oppmuntring og utfordringar på same tid. Eg har opplevd alt dette på kroppen. Nokre gonger har eg vore djupt fortvila, frustrert og på nippet til å gje opp. Men Jesus har aldri sleppt taket i meg. Han har aldri gjeve meg opp – ikkje ein gong dei gongene eg sjølv rota det skikkeleg til.

    Sjølv om eg har blitt gammal av år, brukar eg mykje tid saman med unge menneske. Dei spør ofte kva som er hemmelegheita bak at eg framleis er begeistra for Jesus, og korleis eg kan leva med forventing om at han skal gripe inn midt i kvardagen. «Korleis kan eg leva eit berekraftig disippelliv?» spør dei, og like ofte: «Korleis kan eg leva eit liv som verkeleg betyr noko?»

    I denne boka vil eg dela noko av det som har vore viktig for meg, og som har bore meg gjennom både kriser og gleder. Kallet eg møtte som fjortenåring var enkelt: «Følg meg,» sa Jesus. Eg byrja å følgja han utan å forstå heilt kva det innebar. I evangelia les vi at Jesus kalla tolv disiplar for at dei skulle vera saman med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna, lækja dei sjuke og setja menneske fri frå vonde ånder. Det første kallet til å følgja Jesus og vera saman med han vart etter kvart eit kall til å bli menneskefiskarar – til å bli utrusta og myndiggjorde til å gjera hans gjerningar.

    Disippellivet mitt har vart i nærare sytti år. No ønskjer eg å gje noko av det eg har lært vidare til nye, unge generasjonar av Jesu disiplar. Denne boka er nyskriven, men ho byggjer på ei undervisning eg laga for om lag tjue år sidan. Undervisninga har sidan blitt omsett til mange språk og gjeve ut over heile verda. Ho har vist seg å vera berekraftig, men eg er framleis ein lærling som stadig får oppdaga meir av kva det betyr å følgja Jesus. Eit disippelliv har store perspektiv. Det handlar ikkje om raske løysingar, men om livslang læring – og det er nettopp det som gjer det spennande.

    Møtet med Mahesh

    For om lag tjuefem år sidan møtte eg Mahesh. Eg hugsar det framleis som om det var i går. Då eg såg han, vart eg fylt av ei djup kjensle av kjærleik og omsorg. Eg såg han inn i auga og sa: «Eg er glad i deg. Du er elska av Gud.» Han brast i gråt og fortalde at det var første gongen nokon hadde sagt dei orda til han. Det var som om noko løyste seg i hjartet hans. Han tok imot kjærleiken og vart ein brennande disippel. Sidan den dagen har han fortalt menneske om Guds kjærleik, uttrykt gjennom Jesus Kristus, som gjekk omkring, gjorde godt og lækte menneske frå alle slags sjukdomar.

    Ein dag vitna Mahesh for ein mann som heitte Anil, om Jesus – han som både kunne tilgje synd og lækja dei sjuke. Men Anil ville ikkje høyra. Han tilbad dei hinduistiske gudane sine og såg ikkje behovet for noko meir. Nokre månader seinare skjedde det noko dramatisk. Mora til Anil, som hadde diabetes, fekk koldbrann i begge føtene. Ho vart lagd inn på sjukehuset, og legane slo fast at begge beina måtte amputerast. Anil var fortvila. Ingen av gudane han bad til, hjelpte. Då mintest han det Mahesh hadde fortalt om Jesus.

    Han tok kontakt med Mahesh og sa: «Om din Jesus kan gjera mora mi frisk, då skal eg tru på han og bli ein disippel.» Same kveld tok Mahesh med seg ein ven og oppsøkte mora på sjukehuset. Det var i siste liten – morgonen etter var amputasjonen planlagt. Dei to la hendene på føtene hennar og bad ei enkel bøn: at koldbrannen måtte forsvinna, og at ho måtte bli heilt frisk, i Jesu namn. Deretter gjekk dei heim, utan å sjå nokon synleg forandring.

    Tidleg neste morgon kom Anil til sjukehuset for å vera hos mora før inngrepet. Til si store forundring oppdaga han at koldbrannen var borte, og at føtene hennar var heilt friske. Ho trong ingen amputasjon, og alt same dagen vart ho utskriven frå sjukehuset og reiste heim – frisk og levande. Eg har sjølv møtt både Anil og mora, og dei har begge bekrefta historia.

    Etter dette gav Anil livet sitt til Jesus og vart ein ivrig disippel. Han levde med eit enkelt, men sterkt prinsipp: «Når eg lærer noko nytt om Jesus, gjer eg alltid to ting: Eg praktiserer det, og eg deler det vidare. Det er slik lydig disippelskap ser ut.»

    Sju generasjonar

    Då eg vitja Jaipur i 2023, møtte eg Anil igjen. Han hadde med seg sju menneske som han stilte opp på rekkje framfor meg og sa: «Sjå – sju generasjonar av disiplar. Nikita trenar Varsha, Varsha trenar Lucky, Lucky trenar Prakash, Prakash trenar Siby, Siby trenar Ankita, og Ankita trenar Mohan.»

    Eg såg på dei og kjende ei stille glede. Framfor meg stod unge og eldre, menn og kvinner, og eg såg med eigne auge korleis evangeliet hadde gått vidare – frå menneske til menneske, frå hjarte til hjarte.

    Den yngste av dei, Mohan, hadde tidlegare vore trollmann. Han hadde levd av magi og mørke krefter, og folk kom til han for å få hjelp med problema sine. Men i heimen var det ingen fred. Han og kona krangla, og huset var fullt av uro.

    Ein dag kom Ankita, som budde i nabolaget, og fortalde dei om Jesus – han som kunne gje fred. Dei lengta etter ro og tok imot bodskapen. Ankita bad for dei, og dei opplevde å bli sette fri frå det som hadde bunde dei.

    Dette hende under pandemien. Mohan byrja straks å ringja slektningane sine – tre tusen kilometer unna – for å fortelja kva som hadde skjedd. Mange vart rørte av vitnemålet hans og kom til tru. I dag leier Mohan fleire små husmenigheter av nye disiplar, som han trenar opp til å forkynna evangeliet og gjera andre til disiplar. Alt dette skjer gjennom mobiltelefonen hans.

    Mohan er ikkje lenger trollmann. Han er disippel – ein del av den levande rørsla Jesus starta, ei rørsle som framleis spreier lys, fred og kjærleik frå menneske til menneske, frå hjarte til hjarte.

    Dette er ei føreløbig innleiing til ei ny bok som eg held på med: “Oppdrag Disippelliv”. Boka kjem dessverre til å vera på bokmål, men eg vil dela dette på nynorsk. Eg vil gjerne ha innspel og om du har lyst å lesa manus for å gje meg nyttige innspel i skriveprosessen, er det fint om du tek kontakt.

    Eg skulle ønskja at alle som les dette ville leggja inn ein kommentar, eit svar på dette spørsmålet: Når du har lese denne innleiinga, har du då fått lyst til å lesa boka og kvifor?

  • Å ha noko på hovudet og den usynlege verda

     

    I brevet til Korintarane skriv apostelen Paulus at menn og kvinner skal ha ulik praksis når det gjeld å ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer i den kristne forsamlinga. Mennene har ikkje lov å ha noko på hovudet medan kvinnene skal ha noko på hovudet når dei ber eller profeterer. Vi skal no sjå på grunngjevinga for denne apostoliske skikken.

    (more…)

  • Offerhaugar må leggjast ned

    Eg opplever at Herren bruker nokre forteljingar frå GT til å tala til meg om noko som er svært relevant for kristenfolket i landet vårt.

    I Bibelen fortel profetane om Guds frelseplan og korleis han kallar folk til å tena hans frelseplan i deira levetid. Israelsfolket hadde både gode og dårlege kongar, både gode og dårlege leiarar. Dei dårlege leiarane førte folket bort frå Herren og inn i avgudsdyrking. Dei gode leiarane gjorde det som var rett i Herrens auge, dei var heilhjarta så langt dei forstod, men likevel var dei fleste ikkje radikale nok. Dei la ikkje ned dei kananeiske offerhaugane der heidningane dyrka avgudane sine (1 Kong 15,14; 22,44; 2 Kong 12,3; 14,4; 15,4,29) slik Herren gjennom Moses sa dei skulle gjera. I staden ofra dei til Herren på desse offerhaugane. Dette vart ei snare for dei, for det førte til at heidenske skikkar og tankegods fekk innpass hos Guds folk. Profetane kjempa mot denne religionsblandinga. 

    Salomo starta si kongegjerning med å ofra til Herren på den store offerhaugen i Gibeon og Herren synte seg for han i ein draum og talte til han på den plassen (1 Kong 3,4-15). På sine eldre dagar var han ikkje heilhjarta for Herren, men bygde offerhaugar for heidenske gudar (1 Kong 11,1-8). Det er ei skremmande utvikling, som profetane såg ville koma og åtvara imot. Han greidde ikkje “kristna” offerhaugane, men offerhaugane førte han bort frå den rette trua.

    Mange av leiarane og Israelsfolket frykta nok Herren, men gjorde nokre av sine eigne til prestar på offerhaugane. Dei gjorde det andre folkeslag gjorde (2 Kong 17,32). Dei halta til begge sider (1 Kongg 18,21). Herren sende profetane sine til dei for å kalla dei til oppgjer med det menneskelege og heidenske. 

    Herren kallar alltid folket sitt til å vera heilhjarta for han. Han kallar alltid folket sitt til å helga seg, innvia seg og skilja seg frå det mennerskelege og det ureine. 

    Også i våre dagar bruker Guds folk desse verdslege offerhaugane når dei dyrkar Gud. Kristne menneske blir påverka av moderne tankegang og tilpassar seg kulturen og samfunnet. Vi trur nok på Gud, men lever som om Gud ikkje finnest, som Magnus Malm seier.

    Bibelen seier at alle menneske er skapte i Guds bilete, som mann og kvinne. Det skulle vera vår identitet, og ikkje kva slags seksuelle lyster vi til ei kvar tid kjenner på. I naturen er det berre to biologiske kjønn, mann og kvinne, men dei biologiske fakta blir ofra på dei moderne offerhaugane når vi bruker ord som skeive, trans, homofile og så vidare som identitet og forklaring på kva eit menneske er. Som kristne bør vi slutta å bruka slike ord om våre medmenneske, for dei er menneske skapte i Guds bilete, same kva slags tankar dei gjer om seg sjølv. 

    Statskyrkja har forlate den bibelske forståinga av ekteskapet som ei pakt mellom ein mann og ei kvinne ved å gje rom for såkalla samkjønna “ekteskap” og andre samlivsformer. Samfunnet legg press på alle kyrkjesamfunn om å bli politisk korrekte og vera mot “diskriminering”, men vil diskriminera dei som held seg til det bibelske synet på ekteskap og seksualmoral. 

    Biskopar, prestar og kristne leiarar tilpassar seg humanistisk tankegang når dei seier at helvete og fortapinga ikkje finst. På offerhaugane er ingen utanfor eller innanfor, for trua er at alle blir frelst til slutt, uansett korleis dei lever.  

    Når snillismen får rom, sluttar vi å gjera folk til læresveinar som seier nei til seg sjølv og sine syndige lyster. Når vi kristne prøver å erstatta bibelsk rettleing om radikal omvendig med psykologi og sjølvhjelpkurs, då ofrar vi på heidenske offerhaugane. Følgjene er katastrofale.

    Jesus har sagt kva gudsdyrking og tilbeding Gud vil ha. Jerusalem eller Garisim er ikkje viktig. Gud vil ha tilbedarar som tilbed han i ånd og sanning. Gud vil at huset hans skal vera eit bønnehus for alle folk, men vi gjer det ofte til ei kommersiell røvarhole, eit religiøst sermonihus for sjølvdigging eller eit sjukehus kor alle får feil diagnose og feil medisin.

    Offerhaugane er eit uttrykk for at vi vil gjera ting på vår måte. Vi vil inkludera det menneskelege, det tradisjonelle, det akseptable. Det som til kvar tid er politisk og kulturelt korrekt.

    Avgudsdyrkinga gøymer seg i missunning, psykologisering, havesjuke, materialisme og rasjonalisme. Mange kallar Jesus for Herre, men stengjer han ute frå mesteparten av livet. Mange seier dei trur, men lever som om Gud ikkje finnest. Mange har magen og kroppen til gud. Mange er blinda av ein rasjonalistisk tankegang og har naturlege og menneskelege forklaringar på alt. Dei ser ikkje Guds finger i kvardagen. 

    Desse offerhaugane og mange andre må leggjast ned! Dette er den åndelege kampen vi står i. Gud kallar oss til radikal omvending og heilhjarta etterfølging. Gud vil ha radikale oppgjer med alt det ureine og verdslege!

  • Be i samsvar med Guds store hjartelag og gode lover

    Salme 119,156 Herre, di miskunn er stor, gjev meg liv etter dine lover!

    David lært Gud å kjenna som nådig, kjærleg og miskunnsam. Dette gjev han frimod til å koma fram for Gud og be store bønner. Guds mangfaldige hjartelag er stort og det tek David utgangspunkt i når han ber. Det kan også vi gjera.

    Når vi kjem fram for Gud har vi ingenting i oss sjølv å rosa oss av. Vi har ikkje rett eller krav på noko frå Den Heilage og Allmektige Gud, for vi har alle synda og manglar hans herlegdom. Likevel kan vi koma med frimod og bera fram bønnene våre. Det er Guds store miskunn eller hans trufaste kjærleik som gjer at vi kan stiga fram for han med våre små og store bønner, med bønnerop og stille sukk. Gud elskar oss med ein evig kjærleik, elles hadde det vore ute med oss, og difor kan vi koma til han uansett korleis vi har det.

    Legg merke til at David tek utgangspunkt i Guds varme hjartelag og ber om å få liv etter Guds lover. Når vi har desse to enkle tinga på plass, kan vi rekna med at Gud høyrer og svarer. Å be om liv etter Guds lover er det same som å be om liv etter Guds vilje. Guds lover i dette verset handlar om Guds dommar, om hans avgjersler, om det han har bestemt. Det er alltid trygt å be om noko etter Guds lovnader og lover. Då ber vi etter hans vilje og kan ha vissa om at han høyrer oss.

    Vi treng med andre ord å vera trygge på Guds varme og mangfaldige hjartelag, på hans nåde, miskunn og trufaste kjærleik når vi ber. Då kan vi be med barnleg tillit til vår himmelske Far. Vi treng også å vera trygge på Guds lover, på hans kjærlege vilje og gode lovnader. Då kan vi be med tru og forventing. Guds kjærlege hjartelag og hans gode lover er det beste utgangspunktet for eit rikt bønneliv. Når Gud miskunnar seg over oss, fornyar og forfriskar han oss etter sitt ord.

  • Den nye boka mi

    7D4CF981-314B-4C63-AE94-A4E58C1926B3

    Eg er svært glad og takksam for den nye boka mi, «Vi er kalla til å æra kvarandre» utgjeven på Ventura Forlag. Først og fremst takkar eg Gud som har gjeve meg openberring i Ordet og evne til å skriva og deretter takkar eg gode venner for mange nyttige innspel. I dag har eg lese gjennom boka på ny og er fylt av takk til Gud.

    Eg trur dette er den viktigaste boka eg har skrive og den mest personlege. No ber eg om at boka må bli til hjelp og velsigning for mange menneske. Fire kristne kjendisar har anbefalt boka. Det dei har skrive overveldar meg. Her er nokre utdrag:


    «Jeg våger den påstanden at du nå holder årets viktigste bok for kirke-Norge i dine hender. Årene som kommer vil vise om det også blir tiårets viktigste bok for norsk menighetsliv! Jeg velger å kle disse tankene i ord fordi det er min overbevisning at denne boka er nettopp så viktig!

    Helt siden 2010 har jeg sagt at tegn og under og mirakler er vel og bra, men det er ingenting som er så naturlig-overnaturlig og som forløser Guds rike på en slik måte som et menneskelig fellesskap som har tappet inn i Guds fullkomne kjærlighet og lever ut denne kjærligheten i fellesskap med hverandre!

    Erling Thu har med profetisk klarsyn og dyp innsikt i Guds Ord tegnet ut for oss hva hederskultur er, og både i sin innledning og avslutning merker vi at det er en mann med åpenbarings ånd som skriver. Gud har betrodd Erling sine hemmeligheter og gitt ham å male dem ut for oss i denne boka. For oss i Tønsberg Frikirke, hvor visjonen er å være «en menighet overøst av kjærlighet til Gud og mennesker» kommer denne boka til å bli et standardverk både i bibelskole og kirke.»

    Morten Edvardsen, pastor og rektor i Tønsberg Frikirke og Bibelskole

    «Ærekultur innebærer et klimaskifte i måten å se på og omtale hverandre. Hvor Erling også gir inn dette viktige at kun den som evner å ære og anerkjenne seg selv kan ære og anerkjenne andre.

    Det er når vi ærer og anerkjenner Gud at vi er i stand til å ære hverandre.  Som parolen lød fra ørkenfedrene: Vårt kall er å ære Gud og ære mennesket!

    Og så gjør han det praktisk ved å dra det hele ned på jorda i konkrete råd på hvordan leve det ut.

    Vår kirke har hørt lite av denne undervisningen. Er det derfor vi så lett ender opp i misforståelser og konflikter?

    Les boka og gjør den gjerne til tema for samtaler i bibelgrupper og huskirker.»

    Martin Cave, pastor i IMI Kirken, Stavanger

    «Gud tek støv, det vanlegaste av alt, og gjer det til diamantar! I ein kristen æreskultur er vi alle hans medarbeidarar i denne prosessen…».

     «Kristne menneske lærer å verdsetja kvarandre og tala vel om kvarandre på tvers av kyrkjeamfunna. Det gjev håp og tru for ei ny ærefull framtid for landet. Det gjev også meg som lesar håp. La oss ta Erlings og Bibelens oppfordring om å ære kvarandre, på alvor, og byrje i det små og nære i kvardagen vår.»  

    Linda Askeland – informasjonsleiar i Åpne Dører

    I vår tid trenger vi et folk som løfter opp Gud framfor alle andre ting, og som samtidig bøyer seg ned og tjener andre med ubetinget kjærlighet. For alle de som ønsker å være en del av den bevegelsen, er denne boka en gave.

    Terje Dahle, leder av Kristent Nettverk 

    Ver med å gjera boka kjend. Kjøp boka, les henne og lev ut bodskapen. Spør etter boka hos næraste bokhandel eller kjøp direkte frå Ventura Forlag Om du gjev boka til andre vil dei helt sikkert setja stor pris på gåva di. Del dette innlegget med vennene dine! Tusen takk for hjelpa!

  • Gode dagar saman med brør

    Dei siste dagane har eg vore saman med nokre fantastiske og trufaste brør på Gullbotn. Eg takka Gud for kvar og ein av desse gudfryktige vennene mine. Me har tent Herren saman i mange år. Heilt frå tidleg på åttitalet har eg kjend og arbeid saman med nokre av dei som var samla på Gullbotn desse dagane. Det er i seg sjølv ei stor velsigning å kunna arbeida saman med trufaste brør i så mange år. Det er Guds nåde og hans trufaste paktkjærleik som held oss saman. Eg elskar samfunnet av dei heilage.

    Ein av kveldane var me saman med elevane ved Bergen Bibelskule. Det var fint å bli litt kjend med dei. Eg ser fram til å undervisa dei i Guds ord ei veke i september. Denne kvelden fekk me vera med å be for elevane og tala Guds ord til oppmuntring til dei personleg. Det er alltid stort å sjå at orda frå Gud skapa tru og glede i folk.

    Me har brukt mykje tid i bønn. Det er utruleg godt å søkja Gud i lag med brør som elskar Herren. Me har oppdatert kvarandre på vandringa vår med Herren og om tenesta me står i. Så har me sjølvsagt evaluert og drøfta stoda i arbeidet i landet vårt. Det er eit stor oppdrag me har fått del i. Saman med alle dei heilage i landet vårt skal me sjå Guds rike gå fram. 

  • Liv og lære

    Eg er opplærd med at lære og liv må samsvara med kvarandre. Eg har vorte innprenta frå eg var ein liten gutt at eg må gjera det eg seier og stå for det eg meiner. Idealet har vore å vera eit heilt menneske. Å seia at nokon var heilstøypt, var noko av det beste ein kunne seia om dei. Ein heilstøypt person står det framleis respekt av, vågar eg å seia.

    (more…)

  • Han styrkte forsamlingane

    Dette uttrykket finn me i Apgj 15,41. Det er ei oppsummering av apostelen Paulus si andre misjonsreise, då han vart sendt ut i lag med profeten Silas. I The Passion Translation heiter det at på kvar plass dei gjekk til, så forlet dei forsamlinga sterkare og meir oppmuntra enn ho var før dei kom. Eg trur at dette er eit normalt resultat når apostlar og profetar reiser saman til dei nystarta kristne forsamlingane. Apostlar og profetar er åndelege bygningsmenn. Dei styrkjer og byggjer opp både personar og forsamlingar. Då dei reiste frå ei forsamling la dei att noko verdifullt etter seg. Forsamlingane var sterkare og ved betre mot då dei reiste enn då dei kom.

    Paulus er jo veldig klar på at dette er målet med alle kristne samlingar: oppbygging, "lat alt tena til oppbygging!" (1 Kor 14,26). Alle nådegåver er meint å tena til det gode (1 Kor 12,7). Det som taler profetisk, taler til oppbygging, formaning og trøyst (1 Kor 14,3). Den som taler profetisk byggjer opp og styrkjer det kristne fellesskapet. Tungetale i eit offentleg møte må tydast så forsamlinga kan bli oppbygd (1 Kor 14,5). Personleg oppbygging er ikkje nok. Alt me gjer, når me er samla, må vera til nytte og oppmuntring for dei andre.

    Oppbygging og oppmuntring heng saman. Å styrkja forsamlingar er å byggja opp og oppmuntra folka som er samla. Å styrkja folk er å setja mot i dei til å gjera Guds vilje og gå på Guds veg. Det var det apostlane og profetane gjorde då dei reiste saman. Me treng desse folka i dag også. Me treng at dei reiser i lag og besøkjer forsamlingane for å styrkja dei og setja mot i dei. Når dei gjer det frigjer dei eit dynamisk liv som fører til vokster og framgang for Guds rike.

     

  • Tenk som Jesus: Eg er sendt!

    Tenk som Jesus. Han såg på seg sjølv som sendt av Far. Dette innebar at han og måtte senda ut folk, som tok del i oppdraget og som i neste omgang ville senda ut nye arbeidarar – som ville frigjera nye arbeidarar…

    (more…)