I Johannes evangeliet finn vi forteljinga om grekarane som gjerne ville sjå Jesus. Andreas og Filip gjekk til Jesus med ønsket deira. Då gav Jesus dei eit uventa svar:
Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. (Joh.12,24)
Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra. (Joh.12,25-26)
Eg må ærleg seia at eg har stussa litt på dette svaret Jesus gav dei på bakgrunn av at folk ville sjå han. I første omgang verkar svaret avvisande, men ser vi nøyare etter oppdagar vi kva som ligg Jesus på hjarta. Det som ligg på Jesus hjarta er at mange skal få sjå han gjennom mange menneske. Skal det henda, må vi ikkje vera opptekne av oss sjølve og våre former eller måtar å gjera ting på. Det er berre når kveitekornet vert lagd i jorda og døyr, at det kan gje stor grøde. Om ikkje dette hender vil det berre verta verande eit korn åleine.
Jesus er kveitekornet som vart lagd i jorda og døydde. Men frå hans død spirde det fram ein ny kropp, ei ny form, eit nytt uttrykk for livet i kornet, som gav liv til mange fleire korn med det same liv i seg. Når så desse nye korna vert lagde i jorda og døyr, gjev dei liv til stadig fleire menneske, – det vil seia at mange fleire menneske får sjå Jesus gjennom stadig fleire menneske som er livgjevande i heile sin måte å vera på.
Når vi ser samanhengen denne forteljinga om grekarane står i, forstå vi at religionen hindra folk i å koma til Gud. Grekarane hadde ikkje tilgjenge til påskefeiringa i templet. Den jødiske religionen stengde dei ute som ureine. Dei ti boda hadde vorte til tusenvis av bod og reglar om kva ein kunne gjera eller ikkje gjera. Religionsvaktarane var harde og fordømmande.
Heller ikkje i den religiøse begeistringa på palmesøndag fekk dei møta Jesus. Lovsong og glede er sjølvsagt rett, men den ytre begeistringa treng ikkje vera livgjevande! Det er skræmande kort veg mellom hosianna ropa på palmesøndag og krossfest han ropa på langfredag!
Jesus seier at kveitekornet må leggjast i jorda og døy for å føra livet vidare! Det ytre skalet må gjennombløytast, mjuknast opp og brytast ned av fukta i jorda. Spirekrafta i kornet må frigjerast. Ei livsform må døy og vika for ei ny form for veksande liv. Den nye livsspiren syg næring frå det gamle kornet og jorda det er sått i! Parallellane til prosessane dei kristne fellesskapa må gå gjennom for å vera livgjevande er tydelege for dei som har opne auge og øyrer.
Gud har kalla oss til å vera livgjevande. Då må vi minka så han kan veksa. Då må vi forstå at det er sælare å gje enn å få. Det må prega oss at det er større å bøya seg ned å tena enn å sitja høgt og styra! Den som elskar sitt eige liv vil missa det, medan den som seier ne til seg sjølv, vil gje liv og velsigning til mange. Dette må levast ut i nærmiljøet vårt. I heimen, på skulen, på arbeidsplassen, i cellegruppa, i bydelen, i byen, i fylket, i landet og heilt til verdens ende!
Stadig fleire menneske spør om å få sjå Jesus! Det er ei åndeleg oppvakning i vår tid. Folk søkjer åndelege opplevingar. Materialismen og rasjonalistisk kristendom har kome til kort. Folk søkjer etter åndelege realitetar. Om vi følgjer i Jesu fotefar og døyr til oss sjølve, kan vi visa folk kven Jesus er og hjelpa dei til å oppleva korsets frigjerande kraft.
Category: Norske innlegg
-
Folk spør etter å få sjå Jesus!
-
Frigjer vokster og utvikling
Frigjer folk til teneste
Dette er eit samandrag av ei undervisning eg nyleg gav til gruppeleiarane i Kristent Fellesskap i BergenJesus er livgjevande
Smittar liv og gjer folk heile
Gjev folk ein ny start – eit nytt liv
Skaper eit dynamisk fellesskap
Frigjer liv – evner – potensiale
Det kristne fellesskapet er meint å vera frigjerande og utviklandeHjelp folk til å koma ut or skuggen – tilbakehaldande venting
Få folk fram i lyset
Hjelp folk i funksjon
Dette er ein ny dag hjelp folk til å leggja fortida bak!
Gud brukar vanlege arbeidsfolkRiv ned stengsler
Legg til sides menneskelege og religiøse målestokkar
Det kristne fellesskapet er meint å vera dynamisk veksande for å sprengja alle grenser
Gud er uransakeleg – kan gjera så mykje meir enn altDet kristne fellesskapet er eit levande system – ein organisme som er sett til å forandra verda
Alt som er skapt av Gud heng saman, passar saman, er knyta saman
Alt vi gjer har ein verknad på heilskapen
Guds kyrkje vil berre trivast og bløma i sunne forhold til samfunnet
Den åndelege helsa til kyrkja må mælast i koss vi tek vare på varme og nære forhold til menneske i ein verden som er broten sund og bortkomenDet kristne fellesskapet må frigjerast til å gjera det som er naturleg: å reprodusera seg sjølv!
Alle levande skapningar har evne til å skapa liv -reprodusera seg sjølv
Guds rike veks – indre drivkraft fører til spontan vokster – mangfaldiggjering
Eit fellesskap som er fullt av liv føder fram nye fellesskap heile tida
Levande kristne føder fram mange nye levande kristne
Levande celler mangfaldiggjer seg sjølvDet naturlege livs-instinktet: å visa omsorg, gje næring og læra opp
Kvar generasjon er knyta til generasjonen før og etter. Når vi er på høgda, tek vi til med prosessen med å erstatta oss sjølv
I sunne forhold i livssyklusen er det alltid ei usjølvisk gjeving av seg sjølv
Dess meir ein fokuserer på å overleva, dess mindre bryr ein seg om å gje liv til andre
Framtida vår ligg ikkje i å bevara det vi har, men i å investera det i andre
Vi er kalla til å vera fødselshjelpar for ei ny tid
Oppdraget vårt og framtida vår – kjem av opphavet vårVi er kalla til å vera eit vokstermiljø for folk og nye fellesskap
Det handlar om å fremja Guds liv mellom folk
Å tena og yta er nøkkelen til livsknytingar
Berre når vi legg livet ned for kvarandre har vi ei fruktbar teneste
Anden bur ikkje i strukturar, program eller metodar, men i folk som tener
Eit fellesskap med Guds tenarhjarte kjenner ingen grenser for offerJesus modellen
Vera fri frå religiøse former
Føra med seg Guds nærvær
Møta verden med opne auge
Vera Guds reiskap for forandring
Bytta ut frykt med tru på framtida
Hjelpa folk å drøyma store draumar
Så forandrings frø
Vera ein surdeig som gjennomsyrer og forandrar kultur og samfunnÅ utrusta dei truande til tenestegjerning
Hjelpa dei å ta i bruk deira åndelege potensiale – mangfaldig nåde
Hjelpa dei å frigjera åndelege gåver
Hjelpa dei til å verta alt Gud vil dei skal vera
Føra dei fram til mognad i KristusViktige område å hjelpa folk til å gjera framsteg på
Det daglege livet med Gud – be og næra seg av Guds ord
Å vera tenarar
Å kjenna kallet – oppdraget
Å leva i Den Heilage Ande
Karakter – vera lærevillig
Truskap – lojalitet – til Herren, Guds ord og til brørne.Korleis Jesus lærte læresveinane å gjera det han gjorde:
Han forkynte, lærte, bar fram evangeliet – sådde sanningsfrø, så ein draum – visjon – nytt liv kunne veksa fram i læresveinane
Han hadde medkjensle med folk, lækte dei sjuke, sette dei bundne fri – han demonstrerte Guds rikes nærvær
Han sette dei i arbeid – sendte dei ut
Han fekk tilbakemeldingar – gav vurderingDine viktigaste verktøy
Bibelen – Guds ord
Anden – gjev overnaturleg innsikt og hjelp
Bønn – kan forandra kvar håplaus stode
Oppmuntrande og frigjerande ord som skaper tru og visjon