Eg var på veg til eit møte i ein by. Eg hadde vorte henta på flyplassen av ein god venn og vi køyrde mot byen. Eg sat i baksetet av bilen då Gud gav meg eit syn og tok til å tala til meg.
Category: Profetord
-
Ei ny tid med velsigning
Vi var samla til bønn og eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, – det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.
-
Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!
Då eg i 1977 arbeidde på ”Condeepen”, oljeplattforma som no er kalla Statfjord A og vart bygd i Jåttåvågen ved Stavanger, hadde eg ei natt ei sterk oppleving med Herren. Eg hadde nett lese profeten Esekiel fortelja korleis Herrens hand kom over han og førte han til ein dal full av tørre bein. Det synet Esekiel såg og det han opplevde, opptok meg svært mykje. Eg gjekk på dekket, mellom dei 120 meter høge skafta på ”Condeepen” og venta på å få ein av kranførarane i tale for å flytta noko utstyr til dei som skulle montera det. Denne natta var det mange som hadde bruk for kranane og eg måtte venta på tur, difor brukte eg ventetida til å be.
-
Tidsskifte – tideverv
Gud har gjort noko i det usynlege
Eg vil de skal vita kva eg har gjort i det usynlege, seier Herren. Eg vil de skal forstå det eg har gjort i det åndelege. De er midt inne i eit tidsskifte, eit tideverv (ei tid då den historiske utviklinga tek ei ny vending). I sanning har de gått inn i ei ny tid, det er ein ny dag og de skal merka det på mange måtar, men først og fremst vil eg at de skal skjøna kva eg har gjort. Gjennom tre bilete frå det synlege vil eg syna dykk kva eg har gjort i det usynlege.
Flod og fjøre
Tidvatnet har snudd! Vatnet stig, det går ikkje tilbake lenger. Faktisk er det slik at den åndelege vasstanden alt er på sitt høgste (i forhold til dei vanlege svingingane i flod og fjøre), men kjem ikkje til å gå tilbake. Det vanlege mønsteret med slike svingingar er brote. Den flod som no er på gang, vil gå over alle breidder og sprengja alle forventingar. Floda berre stig og stig, dette er ei ny tid, det gamle mønsteret er brote. Dette er eit mektig tidvatn, ein flaum som sprengjer alle grenser.
Eit kapittel er avslutta!
De har lese eit kapittel i mi bok og de har med rette lese dykk sjølv inn i det de har lese. Det kapittelet er no avslutta. Sida er vend, alt dette ligg bak. No skal de ikkje lesa eit nytt kapittel, men sjølve vera med på å skriva eit nytt kapittel! Det er slutt på å lesa seg sjølv inn i ferdigskildraroller frå ei tid som har vore. No er det tid til å leggja alt det som høyrer fortida til bak seg. No er det tid til å skriva eit nytt kapittel sjølv, på nye og blanke ark. Eg vil bruka dykk til å skriva eit nytt kapittel i kyrkjesoga i Noreg. Denne byen skal vendast til meg. Denne nasjonen skal kristnast! Det er det kapittelet de no skal skriva. De veit ikkje no korleis dette skal gå til, men eg veit kva eg vil gjera, og når de legg ting bak dykk vil de få vita kva de skal gjera.
Ei stor opna dør på vidt gap.
Sjå, eg har opna ei stor dør for dykk! Dette er noko eg har gjort og ingen kan lukka denne døra! Når de går inn gjennom denne opne døra, vil de finna at de vert opne dører sjølve som mange menneske kan gå inn gjennom. Ja, de skal opna for veldig mange menneske så dei kjem inn i mitt nærvær. Eg gjer dykk til hengsler som snur tida, nærmiljøet og heile samfunnet opp mot Guds rike. Den store opne døra mi inneber at de skal sjå på alle menneske som ei dør som står på gløtt og som de skal slå vidt open.Høyr, eg gjev dykk tre nøklar for å kunna leva i dette tidsskiftet:
Ei vaken tru
Vak og bed! Vak og bed! Ver vakne! Ver vakne! Eg seier dette om att og om att for om de ikkje er vakne vil de ikkje sjå og skjøna kva eg gjer i denne tida. Ha ei vaken tru! Ha ei tru som er vaken for meg, for eg vil koma på nye måtar. De vil ikkje alltid føla mitt nærvær eller høyra mi røyst på same måten som før, difor må de ha ei vaken tru så de kan gje meg ei trussvar og handla i tru. Tru, innsikt og forståing vil koma til dykk om de er vakne!
Eit høyrsamt hjarta
Høyr kva Anden seier i denne tida! Ha eit høyrsamt hjarta! Det er dykkar evne til å høyra kva Anden seier som vil avgjera koss eg kan bruka dykk i denne tida. Høyr kva Ande seier til kyrkjelyden, men ikkje avgrensa dykk til det. Ha eit høyrsamt hjarta når de er saman med naboar, venner, arbeidskameratar og de vil kunna gje dei mitt ord. Ha eit høyrsamt hjarta i forhold til leiande folk i samfunnet så de kan gje dei mitt no-ord! Slike ord vil verta tekne imot og folk vil få hjelp på mange ulike område i livet.
Ei villig ånd
Ha ei villig ånd og ver kvikke til å fylgja Anden. Ver snare til å gjera det Anden seier. Ver villige til å fylgja impulsar frå Anden. Når Andens vind bles, lat dykk villig føra avgarde! Ting hender så fort i denne tida og de må vera vakne og villige til å gripa anledningane og verta leia av Anden!