
I dag har det vore ein mørk dag. Men det har berre vore ute. Det har regna i strie straumar, haglbyger har laga bråk på taket. Dei store furutrea har sveia fælt i dei sterke vindkasta. Det har rett og slett vore innever, og eg er glad for at eg ikkje hadde noen ærend ute i dag.
Inne har vi det lyst og triveleg. I desse førjulstider lyser det frå stjerner i vindauge, frå juletre og lamper og ved måltida tenner eg levande lys.
Med julesongar og julemusikk i bakgrunnen har det vore koseleg å arbeida på kjøkken og i dag har eg bruka mye tid på kjøkken. Eg har mellom anna laga store kaker til julehelga. For når ikkje den nære familien kjem heim til jul var det gildt at både Erling og meg kom på tanken å invitera mindreårige asylsøkjarar i julehelga. Ja det blei glede i mottaket som er berre 10 minutters kjøretid unna oss. Så nå kjem dei alle til middag, kaffi og kaker og meier til, i to juledagar til fest og glede, i ei lys stove i ein heim. Vi har truffe ein del av dei tidlegare på mottaket. Noen av historiene vi høyrde rørde djupt i hjarta. Så triste! Så vi har pakka gaver og gledar oss til å få vera med å få skapa litt lys og glede i mørket deira.
Vi minnast Jesus, han som er verda sitt lys, han som kom for dei som sit i mørket, han som kom med gledaog med fred. Å kor takknemleg eg er for at han er lyset i hjarta mitt! Det er så godt å ha Lyset på innsida anten det er mørke eller lyse dagar. Ja må det lyset alltid få stråla ut, slik at andre blir velsigna og andre får oppleva han som er lyset.
Tekst: Solveig
