Feiring

IMG_0577
I går feira eg bursdag. Eg har fullført 74 år og det måtte jo feirast. Eg liker feiringar. Å feira fødselsdagen, er ei kristeleg dygd, spør du meg. Kanskje har eg større grunn til å feira enn mange andre, for det var ikkje venta at eg skulle verta så gammal som eg har vorte. I barndommen var eg inn og ut av Rogaland Sjukehus. Eg var til og med ni veker på Rikshospitalet i Oslo. Doktorane sa til far min at dei ikkje trudde at eg kom til å veksa opp. Likevel har eg vorte 74 år. Det kallar eg Guds nåde eller eit Guds mirakel! Og det måtte sjølvsagt feirast!


IMG_1254

Ofte blir kvardagane kalla for grå. Det er jo naturleg for dei er ganske like. Morgonvask, frukost, arbeid, måltid, legging og soving følgjer vanlegvis det same mønsteret. Det er ikkje store variasjonar mellom dagane og vekene som blir til månader og år. Variasjonane som fargar kvardagane med friskare fargar må me skapa sjølve. Det er her feiringane kjem inn. Problemet med bursdagsfeiringar er at det skjer berre ein gong i året. Me burde feira livet mykje oftare!

IMG_4105
Livet er ei gåve frå Gud kvar einaste dag. Me ser døden rundt oss alle stader. Sjukdom, ulukker av ulike slag, krig og terror er ein del av kvardagen. Gamle folk døyr. Unge folk døyr. Foreldre døyr, jamvel barn døyr. Slektningar døyr og venner døyr. Men eg lever og du som les dette lever! Det må feirast kvar einaste dag på ein eller annan måte.

IMG_2825
Gud har velsigna meg med ei svært gild kone. Ho hjelper meg å feira livet i fargerike kvardagar. Det finst ingen grå kvardag når du er gift med Solveig! Kvar einaste morgon er frukostbordet dekka til fest, jamvel om det berre er oss to åleine rundt bordet. Ho tenner stearinlysa og spreier glede med sine flott og kunstferdige oppsett. Kvart einaste måltid kvar einaste dag gjer ho til eit festmåltid. Eg blir høgtidstemt kvar gong eg set meg til bords saman med henne. Difor takkar me alltid Gud saman før me et og feirar livet saman.

IMG_8046
Bursdagar er jo sjølvsagt ei storhending som må feirast. Feiringa startar med ein ekstra god frukost, held fram med ei framifrå lunsj og ein flott og velsmakande middag. Toppen på feiringa er jo sjølvsagt det me kallar kaffikos, jamvel om eg berre drikk te. Då er det kaker på menyen. Det treng ikkje vera mange kaker, men dei må sjå fine ut og smaka godt, det har kånå lært av mor si. Solveig sine fløytekaker, eller blautkaker som andre seier, er dei beste i verda. Det er ikkje få kaker eg har ete i mitt lange liv, men ingen kan målast med dei kakene kånå lagar. I ei skikkeleg flott feiring må det vera ei skikkeleg god fløytekake, slik som kånå lagar dei!

IMG_2844
Den viktigaste ingrediensen i ei skikkeleg fløytekake er sjølvsagt fløytekrem, den må det vera mykje av og han må vera søt. Så må det vera noko friskt fyll i midten saman med kremen. Toppen må ha mykje krem, men pynten er også veldig viktig. Ei fløytekake pynta med jordbær er aldri feil. Jordbær og krem er himmelsk snop som gir helse og trivsel til ein gammal kropp og fargar dagen med glede. Jordbæra er fulle av vitaminar, mineral og viktige antioksidantar, som sprøytar energi inn i kvar einaste lem. Den gode kremen smørjer heile maskineriet og får gleda over livet til å brusa i årene. Den som har lært å kosa seg med ei skikkeleg fløytekake, kan ikkje døy ung, for han et seg full av livskraft.

IMG_1988
Det gode er at det treng ikkje vera bursdag for å feira med fløytekake. Desse eineståande sunne kakene kan brukast til å kasta glans og skapa velvære ved all slags høve. Eg har ikkje tal på kor mange slike kånå lagar i løpet av eit år, men det er ikkje få. Dei fleste er laga for folk ho vil gleda og æra ved ulike høve, men alle veit, at når det regnar på presten, dryp det på klokkaren, så eg er godt nøgd.

IMG_3391
Sjølvsagt kan me ikkje eta fløytekake kvar dag eller kvar veke, men det finst mange andre måtar å feira på. Gode og oppmuntrande ord gjer kvardagen til ein fest. Når den mjuke handa stryk deg varleg og kausar deg på kjakane, då blømer kjærleiken i mange fargar og kvardagen er ikkje lenger grå.

IMG_0483
I dag har me hatt restemiddag. Likevel var bordet fint pynta og stearinlysa tende. Snart skal eg kosa meg med te og restane av fløytekaka frå i går, – berre oss to. For ei glede å vera to. For ei glede å ha ei kone å dela livet med. For ei glede å ha ein ektemake å feira livet saman med!

IMG_1866

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading