Month: June 2018

  • Me såg han med våre eigne auge

    Apostelen Johannes bruker sterke personlege ord når han snakkar om trua og relasjonen til Gud, skaparen og fullendaren. Han snakkar om å ha sett, høyrt og rørt ved han som er frå opphavet. Den evige Gud gjekk inn i tida – inn i historia – og vart menneske. Han som er frå opphavet og sjølv er opphav til den verda me kjenner, han har me sett med våre eige auge, seier apostelen: Med våre eige øyre har me høyrt livsens ord. Med våre eige auge har me sett livsens ord. Med våre eige hender rørte me ved sjølve livsens ord!

    Livet vart openberra då Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, seier Johannes. "Me har sett det og vitnar om det og forkynner dokker det evige livet." Livsens Ord kom frå Far og vart openberra i kjøtt og blod. Ingen menneske har nokon gong sett Gud og ingen kan sjå han, for han bur i eit lys dit ingen kan koma. Likevel har den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, synt oss kven han er. Jesus er biletet av den usynlege Gud. Den som har sett Jesus har sett Far. Den som har møtt Jesus har møtt den levande Gud. Det me har sett og høyrt forkynner me for dokker, seier Johannes, så dokker kan ha fellesskap med oss, me som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. 

    I tidlegare tider talte Gud på mange måtar til menneska gjennom profetane, og dette stoffet er samle i Det gamle testamentet. No i desse siste tider har Gud talt til oss gjennom Sonen, Jesus Kristus. Han har Gud gjort til arving over alle ting og ved han skapte han verda. Jesus er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Han held heile universet saman og fører det mot si fullending ved krafta i det ordet han taler.

    Gjennom Det nye testamentet får me innsikt i Jesu liv og lære. Me får undervisning frå apostlane som var augnevitne. Når me tek i mot forkynninga deira og trur evangeliet, ordet om krossen og oppstoda, møter me den Levande Frelsaren. Ved omvending og tru blir me fødde på ny og blir Guds barn. Me går frå mørke til lys, frå død til liv. Me blir gravlagde med Kristus i dåpen og blir reist opp av vatnet til eit helt nytt liv. Gjennom handpålegging kjem Anden over oss. Me blir døypte i Anden og taler i nye tunger. Me blir stadig fylte av Anden og hjarte flyt over av song og tilbeding. Me elskar Gud for han elska oss først og viste det ved å å la Jesus døy for våre synder.

    Guds kjærleik blir no fullenda i dei som held ordet hans og lever i lyset og kjærleiken. Å elska Gud og våre medmenneske kan ikkje vera ein abstrakt teori som me berre snakkar om, men må vera eit liv som blir demonstrert i kjærlege gjerningar. 

    Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom me elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. Slik blir trua meir enn ein mental aktivitet. Ved tru ser me. Ved tru forstår me. Ved tru veit me. Trua på evangeliet fører til røyndom, me får oppleva det evige livet. Me kan gleda oss i fellesskap med Gud og dei som tilhøyrer han. No kan me sjå og møta Jesus i det kristne fellesskapet, i ordet som blir forkynt og demonstrert i kjøtt og blod mellom oss.

  • Unfolding faith

    Faith is a gift of God. It is like a seed planted in our heart. The smallest seed of faith can move mountains. The Bible says that we live by faith. We are saved by faith. We overcome obstacles in life by faith. 

    When we water the seed of faith, our faith will grow stronger and increase. The apostle Peter is saying that we should devote ourselves to develop our faith or to supplement it. As a seed faith is full of potensial for dynamic growth and development. Peter speaks of an unfolding of faith (2 Pet 1:7-11)

    Out of the seed of faith planted in our heart by God will emerge goodness, and out of goodness will emerge understanding of God, and out understanding and knowing God will emerge inner strength and self-control, and out of this inner strength will emerge patient endurance, and out of patient endurance will emerge godliness, and out of godliness will emerge mercy towards our brothers and sisters, and out of mercy will emerge unending love.

    All these virtues are inherent in the seed of faith that God is planting in our heart. They have been planted deep within us by the Spirit of God. Actually we possess them in abundant supply by the grace of God. This unfolding of faith will keep us from being inactive or fruitless in our pursuit of knowing Jesus Christ more intimately. If these virtues are absent in our lives we will be blind, constantly closing our eyes to the mystery of faith, forgetting our innocence – for our sins have been washed away.

    Therefore it is very important that we are eager to confirm and validate that God has invited us to salvation and claimed us his very own. When we do these things, we will never stumble. As a result God will give us a triumphant entrance into the eternal kingdom of our Lord Jesus Christ.

    It is also possible to see this as a spiritual mathematical equation. Faith pluss goodness equals understanding and knowledge of God. Goodness pluss understanding equals inner strength and self-control. Understanding pluss self-control equals patience. Inner strength pluss patience equals godliness. Patience pluss godliness equals mercy. Godliness pluss mercy equals unending love. These qualities are meant to be limitless as our faith keeps unfolding.