Month: October 2026

  • Mannen som vart send heim

    Mark 5,1–20

    Eg har lese denne forteljinga mange gonger, og det er sjeldan grisane eller demonane eg blir ståande ved. Det er tre små ord om mannen etterpå: han sit, han er kledd, han er ved sine fulle fem.

    Før det hadde han sprunge. Folk hadde freista å binda han, gong på gong, og til slutt gav dei opp og let han vera ute ved gravene. Der ropte han natt og dag og skar seg sjølv med stein. Det vonde hadde ingen annan stad å gå enn innover.

    Når Jesus spør kva han heiter, svarar han ikkje med sitt eige namn. Legion, for vi er mange. Eg kjenner att noko av det. Det finst tider då eg ikkje lenger veit kva som er meg og kva som er røyster eg har teke inn: frykt, skam, gamle ord frå andre. Det gjer meg godt å tenkja at Jesus spør etter namnet under all larmen.

    Etterpå sit mannen stille. Eg trur det er slik nåde ofte ser ut på nært hald. Ikkje stort og strålande, men ein kropp som endeleg får kvila.

    Folket i bygda blir redde. Ikkje av galskapen, den hadde dei vant seg til, men av at han er frisk. Eg forstår dei betre enn eg likar. Det er noko i meg òg som heller vil halda på det vonde eg kjenner, enn å ta imot det gode eg ikkje kan styra.

    Så vil mannen vera med i båten. Og Jesus seier nei. Gå heim til dine.

    Det er det tyngste i heile forteljinga for meg. Å reisa vidare med Jesus til folk som ikkje kjende han, ville ha vore lettare. I staden blir han send heim, til dei som hadde lenkja han. Der skal han fortelja kva Herren har gjort.

    Eg har sjølv kjent på lengten etter å koma bort, starta på nytt ein stad der ingen hugsar kven eg var. Men kanskje er det nett heime vitnemålet har mest å seia. Ikkje som preike, men som eit menneske som sit stille, kledd og klar, blant dei som ein gong gav deg opp.

  • Jesus stiller stormen

    Mark 4,35-41

    Då det leid til kvelds, sa Jesus: Lat oss fara over til andre sida av sjøen. Undervisinga var over, no ville Jesus heim til Kapernaum. Han må ha vore trøytt for han sovna og sov tungt. Det kom ein kraftig vind, ein kvervelstorm, og bølgjene gjekk høge og slo inn i vatnet. Læresveinane var livredde, men Jesus sov på ei pute i bakskuten på båten.

    Dette biletet av Jesus fører tankane til Salmane, som seier: «I fred vil eg leggja meg ned og sova, for du, Herre, lèt meg kvila trygt» (Salme 4,8). Jesus var heilt og fullt avhengig av Gud. Han viste sin tillit ved å kunna sova tungt, endå midt i ein valdsam storm.

    Læresveinane veit rett og slett ikkje kva dei skal gjera, dei er redde. Difor vekkjer dei Jesus og spør:  «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?» Sjølv om dei er redde for å døy, stiller dei spørsmål om hans omsorg for dei. Jesus tek først kontroll over stormen før han tek seg av stormen av kjensler inni læresveinane sine. Jesus trugar vinden. «Tei, og ver still!» Vinden gav seg og det vart blikande stilt.

    Jesus stiller så to spørsmål om læresveinane si tru og tillit. Dette er den første av fleire gonger i Markus der læresveinane blir kraftig tilrettevist for sin mangel på tillit. Jesus spør først om kvifor dei er redde. Han hadde jo sagt, “lat oss dra over!” Kvifor var dei då redde for å gå under?  Det ordet Jesus her bruker om å vera redde, er i 2. Tim 1,7 omsett med motlaus, som noko negativt og som det motsette av kraft, kjærleik og sjølvkontroll. Det er omsett med feig Openbaringa 21,8 i ei liste sammen med mordarar, horkarlar og dei vantruandet, som endar sitt liv i eldsjøen, den andre døden. Læresveinane er redde og motlause, men tek ikkje ansvar for seg sjølv og gjer ingenting anna enn å skulda Jesus for ikkje å bry seg. Dei kvilte ikkje i at Gud ville ta seg av dei slik Jesus gjorde då han sov midt i stormen.

    Det andre spørsmålet Jesus stiller er: “Trur dokker enno ikkje?” Jesus undra seg over deira mangel på tillit. Desse mennene har vore med han ei tid; dei har sett han helbreda og gjera andre under, men kor er trua og tilliten? Eller kanskje eg treng å stilla dette spørsmålet til meg sjølv: Kor er trua og tilliten min?

    Det siste spørsmålet i denne forteljinga blir stilt av læresveinane, og dei spør seg selv, ikkje Jesus. «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han?» Alle veit at verken vindane eller sjøen blir styrt av menneske; likevel talar Jesus til dei og styrer dei. Læresveinane si uro er at dei egentleg ikkje veit kven Jesus er. Er han Gud? Korleis kan han vera det? Dei blir stadig overraska av hans kraft.

    Vi opplever òg opprørte hav, og noen gonger handlar vi akkurat som læresveinane. Familiestrid, ulykker, skilsmisse, barns problem, alvorlege sjukdomar og dødsfall hender, og vår første reaksjon er ofte: «Kor er Gud? Kvifor meg? Bryr du deg ikkje om meg, Gud?» Nokre gonger er vi redde for våre liv eller vår forstand. Kvifor har vi opprørte hav, desse problema? Når problem dukkar opp, er det første vi ønskjer, eit mirakel. Er vår tillit i stilt hav eller i Jesus? Har vi tru og tillit til han når han søv, eller berre når han er vaken? Sjølv om vi veks gjennom uventa hendingar i livet, vil vi likevel helst unngå dei. Korleis kan vi visa vår tillit til Gud i urolige tider? 

    Kven er denne personen som endå vinden og sjøen lyder? Han er Kristus, den levande Guds Son.

  • Sennepsfrøet (30-34)

    Det verkar som Jesus leitar etter noko han kan samanlikna Guds rike med. Så kjem han på sennepsfrøet. Det er svært lite, ja, det minste av alle frø, men det har stor spirekraft. Det skyt opp og blir større enn alle hagevokstrar. Eg liker uttrykket, skyt opp, for det viser til noko med kraft og fart i seg. På ny vil Jesus understreka at Guds rike tek til som eit lite frø, men det har stor spirekraft og fører til stor vekst.

    Sennepsbusken er jo ikkje eit stort tre, kan bli ein stor hagebusk med store greiner som produserer svært mange nye frø som blir til mange nye buskar som produserer frø og mange nye buskar som stadig spreier seg over eit større og større område. Har eit sennepsfrø slått rot, blir det snart til mange buskar og kan spreia seg ukontrollert som ugras.

    Guds rike tek til som noko svært lite, men vil veksa til å bli det største, det som er mest utbreidd. Denne likninga oppmuntrar meg og gjev meg tru til å dela evangeliet om Guds rike med all slags folk, når og kor som helst.

    Det begynte for omlag totusen år sidan med Jesus som gav misjonsoppdraget til dei tolv læresveinane sine og no har det kome til oss og gjer framgang over heile verda.

  • Såkornet (26–32)

    Guds rike er som eit frø. Oppdraget vårt er å så Gudsrikefrøet i nærmiljøet, på arbeidsplassen og i samfunnet. Bodskapen i denne likninga er veldig oppmuntrande. Det forklarar kva som skjer når vi sår ordet, evangeliet om Guds rike. Vi har tidlegare sett at jorda kornet blir sådd i er viktig for resultatet. I denne likninga er det eit anna fokus. Det er tydeleg at Jesus vil formidla eit viktig poeng.

    Uttrykket, av seg sjølv, eller automatisk, er nøkkelen til å forstå poenget Jesus vil formidla. Guds rike omfattar heile prosessen: å så, kornet, jorda, strået, akset, fulle korn i akset og innhaustinga. Når Guds rike frøet først er sådd, vil det veksa av seg sjølv. Dette tykkjer eg er fantastisk godt å vita. Ordet om Guds rike har spirekraft i seg. Vi skal berre så evangeliet om Guds rike, så vil det automatisk spira, veksa og bera frukt. Men vi ser det ikkje med ein gong. Faktisk har vi inga kontroll eller oversikt over veksten. Kornet gror av seg sjølv når bonden søv eller gjer andre ting. 

    Av seg sjølv spirer ordet om Guds rike i menneskehjarta. Vi veit ikkje korleis eller når det hender, det ligg i Guds hender, men vi kan kvila i dette at Guds ord ber frukt og vender aldri tomt tilbake. Av seg sjølv ber jorda grøde, når evangeliet om Guds rike er sådd.

  • Pass på korleis du lyttar (21–25)

    I dette avsnittet har Markus sett saman to ordtaksliknande utsegner, med ei forklaring til kvar av dei. Mellom dei to står det oppmuntrande omkvedet: «Om nokon har øyre å høyra med, så høyr!». Heile dette avsnittet handlar også om å høyra, akkurat slik likninga om såmannen handla om å høyra.

    Når dei kjem med lampa, er utan tvil ei tilvising til Jesus som lampa eller lyset. Jesu komme og hans lære skal sjåast, ikkje skjulast. Han skal takast imot, ikkje avvisast. Den einaste rette plassen for ei lampe er på ein lampefot, og den einaste rette plassen for verdas lys er der det kan sjåast. Jesus kan ha vore delvis gøymd i det skjulte medan han verka, men gjennom det han gjekk gjennom på krossen, har Jesu sanne vesen og sending kome for dagen. Vi bør vera endå meir nøye med å lytta til orda hans, nettopp fordi dette er sant. Hugs igjen at det ikkje er nok berre å høyra Ordet; vi må også gjera det Ordet seier.

    Akta vel på det dokker høyrer frå meg, er ei oppmuntring frå Jesus om å vera svært varsam og nøye med korleis vi høyrer, for di meir vi høyrer og gjer, di meir skal vi få, og halda fram med å høyra og gjera. Om du har teke til med å høyra og gjera, skal du få endå meir. Om du ikkje høyrer, skal du mista sjølv det du måtte ha hatt.

    Dette avsnittet kallar oss til å høyra med ansvar. Om vi lèt Ordet gå «inn det eine øyret og ut det andre», har vi korkje forstått føremålet med ei lampe, eller vore varsame nok med korleis vi lyttar.