Category: Ekteskap – familie – seksualitet

  • Det finnest berre ei Mor!

    Det finnest myriadar av stjerner på himmelen

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest uteljande mengder av blomar på marka

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest uendelege mange perler og smykke

    -         men det finnest berre ei Mor!

     

    Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M!

    Namnet hennar er: Mi Mor!

     

    Mi Mor lærte meg å elska

    -         ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!

    Mi Mor gav meg lysande verdiar

    -         som eg trygt kan styra livet etter

    Mi Mor lærte meg å verdsetja den sanne rikdom

    -         det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant

    Mi Mor kasta glans over alle gjeremål

    -         ho lærte meg å sjå det store i det små

     

    Mi Mor har vorte gammal og skrøpeleg

    -         men er krona med den kvitaste krans

    Mi Mor har vorte krokryggja og skral til beins

    -         men ho er skjønnare enn nokon gong

    Mi Mor er veik og held på å verta hjelpelaus

    -         men augene er levande og smilet er varmt

    Mi Mor har rynker i ansiktet og skrukkute hud

    -         men ho er eit kunstverk

    -         ein stor kunstnar har teikna inn

    -         sitt himmelske merke av herlegdom på henne

     

    Det finnest berre ei Mor!

    Takk at du bar meg fram!

    Takk at du gav meg livet!

    Takk at du passa på meg!

    Takk for varme klede og kjærleg omsorg

    Takk for gode ord og strenge formaningar

    Takk for at du lærte meg å be!

    Takk for at du er Mi Mor!

    Ingen er som deg, du er den beste, – du er Mi Mor!

  • Fri til å ha god sex

    Det er godt å seia ja til sin eigen seksualitet og
    leva han ut i fullt mon etter Skaparens vilje. Kristen livsstil er å nyta dei
    gode gledene i seksuallivet innanføre den trygge ramma som ekteskapet mellom
    mann og kvinne er. 

    I motsetnad til visse andre religiøse og
    filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilet
    e av
    den menneskelege seksualiteten som er ein del av det å vera skapt i Guds
    bilete, som mann eller kvinne.
    Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom,
    ei viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

    (more…)

  • Gjengifte – etisk uforsvarleg?

    Utsyn som er Misjonsambandets hovudorgan har nettopp kome ut med eit temanummer om gjengifte. Deira forståing av Bibelen gjer at dei ikkje vågar å seia at gjengifte er etisk forsvarleg. Dei seier også at gjengifte ikkje kan ha nokon leiande funksjon i ei kristen forsamling.

    Eg har fått brev frå kristne venner som ber meg om å kommentera desse synspunkta som kjem fram i DAGEN og UTSYN.

    Eg deler ikkje den forståinga som kjem fram i Utsyn. Eg trur at Bibelen gjev oss klar rettleiing på dette området og viser til artikkelen min "Ekteskap, skilsmål, gjengifte"

  • Opprop

    Skjebnevalg for Norge?

    Åpent brev fra kristne ledere om

    kjønnsnøytral ekteskapslov

    Landsmøtene for Ap, RV, SV og Venstre har i vår programfestet at Norge bør innføre en såkalt kjønnsnøytral ekteskapslov. En slik lov vil ikke lenger definere ekteskapet som et samliv mellom mann og kvinne, men være «nøytral» i forhold til kjønn. Personer av samme kjønn vil kunne inngå ekteskap på lik linje med mann og kvinne. Partnerskapsloven blir overflødig. Som ledere i ulike religiøse sammenhenger i Bergen, har vi sterke motforestillinger mot å omgjøre og oppløse definisjonen av ekteskapet. Vi har ikke noe ønske om å kjempe mot homofile medmennesker – de har nøyaktig samme verdi og menneskeverd som alle andre – men vi ønsker å forsvare en grunnleggende samfunnsordning. Også mange homofile avviser for øvrig en kjønnsnøytral ekteskapslov.

    (more…)

  • Kjønnsnøytral ekteskapslov?

    Fleire politiske parti har vedteke forslag om kjønnnøytral ekteskapslov og homofil adopsjon. Sterke pressgrupper har i lengre tid arbeida for dette. Til hausten kan dette forslaget koma opp i Stortinget. Valet i 2005 er eit lagnadsår for ekteskapet og familien i Noreg. Alle kristne må sjå ansvaret sitt og gjera det som kan gjerast for å ta vare på den tradisjonelle forståinga av ekteskapet som eit trufast forhold mellom ei kvinne og ein mann.

    (more…)

  • Kristne heimar er livsviktige!

    Det er vår himmelske Far som opphavet til familien og har gjeve namn til alt som heiter far og barn i himmel og på jord (Ef.3,14). Då den treeinige Gud skapte mennesket i sitt bilete, skapte han dei til mann og kvinne, til å vera far og mor, så dei skulle verta mange – ein stor familie som skulle verta til nye store familiar (1.Mos.1,26-28)! Heimen er grunnvollen for mennesket si personlege utvikling og for samfunnet sitt velvære og velstand. Når heimane vert øydelagde går samstundes noko inni menneska sund. Når heimane vert oppløyst i stor stil, då står heile samfunnet i fare for å gå i oppløysing. Eg høyrde nyleg om ei undersøking som slo fast at det er klar samanheng mellom talet på skilsmål og talet på kriminalitet, – utan å seia at dei som skil seg er meir kriminelle enn andre. I dei samfunn kor skilsmål er vanleg er kriminaliteten klart høgare enn dei stadene kor heimane og storfamiliane held saman.

    (more…)

  • Kvinners og menns roller i det kristne fellesskapet

    Det Nye Testamente gir oss mye undervisning om kvinners og menns roller i familien og den kristne menighet. Vi vil i denne artikkelen prøve å oppsummere noe av denne undervisninga og se hvilke konsekvenser den bør få for oss i vår tid.

    (more…)

  • Kristne heimar er livsviktige!

    Det er vår himmelske Far som opphavet til familien og har gjeve namn til alt som heiter far og barn i himmel og på jord (Ef.3,14). Då den treeinige Gud skapte mennesket i sitt bilete, skapte han dei til mann og kvinne, til å vera far og mor, så dei skulle verta mange – ein stor familie som skulle verta til nye store familiar (1.Mos.1,26-28)!

    (more…)

  • Ektemål, skilsmål og gjengifte

    Hausten 2003 var vi Pastoralnettet i Bergen samla på Gullbotn for å drøfta kva Bibelen seier om ektemål, skilsmål og gjengifte. Vi hadde ein veldig fin dialog om vanskelege ting. Eg gjer no innlegget mitt tilgjengeleg for alle som arbeider med desse emna og som ønskjer å hjelpa andre.

    (more…)

  • Seksualitet

    Kva seier Bibelen om heterofil og homofil seksuell aktivitet?

    Menneska er seksuelle skapningar – skapt i Guds bilete
    I motsetnad til visse andre religiøse og filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av den menneskelege seksualitet. Alle menneske er, i følgje Bibelen, skapt i Guds bilete (1.Mos.1,27). Seksualiteten er ein del av det å vera skapt i Guds bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom, viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!

    (more…)