Det er godt å seia ja til sin eigen seksualitet og
leva han ut i fullt mon etter Skaparens vilje. Kristen livsstil er å nyta dei
gode gledene i seksuallivet innanføre den trygge ramma som ekteskapet mellom
mann og kvinne er.
I motsetnad til visse andre religiøse og
filosofiske system, gjev Bibelen oss eit svært positivt bilete av
den menneskelege seksualiteten som er ein del av det å vera skapt i Guds
bilete, som mann eller kvinne. Seksualiteten er ein viktig del av vår personlegdom,
ei viktig side av kven vi er, ikkje berre ei skildring av kva vi gjer!
Bibelen fortel oss at dei første menneske var
nakne saman utan å skjemmast. Dei kroppslege forskjellane mellom mann og kvinne
gav ingen grunn til å vera flaue (1.Mos.2,25). Elskovsleiken og seksualakta er
i Bibelen skildra i svært positive vendingar: ”Nyt livet med den kvinna du
elskar” (Fork.9,9), ”Gled deg over din ungdoms kone. Fryd deg støtt ved hennar
barm, lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!” (Ord.5,18-19). Heile Salomos
Høgsong er eit stort og vakkert kjærleiks dikt. Det fargerike språket og dei
poetiske vendingane i Høgsongen må ikkje åndeleggjerast på ein slik måte at den
fysiske lidenskapen mister sin naturlege fryd og spenning.
Apostelen Paulus har den same positive innstilling
til seksualitet. Han skriv strengt imot dei som vil forby folk å gifta seg
eller at dei må avstå frå seksuelt samliv (1.Tim.4,3-5; 1.Kor.7,5). Slike
haldningar er vranglære, seier han. Seksualiteten er ei gåve vi skal ta imot
med takk, og ektepar har eit gjensidig ansvar for å tilfredstilla kvarandre
sine seksuelle behov (1.Kor.7,3-4).
Det er opplagt at seksualitet har med forplanting
å gjera (1.Mos.1,28). Gud ønskjer at ektefolk skal få mange barn (Sal.127;
128). Men det seksuelle samliv er meir enn samleie for å få barn. 1.Mos.2
skildrar korleis Gud skapte mann og kvinne til å utfylla kvarandre og gjera
kvarandre heile. I forholdet mellom ektemannen og kona har det seksuelle
samlivet også til formål å binda dei to saman og styrkja dei i forholdet deira
(1.Mos.2,24).
Verknadene av syndefallet
Då menneska gjorde opprør mot Guds gode vilje ved
å lytta til djevelens slue råd og synda mot Guds ordning (1.Mos.3), vart heile
skaparverket påverka. Alt det skapte vart lagd under forgjengelegdom (Rom.8,20-22)
og kampen for å overleva vart født. Det gode forholdet mellom mannen og kona
vart øydelagd. Den gode varme tilliten vart bytta ut med svik, mistru og
skuldingar mot kvarandre. Der det før berre var kjærleik og glede kom det inn
tendensar til manipulering og dominering av kvarandre. Nakenskapen skapte no
skamkjensle og frykt, for dei tok til å sjå kvarandre som sexobjekt i staden
for menneske med fysiske ulikskapar (1.Mos.3,7-10). Til og med forplantinga
vart påverka i negativ retning idet at den fantastiske opplevinga av å føda
barn vart forstyrra av møde og smerte.
På grunn av synd kom menneska til å verta styrte
av egoisme og trong til tilfredstilla seg sjølv og sine eigne lyster på alle
områder. Mennesket gjekk sin eigen veg og gjorde ting på sin eigen måte.
Maktkamp og utnytting føregår no på mange plan og område. Heile verda ligg i
det vonde og er merka av synd (1.Joh.5,19).
I mange ekteskap kan den eine parten slita med
store vanskar i det seksuelle samlivet på grunn av tidlegare traumatiske
opplevingar i samband med sex. Dei kan ha vorte misbrukte som barn eller
utnytta som ungdomar. Slike ting kan setja djupe spor etter seg i eit menneske.
Det er viktig at dei som slit med verknader av slike synder får hjelp til å ta
imot nåde frå Gud til å verta lækte og kunna leggja ting bak seg. Når dei vonde
tinga har kome fram i lyset og vorte løyst i Guds nåde, kan ektefolka nyta sex
saman på ein ny og meiningsfull måte.
Seksuallivet høyrer ekteskapet til
Heilt frå opphavet av menneske soga har ekteskapet
vore Guds gode ordning for menneska. Ekteskapet er og har vore den
grunnleggjande byggjeklossen i eit velordna og godt fungerande samfunn. Som alt
anna godt har ekteskapet sitt opphav i Guds kjærleik og er Skaparens norm for
menneskeleg samliv.
Gjennom heile Bibelen vert det understreka at
seksuallivet høyrer ekteskapet til. Ekteskapet er den trygge ramme for sex og
familieliv. Guds ordning er veldig enkel: Det er ikkje godt å vera åleine, for
mennesket er skapt for trufast samliv. Det sjuande bodet seier: Du skal ikkje
bryta ekteskapet (2. Mos.20,14). Du skal trufast halda deg til ektefellen din
heile livet, for Gud hatar skilsmål (Mal.2,16). Jesus seier at Gud har bunde
mann og kone saman i ekteskapet og at ingen må løysa opp denne samanbindinga
(Matt. 19,6).
Bibelen set grenser for seksuell aktivitet
Det er ikkje populært å snakka om restriksjonar av
noko slag i dag og slett ikkje på seksuell aktivitet, men Bibelen gjer det.
Postmoderne menneske trur at alle personlege val er like gode. Ingen må tru dei
er betre enn andre på grunn av etnisk bakgrunn, religion, kultur eller
seksuelle legningar. Ingen bør dømma andre for at dei gjer det som er best for
dei sjølve! Denne postmoderne haldninga kan kanskje uttrykkja ei sanning om
våre relative menneskelege vurderingar, men samsvarar det med Guds syn? Kva om
det finnest ein Gud som har skapt oss og som har eit anna syn som han ein dag
skal dømma oss alle etter? Kva om vi alle ein dag skal gjera rekneskap for
korleis vi har levd i forhold til Guds lov? Vi må også innrømma at det finnest
grenser for vår toleranse av haldningar og handlingar, for vi godtek ikkje
rasisme, nazisme, mobbing, kriminalitet osv.
I våre dagar er eit aktivt seksualliv av mange
sett på som ein menneskerett og noko som er nødvendig for den menneskelege
helse og velvære. Dette er eit nytt syn som overser det faktum at mange som
ikkje kan fungera seksuelt (på grunn av impotens eller andre
funksjonshemmingar) likevel kan leva meiningsfulle liv. Å ha
sex er på ingen måte livsnødvendig slik som mat og klede. Det er heller ingen
menneskerett. Mange menneske, uavhengig av deira seksuelle legningar, har ikkje høve
til full seksuell utfalding. Om det ikkje er ei ønskjeleg stode for dei, er det
likevel noko dei godt kan leva med.
Bibelen seier:
- Du skal ikkje bryta ekteskapet eller driva
hor (2.Mos.20,14; 1.Kor.6,9; 1.Tess.4,3-5; Gal.5,19; Hebr.13,4) - Du skal ikkje ha sex med dine eigne barn
eller nære slektingar (3.Mos.18,7-18) - Du skal ikkje ha sex med ein av same kjønn
(3.Mos.18,22; 20,13; 1.Kor.6,9; 1.Tim.1,10; Rom.1,26-27) - Du skal ikkje ha sex med eit dyr
(3.Mos.18,23)
Desse bibelorda fordømmer konkrete seksuelle
aktivitetar, men talar ikkje om lyster eller freistingar. Å verta freista eller
kjenna lyst til noko treng ikkje vera synd. Det er når vi gjev rom for lystene
og leikar med dei i hjarta og ser på nokon med lyst at vi alt har synda i
hjarta (Matt.5,27-28). Her stiller heterofile og homofile lyster og freistingar
på lik linje. Dette er viktig å gje akt på, for det minner oss på at Bibelen
rosar dei som vinn over freistinga (slik som Josef og Jesus) og fordømmer dei
ikkje fordi dei vart freista. Dei som aldri har vorte freista til seksuell synd
er ikkje nødvendigvis heilagare enn dei som har stått imot freistinga, dei er
berre uprøvd på dette området.
Desse bibelorda gjer det heilt klart at Gud forbyr
all heterofilsex med ein du ikkje er gift med samstundes med all homofilsex.
Bibelen grunngjev som regel ikkje desse forboda med anna enn at dette er Guds
påbod. Nokre få gongar når Bibelen forbyr utanomekteskapeleg sex kjem nokre
forklaringar som er veldig lærerike. Det vises aldri til dei menneskelege
følgjene (tildømes: dette er galt fordi det kan føra til sjukdom eller uønska
graviditet) eller til motiva for handlinga (tildømes: dette er galt fordi det
er gjort i ei ukjærleg ånd). All utanomekteskapeleg sex er galt i seg sjølv,
heilt enkelt fordi kroppen ikkje er laga for seksuell umoral. Dei som tek del i
seksuelle synder (forbode seksuell aktivitet) syndar mot sin eigen kropp
(1.Kor.6,13,18). Det seksuelle samleiet er eit eineståande kroppsspråk som
Skaparen har gjeve til ektefolk for å uttrykkja og stadfesta det spesielle,
eksklusive og livslange forholdet mellom ein mann og ein kone i det
paktsforholdet Bibelen kallar ekteskap.
Å leva ut sine legningar eller lyster
Å leva ut sine lyster eller legningar er ikkje eit
alternativ Bibelen gjev oss. Jesus gjer det heilt klart at vi må seia nei til
seksuelle lyster og seksuelle aktivitetar utanom ekteskapet (Matt.5,27-32;
19,4-12). Det same gjer apostlane (Ap.gj.15,28-29; 1.Kor.5-6; 1.Tess.4,3-8;
1.Tim.1,9-10; Hebr.13,4). Om ein ikkje har gåve til å leva avhaldande seksuelt,
må ein gifta seg (1.Kor.7,2). Av same grunn bør ektefolk ha regelmessig samleie
(1.Kor.7,3-5).
Bibelens råd til dei som vert utsett for seksuelle
freistingar er veldig praktiske: Fly frå freistinga! Då Josef vart invitert av
ein annan manns kone til å liggja med henne, rømde han frå huset dei var i
(1.Mos.39,12). Apostelen Paulus seier at dei kristne må følgja hans eksempel
(1.Kor.1,18; 2.Tim,2,22). Dette er eit råd som kjem av ei realistisk forståing
av kor sterk seksualdrifta kan vera, men Den Heilage Ande kan hjelpa ein kvar
kristen til å vinna kampen mot seksuelle freistingar. Anden hjelper oss til
sjølvkontroll så vi kan vinna over alle slags syndige vanar (1.Kor.6,9-11;
Gal.5,22-23; 2.Tim.1,7).
Bibelen seier klart og tydeleg at kona eller
mannen din skal vera ditt einaste seksuelle fokus. Tilfredstill kvarandre. Nyt
samlivet med kvarandre. Kristne ektefolk kan nyta kjærleiksrusen og hyggja seg
i elskhug. Når kjærleiken rår mistar lystene makta og me lever for å gjera
kvarandre lukkelege. Å ha sex med nokon utanom ekteskapet mellom mann og kvinne
er ikkje noko alternativ for dei som vil leva etter Guds ord.
Bibelen oppmuntrar oss til å nyta det seksuelle
samlivet i ekteskapet, og løftar opp sølibatet for dei som ikkje kan eller vil
gifta seg. Både ekteskapeleg samliv og sølibat er ærbare liv. Det finnest ingen
andre alternativ!
Tekst: Erling Thu
Leave a Reply