Category: Misjon

  • Då ein ny dag braut fram

    Matt 28 i NLT startar slik: “as the new day was dawning” før vi får forteljinga om oppstoda. Det slo meg at ved oppstoda har ein heilt ny dag i menneskesoga brote fram. Oppstoda er starten på ein ny dag, ein heilt ny start for eit nytt liv, ja for eit heilt nytt tilvære.

    Jesus døydde og vart gravlagd. Han stod oppatt tredje dag, slik Skrifta hadde sagt. Synd, skam, død og grav er overvunne. Jesus har brote dødens makt. Han har stått opp frå dei døde. Han har difor fått all makt i himmel og på jord.

    No skal denne store sigeren, denne fantastiske triumfen over dei nedbrytande kreftene i verda kungjerast for heile verda, for heile skapningen. Vårt oppdrag er heilt enkelt å forkynna evangeliet om Jesus Kristus som har stått opp frå dei døde og ført liv og udødeleg liv fram i lyset. 

    Målet med å forkynna evangeliet om Guds rike er å gjera alle folkeslag til læresveinar. Når dei har teke imot evangeliet må dei døypast, dukkast under i vatn og gravleggja det gamle livet. Så blir dei reist opp til eit liv i lydnad. Oppdraget er ikkje over ved at folk kjem til tru, dei må lærast opp til å lyda eller halda alt det Jesus har bode oss. Vi skal med andre ord ikkje berre få folk til å tru evangeliet, oppdraget er å læra dei å leva evangeliet.

    Så lenge vi gjer dette, er Jesus med oss. Alle dagar. Dagar med motgang og dagar med med medgang. Mørke og tunge dagar. Lyse og lett dagar. Alle dagar! Heilt til oppdraget er fullført og han kjem tilbake!

  • Ei misjonsreise til Fosen

    Det er noko underleg og vakkert med måten Gud fører livet på. For oss kjennest denne reisa som å gå inn i ein sirkel som no blir slutta. Då eg, Erling, var 19 år gammal og nettopp ferdig på bibelskule hausten 1962, drog eg saman med Samuel Gjertsen til Fosen. Eg visste lite om livet, men eg visste at eg var kalla til å forkynna evangeliet. Dei karrige kystbygdene, øyane og dei små grendene vart mitt første misjonsfelt, og eg var der i om lag eit halvt år. No, nesten sekstifire år seinare, reiste vi tilbake, men denne gongen saman, eg og Solveig. Vi kjenner begge at dette ikkje berre var ei reise, men eit oppdrag Gud sjølv hadde gitt oss.

    Vi starta frå Trondheim, etter nokre rike dagar i fellesskap med truande venner på pinsekonferansen. Det var varme møte, gode samtalar og ei kjensle av at Gud alt var i ferd med å førebu noko. Vi hadde også den store gleda å få litt tid saman med Sara, barnebarnet vårt, Håkon, mannen hennar og Ellinor, oldebarnet vårt. Det var også sterkt å få vere saman med sonen vår, Karl Enok, før vi tok farvel og reiste vidare. 

    Då vi køyrde mot Åfjord og tok ferja over Trondheimsfjorden, sat vi stille og bad. Vi hadde ingen detaljert plan for dagane som låg framfor oss. Det einaste vi visste, var at vi ville la Den Heilage Ande leia oss til dei rette stadene og til dei rette menneska.

    Vi var nett komne til hotellet då Peter ringde. Han inviterte oss heim til familien på middag neste dag og til å vera med på ei samling i huskyrkja deira. Vi takka med glede ja til dette og såg det som eit teikn på Guds velvilje mot oss. 

    Allereie første ettermiddag kjende vi ei sterk trong til å reise vidare til Roan. Eg hadde ikkje vore der på nesten 64 år, men noko drog meg tilbake. Før vi reiste frå Stavanger, hadde Solveig fått eit syn av eit hus, eit kvitt hus med tre rundt. Ho visste ikkje kvar det var, men ho bar det med seg i hjartet. Medan vi køyrde gjennom landskapet, sat ho stille og såg ut av vindauget, som om ho venta på eit indre ja. Så, heilt plutseleg, kom det: Ho peika og sa med sterk overtyding at dette var huset ho hadde sett. Eg såg det same huset og kjende att noko, men var ikkje heilt sikker. Då vi også fekk auge på eit bygg på andre sida av vegen som minna meg om eit gammalt bedehus, snudde eg bilen.

    Like etter møtte vi ein eldre mann som gjekk langs vegen med ein liten hund. Vi stoppa og tok kontakt, og han viste seg å vera både open og venleg. Då vi forklarte kvifor vi var der, stadfesta han det vi håpte på: Huset var det same som eg hadde budd i, og bygget over vegen hadde ein gong vore eit bedehus, men var no gjort om til bustadhus. Det var eit sterkt augeblikk for oss begge. Eg tok til å fortelja om ei oppleving eg aldri har gløymt, frå nettopp det bedehuset. Eg hadde fasta i fleire dagar og var heilt utsliten då eg skulle forkynna. Eg kjende at eg nesten svima av då eg reiste meg, men i det augeblikket kom Guds kraft over meg. All trøyttleik forsvann, og det var som om orda fløymde gjennom meg som ei elv. Etter møtet hadde ein eldre mann, Nikolai, sagt at han såg to englar stå ved sida av meg og halda meg oppe. Eg såg dei ikkje sjølv, men eg veit at eg vart styrkt. Den eldre mannen vi møtte no, vart tydeleg rørt då vi fortalde dette, og vi fekk vitna for han og velsigna han. For Solveig var det også ei djup stadfesting: synet ho hadde fått, stemde heilt nøyaktig.

    Peter og Marita tok imot oss med opne armar saman med dei tre flotte jentene deira. Dei gjorde skikkeleg stas på oss ved å servera ei fantastisk god elggryte. Elgen hadde han skote sjølv. Det gjekk ikkje lenge før folk tok til å koma saman i heimen. Det vart ein god flokk med både barn, ungdom og vaksne i god blanding. Det er alltid godt når heile Guds familie samlast på tvers av alder, kjønn og etnisitet.

    Det vart ei veldig god fellesskapssamling, med lovsong, vitnemål, open samtale om utfordringar og Guds ord for både store og små, og noko attåt. Alle som var der for første gong fekk forbønn og oppmuntringar, Solveig og eg vart inkludert i dette. Vi var svært oppmuntra då vi reiste tilbake til hotellet. Gud gjer noko nytt på Fosenhalvøya!

    Neste dag reiste vi til Bessaker. Då vi køyrde frå hotellet, regna det kraftig, men etter ei god stund i bøn kjende vi fred. Då vi nærma oss målet, letta vêret, som om det opna seg for oss. Eg prøvde å kjenna att staden frå tida eg var der, men alt verka framandt. Vi fann ikkje bedehuset, og eg kjende meg eit augeblikk rådvill. Ved hamna såg vi ei lang trapp som førte opp eit fjell. Vi bestemte oss for å gå opp, i håp om å få oversikt. Det vart 500 bratte steg, og det var ikkje utan kamp, men også Solveig gjekk heile vegen. Utsikta var vakker, men det var ikkje der svaret låg. På vegen ned møtte vi to unge jenter, og vi kom i samtale. Då dei nemnde ei kyrkje som heitte «3:16», spurde eg om dei visste kva det tyda. Dei visste det ikkje, og slik fekk vi høve til å dela evangeliet frå Johannes 3,16. Vi kjende begge at dette var eit svar på bøna vår den morgonen.

    Lenger nede i trappa møtte vi eit par som var på tur med barnebarnet sitt. Han hadde røter i Bessaker og kunne gje oss mange nyttige opplysningar. Solveig fekk ein god samtale med kona medan er snakka med mannen. Begge var veldig venlege og opne. Eg fekk adressa og skal senda dei nokre bøker.

    Gjennom dagen møtte vi fleire menneske. Nokre korte samtalar, andre litt lengre. Eit møte gjorde særleg inntrykk på oss. Medan vi sat ved hamna, såg eg ein mann som gjekk med stokk. Eg kjende det straks att: På førehand hadde eg opplevd at Gud la det på hjartet mitt at eg skulle møte ein mann med stokk og gi han ei helsing. Eg reiste meg og gjekk bort til han. Det viste seg at han og kona var frå Tyskland, og vi hadde vanskeleg for å forstå kvarandre. Då måtte eg ropa på Solveig, for ho er god i tysk. Ho kom og fekk forklart bakgrunn og til at eg tok kontakt. Til slutt klarte eg å formidla ein enkelt bodskap på tysk: «Gott liebt dich.» Det var ikkje mange ord, men det var det som var gitt meg i den augeblinken. Dei smilte, og eg kjende ei stille glede over å få vera lydig i det små.

    Tysdagen var heilt open og vi visste vi ikkje heilt kva vi skulle gjera, men vi hadde fått ein avtale om å treffa Roald, ein eldre kristen med god kunnskap om den åndelege stoda i området. Før vi fekk møtt han, fekk eg ein telefon frå ein forretningsmann som ville treffa meg. Etter ein kort samtale i butikken inviterte han oss til eit måltid på kvelden. Det takka eg med glede ja til. 

    Vi fekk så ein god samtale med Roald. Samtalen viste det som alt hadde vorte tydeleg for oss, at den åndelege situasjonen i området er vanskeleg. Gjennom samtalar med lokale folk og praten med Roald, fekk vi stadfesta at mange bedehus og kyrkjer er lagde ned, og at truande i stor grad har flytta bort. Nokre stader finst det knapt levande kristne att. Dette gjorde inntrykk på oss og la ei bør på hjarta våre. Samstundes opplevde vi noko anna: menneska vi møtte, var opne, venlege og lyttande. Det var som om det låg ei stille lengt i dei, utan at dei sjølve heilt kunne setje ord på ho.

    Gjennom Roald fekk vi høyra om Stokkøya, der det framleis finst ei levande Baptistkyrkje. Det var den einaste frikyrkja på heile Fosenkysten som ikkje var nedlagt, sa han. Difor følte av at vi skulle reisa dit. På vegen tok eg kontakt med Rune, ein forkynnar som hadde røter der. Han fortalde oss ei sterk historie om ei vekkjingsrørsle på 1930-talet, då rundt hundre menneske vart frelste og døypte i eit samfunn på berre seks hundre. Nesten kvar familie vart rørt av det som skjedde den gongen. I dag er det færre att, og mange er eldre, men dei held fram med å be om ei ny vekkjing. Då vi kom til øya, fekk vi også der høve til å snakka med folk, mellom anna i den lokale butikken. Samtalane var enkle, men opne, og vi kjende at Gud framleis arbeider i det stille, men han er verkeleg i arbeid.

    Då kvelden kom fekk vi eit godt måltid og god prat med det gode ekteparet som inviterte oss tidleg på morgonen. Vi var svært takksame for å få vera gjestar i den flotte heimen deira. Dei vart ei stadfesting på at folket her er veldig gjestfrie og venlege. 

    No er dagane våre på Fosen over, men vi opplever ikkje at dette er ein avslutning. Tvert imot kjenner vi at dette berre er starten på noko som skal halda fram. Vi reiser heim med namn, telefonnummer og nye relasjonar, men mest av alt med ei djup overtyding om at Guds ord ikkje vender tomt attende. Vi har fått gå i ferdiglagde gjerningar, møte menneske Gud alt hadde førebudd, og så små frø som vi trur han sjølv vil la veksa. Hjarta våre er fulle av takk og av forventning. Gud har vore trufast før, han er trufast no, og vi trur at han igjen vil røra ved menneska langs kysten av Fosen. 

    Hausten er stor, grøda er klar til å haustast inn, men arbeidarane er få. Vi ber om at Herren må senda ut mange arbeidarar, ikkje berre til Fosen, men til dei mange små bygdesamfunna i landet vårt som treng ei ny gjestingstid frå Herren.

  • Eit smittande disippelliv

    Det viktigaste valet i livet mitt tok eg då eg var fjorten år gamal: eg valde å følgja Jesus Kristus. No har eg passert åtti, og eg har angra på mykje i livet, men aldri på det valet. Å vera disippel har ikkje alltid vore lett. Disippellivet kan vera både varmt og krevjande, fullt av medgang og motgang, oppturar og nedturar, oppmuntring og utfordringar på same tid. Eg har opplevd alt dette på kroppen. Nokre gonger har eg vore djupt fortvila, frustrert og på nippet til å gje opp. Men Jesus har aldri sleppt taket i meg. Han har aldri gjeve meg opp – ikkje ein gong dei gongene eg sjølv rota det skikkeleg til.

    Sjølv om eg har blitt gammal av år, brukar eg mykje tid saman med unge menneske. Dei spør ofte kva som er hemmelegheita bak at eg framleis er begeistra for Jesus, og korleis eg kan leva med forventing om at han skal gripe inn midt i kvardagen. «Korleis kan eg leva eit berekraftig disippelliv?» spør dei, og like ofte: «Korleis kan eg leva eit liv som verkeleg betyr noko?»

    I denne boka vil eg dela noko av det som har vore viktig for meg, og som har bore meg gjennom både kriser og gleder. Kallet eg møtte som fjortenåring var enkelt: «Følg meg,» sa Jesus. Eg byrja å følgja han utan å forstå heilt kva det innebar. I evangelia les vi at Jesus kalla tolv disiplar for at dei skulle vera saman med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna, lækja dei sjuke og setja menneske fri frå vonde ånder. Det første kallet til å følgja Jesus og vera saman med han vart etter kvart eit kall til å bli menneskefiskarar – til å bli utrusta og myndiggjorde til å gjera hans gjerningar.

    Disippellivet mitt har vart i nærare sytti år. No ønskjer eg å gje noko av det eg har lært vidare til nye, unge generasjonar av Jesu disiplar. Denne boka er nyskriven, men ho byggjer på ei undervisning eg laga for om lag tjue år sidan. Undervisninga har sidan blitt omsett til mange språk og gjeve ut over heile verda. Ho har vist seg å vera berekraftig, men eg er framleis ein lærling som stadig får oppdaga meir av kva det betyr å følgja Jesus. Eit disippelliv har store perspektiv. Det handlar ikkje om raske løysingar, men om livslang læring – og det er nettopp det som gjer det spennande.

    Møtet med Mahesh

    For om lag tjuefem år sidan møtte eg Mahesh. Eg hugsar det framleis som om det var i går. Då eg såg han, vart eg fylt av ei djup kjensle av kjærleik og omsorg. Eg såg han inn i auga og sa: «Eg er glad i deg. Du er elska av Gud.» Han brast i gråt og fortalde at det var første gongen nokon hadde sagt dei orda til han. Det var som om noko løyste seg i hjartet hans. Han tok imot kjærleiken og vart ein brennande disippel. Sidan den dagen har han fortalt menneske om Guds kjærleik, uttrykt gjennom Jesus Kristus, som gjekk omkring, gjorde godt og lækte menneske frå alle slags sjukdomar.

    Ein dag vitna Mahesh for ein mann som heitte Anil, om Jesus – han som både kunne tilgje synd og lækja dei sjuke. Men Anil ville ikkje høyra. Han tilbad dei hinduistiske gudane sine og såg ikkje behovet for noko meir. Nokre månader seinare skjedde det noko dramatisk. Mora til Anil, som hadde diabetes, fekk koldbrann i begge føtene. Ho vart lagd inn på sjukehuset, og legane slo fast at begge beina måtte amputerast. Anil var fortvila. Ingen av gudane han bad til, hjelpte. Då mintest han det Mahesh hadde fortalt om Jesus.

    Han tok kontakt med Mahesh og sa: «Om din Jesus kan gjera mora mi frisk, då skal eg tru på han og bli ein disippel.» Same kveld tok Mahesh med seg ein ven og oppsøkte mora på sjukehuset. Det var i siste liten – morgonen etter var amputasjonen planlagt. Dei to la hendene på føtene hennar og bad ei enkel bøn: at koldbrannen måtte forsvinna, og at ho måtte bli heilt frisk, i Jesu namn. Deretter gjekk dei heim, utan å sjå nokon synleg forandring.

    Tidleg neste morgon kom Anil til sjukehuset for å vera hos mora før inngrepet. Til si store forundring oppdaga han at koldbrannen var borte, og at føtene hennar var heilt friske. Ho trong ingen amputasjon, og alt same dagen vart ho utskriven frå sjukehuset og reiste heim – frisk og levande. Eg har sjølv møtt både Anil og mora, og dei har begge bekrefta historia.

    Etter dette gav Anil livet sitt til Jesus og vart ein ivrig disippel. Han levde med eit enkelt, men sterkt prinsipp: «Når eg lærer noko nytt om Jesus, gjer eg alltid to ting: Eg praktiserer det, og eg deler det vidare. Det er slik lydig disippelskap ser ut.»

    Sju generasjonar

    Då eg vitja Jaipur i 2023, møtte eg Anil igjen. Han hadde med seg sju menneske som han stilte opp på rekkje framfor meg og sa: «Sjå – sju generasjonar av disiplar. Nikita trenar Varsha, Varsha trenar Lucky, Lucky trenar Prakash, Prakash trenar Siby, Siby trenar Ankita, og Ankita trenar Mohan.»

    Eg såg på dei og kjende ei stille glede. Framfor meg stod unge og eldre, menn og kvinner, og eg såg med eigne auge korleis evangeliet hadde gått vidare – frå menneske til menneske, frå hjarte til hjarte.

    Den yngste av dei, Mohan, hadde tidlegare vore trollmann. Han hadde levd av magi og mørke krefter, og folk kom til han for å få hjelp med problema sine. Men i heimen var det ingen fred. Han og kona krangla, og huset var fullt av uro.

    Ein dag kom Ankita, som budde i nabolaget, og fortalde dei om Jesus – han som kunne gje fred. Dei lengta etter ro og tok imot bodskapen. Ankita bad for dei, og dei opplevde å bli sette fri frå det som hadde bunde dei.

    Dette hende under pandemien. Mohan byrja straks å ringja slektningane sine – tre tusen kilometer unna – for å fortelja kva som hadde skjedd. Mange vart rørte av vitnemålet hans og kom til tru. I dag leier Mohan fleire små husmenigheter av nye disiplar, som han trenar opp til å forkynna evangeliet og gjera andre til disiplar. Alt dette skjer gjennom mobiltelefonen hans.

    Mohan er ikkje lenger trollmann. Han er disippel – ein del av den levande rørsla Jesus starta, ei rørsle som framleis spreier lys, fred og kjærleik frå menneske til menneske, frå hjarte til hjarte.

    Dette er ei føreløbig innleiing til ei ny bok som eg held på med: “Oppdrag Disippelliv”. Boka kjem dessverre til å vera på bokmål, men eg vil dela dette på nynorsk. Eg vil gjerne ha innspel og om du har lyst å lesa manus for å gje meg nyttige innspel i skriveprosessen, er det fint om du tek kontakt.

    Eg skulle ønskja at alle som les dette ville leggja inn ein kommentar, eit svar på dette spørsmålet: Når du har lese denne innleiinga, har du då fått lyst til å lesa boka og kvifor?

  • Eit generasjonsskifte er på gang

    Det veks opp ein ny generasjon som ikkje kjenner Gud eller kor viktig kristendommen har vore for utviklinga av Noreg. Denne utviklinga er ikkje ny, men har gått føre seg lenge og gjer mange kristne motlause. Det gode er likevel, at dette ikkje er det einaste generasjonsskiftet som er på gang. Det skjer også eit generasjonsskifte i kristenfolket, slik det alltid har gjort, for slekt følgjer slekters gang. Gud reiser opp unge menn og kvinner som er tydelege i si tru på Guds ord og lever heilhjarta for Herren Jesus Kristus.

    (more…)

  • Alt for Jesus

    Det føregår ein ganske absurd debatt i media i dag om å gje alt for Jesus. Å utfordra unge menneske til å gje alt for Jesus og leva brennande og heilhjarta for han, blir framstilt som usunt og skadeleg. Ei storsamling av kristen ungdom, som vil kalla unge menneske til radikal etterfølging av Jesus, blir kritisert og omtalt som noko negativt. Eg er forundra over at kristne leiarar kjem med åtvaringar mot å bruka uttrykket – all in for Jesus – alt for Jesus.

    (more…)

  • Misjon i motgang og medgang

    Vi lever i underlege tider. Det norske samfunnet endrar seg svært raskt. Mange vil seia at det er ei skremmande utvikling vi er vitne til. Tusenårige tradisjonar blir skifta ut. Menneskelivet blir forstått og forklart på nye måtar. Det kristne livssynet ser ut til å vera på vikande front. Eit sekulært livssyn dominerer media. Å halda fast på bibelsk lære og kristen forståing av menneskelivet blir meir og meir politisk ukorrekt. Såkalla konservative kristne er ein utsett minoritet.

    (more…)

  • Raus, romsleg og bibeltru!

    Eg har eit hjartesukk: Gud miskunna deg over oss! Me vil gjerne vera bibeltru, men gløymer å vera nådige. Me vil gjerne forkynna Guds sanning reint og klårt, men orda har så lett for å bli harde og fordømmande. Herre Gud, hjelp oss å vera rause, romslege og trufaste mot sanninga, – i kjærleik! Lat oss få likna på Jesus som var full av nåde og sanning. Lat oss få læra av meistaren som både forkynte til omvending og var venn av tollarar og syndarar som flokka seg rundt han.

    (more…)

  • Frå menneske til menneske

    Midt i menneskesoga lyser denne hendinga: Gud vart menneske. Det er brennpunktet i Guds evige frelseplan. I det første kapitlet i Bibelen får vi høyra at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Mennesket vart skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Då synda kom inn i verda vart dette fellesskapet øydelagd. Likevel kom Gud og leita etter menneska. Han lova at ein frelsar skulle koma. I GT ser vi Guds frelseplan i utveljinga av Abraham og Israelfolket. Gong på gong grip Gud inn. Han sender profetar og bergingsmenn. Alle peikar fram mot det store historiske vendepunktet i Guds misjon: at Guds rike skulle koma nær.

    Inkarnasjonen er det store midtpunktet og mysteriet i den kristne trua. Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss. Han tok bustad mellom oss og flytta inn i vårt nabolag som sant menneske. Han er det sannaste menneske som nokon gong har levd på jorda. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. I ord og gjerning forkynte han at Guds rike var kome nær.

    (more…)

  • Skjebnetid –tidskifte

    Me lever i ei underleg tid. Mange motstridande ting skjer samstundes. Lys og mørke kjempar om overtaket. Negative og positive krefter er synlege. Samfunnsutviklinga ser ut til å gå feil veg, trass medisinske, teknologiske og digitale framsteg.

    Me lever i ei skjebnetid. Den globale oppvarminga har kome til eit kritisk punkt. Me ventar på avgjerande politiske vedtak på fleire område. Me lever i ei tid som vil få avgjerande innverknad på livet og utviklinga. Eit politisk parti har hatt sitt velkjende skjebnelandsmøte og me kan kanskje få ei endring av abortlova.

    Me lever i ei åndeleg skjebnetid. Kristendommen har tilsynelatande vore på tilbakegang i landet vårt og i vår del av verda. I andre delar av verda veks talet på kristne sterkt. Tyngdepunktet for kristendommen er flytta frå nord til sør, frå vest til aust. I den tredje verda er den kristne trua i stor framgang og det er stor oppvakning mange stader. Står me føre ein ny åndeleg oppvakning i landet vårt?

    Oppvakninga har alt starta. Det er ei bønnevekking på gang i landet vårt. Det kjem inn meldingar frå nord og sør, frå aust og vest, at noko er på gang. Det er ein ny lengt til å be og bruka tid med Gud. Ektepar tek til å be saman. Familiar ber meir enn før. Ungdom ber. Studentar ber. Vaksne ber. Gamle menneske ber med ny tru og glød. Dei merker at Gud er på ferde i landet. Dei kjenner kallet til å vera med å be fram ei ny vekking som vil føra til frelse for folket vårt.

    Folk ser syn og visjonar frå Gud. Veldig mange forkynnarar, som kjem til Noreg frå andre land, fortel om ei sterk kjensle av at Gud har starta eit nytt verk, at landet vårt er ope for Anden og at gjennombrotet er på gang. Mange ber fram profetord om det dei ser Gud er i ferd med å gjera. Me lever i ei lagnadstid. Me har snart nått raspunktet. Me har fått mange varslar om Mannen som er i rørsle i Romsdalen. Det har kome fleire og fleire steinsprang og små ras. Det store raset kan koma når som helst.

    Gud har sagt at i dei siste dagar skal han renna ut Den Heilage Ande over alle menneske. Det vil føra til at folk kallar på Herrens namn og blir frelste. Folk blir i aukande grad frelst i landet vårt. Eg ser det i forsamlinga eg høyrer til. Eg ser at folk kjem til tru i mange ulike forsamlingar. Eg ser at fleire unge enn på svært mange år tek i mot Jesus Kristus og blir forandra. Eg ser føre meg eit ras av store flokkar av unge menneske koma til tru. Den Heilage Ande dreg og kallar på menneske. Hans heilage nærvær vil merkast meir og meir.

    Når Gud kallar folket sitt til å audmjuka seg og be, og dei kjem saman for å be, då skjønar me at noko stort er på gang. Det er ikkje langt borte. Ei åndeleg oppvakning har starta. Me lever i ei skjebnetid som vil få stor innverknad på framtida for landet vårt. Lat oss audmjuka oss og verkeleg ropa til Gud om nåde for landet og folket vårt!

    Tekst: Erling Thu

  • Guds bøker

    Johannes startar evangeliet sitt med å seia at i opphavet var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud. Han, Jesus, var hjå Gud, og alt vart til ved han. Utan han vart ikkje noko til, og det som vart til i han, var liv. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og me såg hans herlegdom. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, Jesus, som er Gud, har synt oss kven han er (sjå Joh 1,1-18).

    Alle som les Bibelen oppdagar at Gud skriv bøker. Det er jo naturleg at han som er Ordet gjer det. Me høyrer både om Livsens Bok og Sanningsboka som Gud har skrive og framleis skriv i. På den store dommedagen skal bøker opnast og me skal dømmast etter det som står skrive i desse bøkene. Desse bøkene er ikkje tilgjengelege for oss no, og me skal ikkje spekulera i kva som er skrive om oss i desse bøkene. Men det finst to bøker han har gjort tilgjengelege for oss.

    (more…)