Category: Misjon

  • Misjonsvenn – misjonsmentor

    Det er lettare å driva misjon enn nokon gong før, samstundes som det er meir utfordrande og krevjande for ein vanleg kristen. Då eg var ung var det opplest og vedteke at misjon var for dei med eit kall til å reisa til land langt borte for å forkynna for dei som ikkje hadde høyrd evangeliet. Jo, sjølvsagt var me som var heime og samla inn pengar til misjonsarbeidet der ute viktige, men det var berre dei der ute som var dei verkelege misjonærane.

    (more…)

  • Misjon og nytenking

    Det føregår mykje spennande nytenking om misjonsarbeid i framande land i mange organisasjonar som lovar godt for misjonsarbeidet i tida som kjem. Det eg vil skriva i dag er vel ikkje noko nytt, men likevel trur eg me treng å tenkja grundigare gjennom dette. Eg vil fokusera på ei breiare forståing av misjon og ei aktiv utsending av tusenar av nye misjonærar!

    (more…)

  • Det er utruleg kva ein blomekrans, ære og vennlege ord kan utretta!

    Solveig og eg har fått den store nåde å gjera teneste i India i mange år. I hinduismen som er den rådande religionen er folk delt inn i fire hovudkaster med mange underkaster i kvar av dei. Dess høgare kaste du tilhøyrer dess meir ære og vørdnad har du krav på. Dei kastelause er sett på som ureine og ærelause. Dei vert ofte behandla som dyr og nokre gonger verre enn dyr. Den kristne forståinga av at alle menneske er skapte i Guds bilete og er likeverdige vert teke imot med glede av dei kastelause, medan det er ein snublestein for dei som tilhøyrer dei høgare kastane. Det å visa ære til dei som har krav på ære sit ganske djupt i kulturen, som det også gjer at dei frå lågare lag i folket dei kan du berre oversjå og ikkje bry deg om. Nestekjærleik og likeverd synest å vera ukjende omgrep i kulturen.

    Når me kjem til Jaipur vert me ofte ynskja velkomne med ein blomekrans. Det er ein vanleg måte å visa ære og verdsetjing. Me tekk imot blomekransane og æra med takk, men ofte nyttar me også høvet til å bruka blomekransane til å æra folk i forsamlinga etter på. I ei gudsteneste der me hadde fått blomekransar og ærefull velkomst la Solveig merke til ei gammal dame ho ikkje hadde sett før. Ho opplevde at Gud sa at ho skulle gje blomekransen sin til denne gamle dama og gjorde så. Det at Solveig, den kvite dama frå utlandet, gav blomekransen til denne gamle dama gjorde under og frigjorde mykje god energi.

    Det viste seg at det var fyrste gongen denne dama var på ei kristen samling. Ho hadde i mange år ofra til dei hinduistiske avgudane utan å få noka svar. Ho hadde besøkt mange store tempel og heilage Sadhuar. Ho hadde bore fram mange og dyre offer. Men ingen brydde seg om henne. Dei heilage Sadhuane hadde ikkje tid til å snakka med henne. Guruane hadde ikkje tid til å læra henne noko. Prestane hadde ikkje tid til anna enn å ta imot ofringane ho bar fram. Ho kjende seg oversett og vanæra, men kva anna kunne ho venta, ho som tilhøyrde ein låg kaste? Men ho heldt fram med å ropa til Gud om at han skulle svara henne, at han skulle gje henne eit teikn på at han brydde seg om henne.

    Då Solveig gav henne blomekransen, omfamna henne, klemde henne kjærleg og talte oppmuntrande ord til henne, var dette det teiknet ho hadde venta på i heile sitt liv. Den fyrste gongen ho kom til eit kristent møte møtte ho folk som såg henne og æra henne. Ho var vandt me å verta oversett. Ho var vandt med å verta sett ned på. Ho var vandt med å møta vanvørdnad. No møtte ho kjærleik, vørdnad og ære gjennom ei kvit kvinne frå utlandet. Men størst av alt, ho møtte Guds kjærleik og nåde til frelse i Jesus Kristus den føremiddagen. Med glede gav ho livet sitt til Jesus Kristus og tok imot frelse ved å sanna at han er den einaste Herren. Eg gløymer aldri den glede som strålte av ho då ho dansa til Herrens ære og takka for frelsa! Nokre dagar seinare vart ho døypt til Kristus. Alt det gamle vart gravlagd og ho vart reist opp til eit nytt i ære  i fellesskapet med Guds folk.

    Den kjærleiken og den æra ho opplevde då Solveig gav henne blomekransen og talte oppmuntrande og vennlege ord til henne opna henne for evangeliet og frigjorde eit heilt nytt liv i henne. Jesus gav henne eit liv i ære i staden for eit liv i vanære. Gleda over denne nyfunne frelsa og æra kunne ho ikkje halda for seg sjølv, men måtte dela det med andre kva Jesus hadde gjort for henne. Ho vann mange menneske for Jesus før ho full av glede døydde i trua berre nokre få månader etter at ho kom til Jesus. Det er utruleg kva ein blomekrans, ære og vennlege ord kan utretta!

  • Jula er misjonstid

    Eg elskar jula. Det er ei fantastisk tid med mange levande lys, strålande stjerner og pragande pynt som får både små og store til å verta levande, strålande og glade. Juleforteljinga rører ved oss og får fram gode kjensler og dei beste lengtar i oss. Me får lyst å vera gode. Me får lyst å skapa endring. Me får lyst å vera på å spreia den store gleda som skaper fred til menneske rundt oss og dei langt borte som aldri har høyrd juleevangeliet.

    (more…)

  • Å reisa overalt for å vera saman med Guds folk

    Kona mi og eg er nett heimkomne frå reise i
    India og Nepal for å vera
    saman med Guds folk. Me har gjort det same som apostelen Peter gjorde. Han reiste
    omkring overalt og besøkte dei heilage  (Apg 9,32). Medan han gjorde det såg han mange
    behov og vart brukt av Gud til hjelpa folk til lækjedom og nytt liv. På grunn
    av det Gud gjorde gjennom han då han var saman med Guds folk kom mange folk til
    tru, ja ein heil by vende om til Herren (Apg. 9,35,42). For eit effektivt
    misjonsarbeid! For ein enkel måte å driva misjon på!

    (more…)

  • Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

    Eg har dei siste dagane vore på reise i
    Nord Noreg med Zephry D’Souza frå India. Han fortalt nokre oppmuntrande og
    gripande forteljingar om framgang for evangeliet midt i tider med forfylging.
    Eg trur me har mykje å læra av dei kristne i India. Zephry vil gje Gud æra for
    all framgang, men seia at han har gjeve dei tre bibelske prinsipp som på mange
    måtar forklarar voksteren mange forsamlingar opplever i India.

    (more…)

  • Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

    Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
    Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

    (more…)

  • Orkanherjingar på Cuba

    Img_4927_2
    Church
    High_voltage
    Roofhole

    Eg har nettopp har kome heim frå ein tur
    til Cuba kor eg har sett herjingane til orkanane og vore med på opninga av
    metodistane sitt nye teologiske seminar i Havana.

    Bakgrunnen for dette besøket på Cuba er
    eit profetord eg fekk til Keri Kones frå Wales som var ein av hovudtalarane på
    påskekonferansen vår i Bergen for fire og eit halvt år sidan. Ordet gjekk ut på
    at han skulle reisa til Cuba kor han skulle møta nokre kristne han skulle
    velsigna. Då han kom tilbake til UK la han profetordet fram for medarbeidarane
    sine som bad over det og stadfesta det profetord med nye detaljar om koss Gud
    skulle leia dei til rette folk.

    (more…)

  • Retten til å gjera folk til disiplar

    For kristne menneske er misjonsarbeid og
    det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
    Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
    ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
    naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
    ikkje like opplagt.

    (more…)

  • Retten til å gjera folk til disiplar

    For kristne menneske er misjonsarbeid og
    det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
    Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
    ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
    naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
    ikkje like opplagt.

    (more…)