Category: Norske innlegg

  • Evangeliet i ei ny tid

    Evangeliet vart til i ei ny tid. Den gamle tida med lovtrældom var over. Dei religiøse leiarane forsto ikkje det tidsskifte dei levde i. Difor var dei ikkje i stand til korkje å forstå tida dei levde i eller dei folka dei var sett til å hjelpa. Dei hadde berre gamle svar på avleggse problemstillingar! Dei hadde ferdige formuleringar som hjelpte folk i farne tider, men dei hadde ikkje noko å seia til dei lengtane folk bar på i si eiga tid! Difor hadde dei ikkje noka godt nytt å fortelja til folk, berre gamle klisjear og utslitne ord som vart opplevd som fordømmande.

    (more…)

  • Ikkje eigen interesse, men Guds vilje!

    Det er Jesus som på denne måten skildrar sitt eige liv. Fleire gonger ser vi at han seier kvifor han er komen. Han seier han er sendt på eit oppdrag. Han har ei klar meining med livet. Han veit kvifor han er her. Ikkje for seg sjølv, men for noko som er større. Ikkje eigen interesse, men Guds vilje. Ikkje eigen ære, men Guds ære.

    (more…)

  • Nyttige linkar

    Norme – Norsk Råd for Misjon og Evangelisering har nokre veldig nyttige linkar som eg oppmodar alle lesarane mine å sjå nærare på. Normes linkar

  • Gud vil bu i gata vår!

    Det går ein rød tråd gjennom heile Bibelen: Gud elskar menneske! Mennesket vart skapt til samfunn med Gud. Synda øydela dette nære forholdet, men Guds frelsesplan er å føra mennesket tilbake til seg. Då Gud frelste Israel ut av trældomen Egypt sa han: ”Eg vil bu midt i mellom dei!” (2.Mos.25,8-9). Når Guds store frelsesplan i Jesus Kristus er fullført, vil Guds bustad vera hjå menneska (Op.21,3-4).

    (more…)

  • Gud samlar sitt folk og byggjer sitt hus!

    Då eg i 1977 arbeidde på ”Condeepen”, oljeplattforma som no er kalla Statfjord A og vart bygd i Jåttåvågen ved Stavanger, hadde eg ei natt ei sterk oppleving med Herren. Eg hadde nett lese profeten Esekiel fortelja korleis Herrens hand kom over han og førte han til ein dal full av tørre bein. Det synet Esekiel såg og det han opplevde, opptok meg svært mykje. Eg gjekk på dekket, mellom dei 120 meter høge skafta på ”Condeepen” og venta på å få ein av kranførarane i tale for å flytta noko utstyr til dei som skulle montera det. Denne natta var det mange som hadde bruk for kranane og eg måtte venta på tur, difor brukte eg ventetida til å be.

    (more…)

  • Kva er synd?

    Jesu syndeliste
    Då eg var ung hadde vi lange lister over ting som var synd og ting som ikkje var synd. Mi syndeliste var veldig lang for eg tilhøyrde den radikale fløyen på bedehuset. Sminke var synd, permanent var synd, øyrepynt var synd, men halskjede var ikkje synd. Det var synd å plystra, det var synd å gå på kino, det var synd for jenter å gå i bukser (mannfolk klede). Ei stund var det faktisk synd å ha skjegg! Alt som var på mote var synd for kristne, dei kunne berre bruka dei kleda som var på mote for eit par år sidan.
    Det tragiske var at vi var heilt og fullt overtydd at vi hadde rett, men vår forståing av synd var heller mangelfull. Vi var hovudsakleg opptekne av ytre ting og forstod lite av syndas verkelege vesen. Vi skal i denne artikkelen sjå litt på Jesu undervisning om synd. Han sette lyset på heilt andre ting enn eg gjorde i min ungdom! Eg trur vi har mykje å læra av han på dette området!

    (more…)

  • Å sjå Gud i kvardagen

    Gud kjem ofte på andre måtar enn det vi ventar.
    Han er ikkje bunden av menneskelege tankar og førestillingar. Han kjem slik han vil, han oppfyller profetordet etter sin eigen plan og ikkje etter våre program. Om vi er audmjuke og åndelege vil vi kunna gjenkjenna Anden i det som hender og forstå at det er Gud som kjem, jamvel om det er på ein uventa måte.

    (more…)

  • Grunnleggjande verdiar

    Verdiar styrer alt vi gjer. Difor er det viktig å setja ord på det som er verdifullt for oss som kristne og vera medvetne om dei grunnleggjande kristne verdiane våre.

    (more…)

  • Gravferder er betre enn festivalar!

    Eg har den seinare tid vore til stades ved fleire gravferder, her til lands og i andre land. Eg har faktisk vore med på kristen gravferd og ikkje-kristen gravferd (sikh kremasjons seremoni). Desse hendingane får meg til å tenkja, både på dette livet og på det komande livet, og om det å ha æva som perspektiv over alt vi gjer. Det er i samsvar med det som Forkynnaren seier:
    ”Det er betre å bruka tid i gravferder enn på festivalar. For du kjem til å døy, og du skulle tenkja på det medan du enno har tid. Sorg er betre enn lått, for sorga har ei foredlande verknad på oss. Ein vis person tenkjer mykje på døden, medan dåren tenkjer berre på å ha det gøy no.” Forkynnaren 7,2-4 (Omsett frå New Living Translation)

    (more…)

  • Gamle og nye former

    Eg har dei siste månadene besøkt fleire ulike kyrkjelydar. Dei har stått i ulik tradisjon og har hatt ulik bakgrunn. Dei har vore både gamle og nye med høg og låg gjennomsnittsalder. Dei har brukt både gamle og nye former, nokon har vore høgtidelege og stive andre uformelle og frie. Eg har møtt både gamle og unge menneske, folk som har vore kristne i mange år og folk som har vore nye på vegen. Gudstenestene har vore av varierande kvalitet og kor stor grad folk har teke del og vore med å skapa liv og glede har det vore veldig stor skilnad på.

    (more…)