Redningsvesten

IMG_4749

Eg har aldri kjend meg heime i vatn. Eg er nok ein landkrabbe å rekna. Jo, eg kan symja, – just så vidt. Kona har hjartet i halsen kvar gong eg prøver å symja. Ho tykkjer eg ligg så djupt i vatnet, og er redd eg skal forsvinna i djupet. Eg trur eg er endå reddare for svarte djupet under meg når eg strevar med å halda meg flytande og nå eit mål nokre meter framme. Kona si forklaring, på at eg ligg så djupt i vatnet, er at eg må ha veldig tunge bein. Mi forklaring er heilt enkelt at eg ikkje er skapt for vatn.

Det er her redningsvesten kjem inn. Då me flytta til huset i skogen, og fekk ei strandlinje på 40 meter til Storavatnet med på kjøpet, fekk me oss robåt og redningsvestar. Ingen får vera i båten utan redningsvest på. Dette er ein fastspikra regel alle må fylgja. Det hjelper ikkje at dei er gode til å symja, for i robåten må dei ha redningsvest på. Eg tykkjer det er ein god regel. Eg ville aldri ha våga å vera i ein robåt utan redningsvest om eg ikkje kunne stå botn i vatnet. Vatnet vårt er så djupt at ingen han stå botn. Til og med Eifeltårnet ville ha problem med å stå botn i vatnet vårt. Så djupt er det, trur eg!

Me har strandlinje, men inga sandstrand. Det er litt gjørmete søkkebotn, men for det meste er det svaberg rett ut i vatnet. Det er uråd å vassa, men det finst nokre små berghyller me kan stå på før me legg ut for å symja. Barnebarna berre hopper i vatnet, så spruten står. Eg ville nok aldri våga meg uti om det ikkje hadde vore for redningsvesten. Eg liker ikkje å symja når eg ikkje står botn. I tillegg er eg ein pyse og toler ikkje kaldt vatn. Å ha vatn over hovudet, eller å dukka under vatnet, står for meg som den verste tortur.

I fem år har eg kunna gleda meg over å kunna symja i vatnet vårt med redningsvesten på. Eg har framleis pusta og pesa medan eg kava og streva med symjetaka for å koma meg fram og tilbake. Det store var at eg var i vatnet saman med barnebarna. Med vesten på kjende eg meg litt trygg, men eg streva fælt heilt til eg for kort tid sidan gjorde ei revolusjonerande oppdaging.

Eg oppdaga at redningsvesten hadde nok oppdrift til å halda meg flytande utan at eg gjorde noko som helst. Eg kunne faktisk stå i vatnet, eller berre leggja meg på ryggen og la redningsvesten bera meg. Dette var ei stor oppdaging. No kan eg slappa av i vatnet. No veit eg at redningsvesten vil berga meg. Eg treng ikkje gjera noko for å halda meg flytande. Eg kan faktisk ikkje gå under når eg har redningsvesten på! Det er dette som kallast nåde. Det er slutt på sjølvstrevet. Eg er så letta. Ei stor bør er teken av akslane mine. No kan eg nyta å vera i det djupe vatnet. Det er herleg å leggja seg på ryggen og spratla med føtene så spruten står i vêret.

Denne sommaren har eg bada meir enn nokon gong før. Vêret har vore flott. Vatnet har vore godt og varmt. Redningsvesten har bore meg kvar einaste gong. Fyrst no har eg kunna nyta å vera i dette djupe vatnet, takka vere redningsvesten. Nåden ber meg kvar einaste dag!

 

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading