Gulljentå mi

Gulljentå mi

For 58 år sidan såg eg noko herleg som tok pusten frå meg. Eg fekk auga på ein skapning frå Guds eigen himmel, det var sjølvaste Gulljentå!

-       gullande flotte auge med gullstråler av uskuld

-       gullande flotte former som gullsmykke av venleik

-       gullande flotte tenner i gullsmil av glede

-       gullande flott stemme, ei gullstrupe som song

Det var Gulljentå mi!

 

Etter åtte lange år med mykje strev og list, med arbeid og karamellar, vart du Gullbrurå mi!

Etter åtte lange år med oppturar og nedturar, glede, sorg, vonbrot, vart du Gullbrurå mi!

Etter åtte lange år med draumar, lengt og sakn, vart du Gullbrurå mi!

Etter åtte lange år, åtte lange år, tenk på det; åtte lange år, endeleg vart du Gullbrurå mi!

 

Etter femti lukkelege år er du framleis Gulljentå mi!

Etter femti lukkelege år er du framleis Gullkjærasten min!

Etter femti lukkelege år er du framleis Gullkånå mi!

Etter femti lukkelege år er du framleis Gullvennen min!

Etter femti lukkelege år er du framleis Gullskatten min!

 

Gullframtida vår er i Guds hender

Gullframtida vår er i nye eventyr

Gullframtida vår er i nytt pionerarbeid

Gullframtida vår er i nye disiplar – læresveinar

Gullframtida vår er i teneste for Gud

 

Gulljentå mi, Gullbrurå mi, Gullkånå mi

-       Eg er glad i deg

-       Eg elskar deg høgare, djupare og meir enn før!

Solveig, verdens beste Gullkåne

-       Takk for femti lukkelege år!

-       Takk for gild vennskap!

-       Takk for trufast kjærleik!

Gulljentå mi, lat oss gå dansande og jublande inn i eit nytt år med ny nåde frå Gud, for no skal me ut på eit stor Gulleventyr!

 

Venner, bli med på nye eventyr!

Venner, bli med og gjer storverk for Gud!

Venner, det er vår i landet!

Venner, lat oss så evangeliet om Guds rike i landet vårt!

Venner, hausten er stor, arbeidarane er få. Meld deg til teneste!

Eg og Gulljentå mi er klare for nye eventyr i teneste for Gud!

Kom og bli med! 

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading