Ei trist utvikling

Det var ein trist dag for heile kristen-Noreg, då heile bisperådet for kort tid sidan vedtok å innføra vigselliturgi for samkjønna par. Det er heilt utruleg, at såkalla konservative biskopar, kan gå inn for eit slikt vedtak. Dei kallar det ei ”realitetsorientering”. Eg kallar det eit knefall for tidsånda, eit totalt nederlag for ei kristen tru. No er det ingen biskopar i statskyrkja som kompromisslaust står for det Guds ord seier om ekteskapet. Det er veldig trist.

Det er mange år sidan eg melde meg ut or statskyrkja. Difor vil kanskje nokon meina at eg ikkje har rett til å seia noko om det som hender i det som blir kalla Den Norske Kyrkja. Likevel kan eg ikkje teia. Det triste som no går føre seg i statskyrkja angår alle kristne i dette landet. Det største kyrkjesamfunnet i Noreg, dei som i alle år har gjort krav på å forvalta Sanninga (med stor S), har no forkasta Bibelen som norm for kristen tru, lære og liv. Det er dramatisk og svært trist for alle kristne i dette landet.

Dei såkalla konservative biskopane har gjort ei ”realitetsorientering”, som inneber at dei bøyer seg for folkemeininga slik ho har kome til uttrykk i eit demokratisk val. Sagt på denne måten, kan det høyrast fornuftig ut. Det likevel svært ufornuftig, men er ei følgje av eit anna ufornuftig vedtak dei har gjort tidlegare. Dei har for lenge sidan vedteke at synet på homoseksuell praksis ikkje er kyrkjesplittande. Det er eit vedtak ingen bibeltruande kristne kan forstå. I praksis er desse syna, som motseier kvarandre, splittande.

Bibelen fordømmer all seksuelt samliv utanføre ekteskapet mellom mann og kvinne. Bibelen seier at korkje dei som bryt ekteskapet (driv hor), eller menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, skal arva Guds rike (1 Kor 6,10). No har alle biskopane vedteke at det skal lagast ein liturgi for noko Bibelen seier fører i fortaping! Det er svært trist!

Rett nok skal det framleis vera rom for prestar å seia det bibelen seier, men dei må leva med at biskopane har vedteke at det skal vera to syn i kyrkja. To syn, som motseier kvarandre, skal leva side om side. Det kan ikkje vera fornuftig. Den praksis, som somme prestar vil seia fører til fortaping, skal andre prestar i den same kyrkja velsigna i Guds namn. Eg grøssar ved tanken.

Å setja den kyrkjelege einskapen, som berre er ein ytre, organisatorisk einskap, over Guds ord, er ein farleg tankegang. Sann kristen einskap kan berre finnast på Ordets faste grunn! Å gje rom for lære eller praksis, som strir mot Guds ord, vil aldri skapa einskap, men heller splitting.

Alle som elskar Jesus, elskar hans bod. Alle som elskar Gud, elskar hans ord. Eg vil oppmoda alle kristne til å vera frimodige i å halda fram kva Guds ord seier. Eg vil også oppmoda alle som har Jesus Kristus som Herre, å be for sann einskap mellom dei kristne i landet vårt, i samsvar med Jesu bønn i Joh 17. Eg vil oppmoda til forbønn, for alle medlemmene i statskyrkja som er født på ny, at dei får mot til å stå for Guds ord og at dei modig må vurdera om dei skal bli verande som medlemmer i ei kyrkje, som går imot det Guds ord seier.

Framfor alle ting må vi gå i forbønn for folk og land. Vi må be om frelse for folket vårt. Vi må ropa til Gud om vekking. Det er tid for Guds folk å venda tilbake til Gud, i omvending, bønn og faste. Kanskje Gud endå ein gong vil koma og lækja landet vårt?

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

3 responses to “Ei trist utvikling”

  1. Reinert Vigdal Avatar
    Reinert Vigdal

    Når so prestar og andre ALLIKEVEL velger fortsatt og arbeide for slike biskoper, så blir dei råka av det samme som disse biskopane no har bestemt. Prestar som er frelst må kaste kappe og krage å gjøre seg fri fra dette, eller går di med i dragsuget. Det hjelper ikke at vi forfiner det å sier at det er mange kjekke prester. DI MÅ BRYTE MED STYGGEDOMMEN.

  2. Georg Birkelid Avatar
    Georg Birkelid

    Me veit alle at ikkje alle kristne i statskyrkja er einige i dette vedtaket. Då synest eg at det er rart at den eine forståinga skal tvingas på dei som ser på homofili som synd. Dette er eit grovt brudd på respekt meiner eg. Det einaste rette i denne saka slik eg ser det, er å la dei homofile opna si eiga homofile kyrkje. Då kan dei som vil, vera med der, medan dei som ikkje kan akseptera eit slikt syn kan praktisere slik dei meiner er riktig i si kyrkje. Då skulle ein tru at begge leirer skulle vera fornøgde. Allikevel klarer altså ein minoritet i Noreg å skape misnøye og problem for eit heilt kyrkjesamfunn berre fordi dei ikkje vil opna si eiga kyrkje. Det er heilt utruleg at det går an.
    Eg er mållaus.

  3. Jimmy Thomsen Avatar
    Jimmy Thomsen

    Jeg er enig i at dette er trist. Men når en først har godtatt seriemonogami med en viss overlapping som etter Guds ord er like syndig som homofili, så er det bare en konsekvens av den utglidingen som allerede har vært der lenge. Bibelen sier at den som lever etter lystene sine, ikke skal arve Guds rike. Så sex uten forpliktelse i ekteskap mellom man og kvinne er synd. Grådighet er avgudsdyrkelse. Det bekymrer meg like mye at folk som kaller seg personlige kristne, finner frihet til sex utenfor ekteskap, skillsmisse og full og fri deltakelse i en vestlig forbrukerkultur som ikke ligner mye på nytestamentlig nøysomhet. Statskirka er long gone. Bare ordet statskirke er nok for meg. Det er et ekteskap som Gud forbyr. At Staten skal bestemme over kirka er fornektelse av Jesu Herredømme. Men når det er sagt, så er jeg mer opptatt av hva Jesu herredømme betyr for dem som har sagt at de vil følge Jesus. Frafallet i samfunnet har stor sammenheng med lunkenhet og sløvhet mellom Guds folk. Det hjelper ikke å peke og si at “dette er helt feil”, når ikke alternativet er tydelig nok. En fin ting er at KrFs innsats for å styrke ekteskap mellom mann og kvinne har vist effekt. Flere gifter seg og færre skiller seg. Media har mer fokus på varige forhold, og forskning viser negativ effekt av skillsmisse, både i form av psykisk sykdom hos barna, og også i manglende evne til å forplikte seg i annet forhold. VG hadde en artikkel om ektepar som fant tilbake til hverandre etter skilmisse. Det ene paret hadde et utsagn som jeg likte godt: Gresset er ikke grønnere på andre siden. Det er grønnest der du vanner det.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading