Kva seier Bibelen om fortapinga og helvete?

 

På den store dommedagen vil alt, historia, menneskeslekta og livet vårt, bli sett i Guds lys. Realitetar, som no er skjulte for oss, vil bli avslørte. Dommen inneber at vi ser livet vårt i Guds lys, frå hans perspektiv.  Då vil det koma fram at vi er skapt for fellesskap med Gud og kvarandre, men at vi ofte har vendt ryggen til Gud, gått vår eigen veg, berre tenkt på oss sjølve og vore ulydige mot sanninga. Jesus og apostlane er klare på at dei, som har vore fiendar av Gud, på den store dommedagen vil bli ekskludert frå samfunnet med Skaparen:

Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’ Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’ Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’ Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.» (Lukas 13,25-30)

Då sa kongen til tenarane: ‘Bind hendene og føtene hans og kast han ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner!’ (Matt 22,13)

og ikkje på nokon måte lèt dykk skremma av motstandarane. Dette er eit teikn frå Gud, eit teikn som varslar fortaping for dei, men frelse for dykk (Fil 1,28)

Mange lever som fiendar av Kristi kross. Fortaping blir utgangen deira, magen er guden deira, i skam set dei si ære, og dei søkjer berre det jordiske. (Fil 3,18-19)

Han kjem med sine mektige englar i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium. Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt, (2 Tess 1,7-9)

Legg merke til orda som blir brukt om fortapinga: kasta utanfor, i mørkret, borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom. Fortapinga er med andre ord å bli utestengd frå fellesskapet med Gud og hans folk. Det store spørsmålet er om denne utestenginga er endeleg eller om dei ekskluderte kan bli inkluderte att? Er det slik at somme menneske aldri vil sjå Guds gode plan for dei fullført, men måtta lida evig fortaping bort frå samfunnet med Gud? Kva vil denne eventuelle evige utestenginga innebera?

Vil alle bli frelste til slutt?

Apostelen Paulus seier at Gud vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna (1 Tim 2,4) og apostelen Peter seier at Gud ikkje vil at nokon skal gå tapt, men at alle skal koma fram til omvending (2 Peter 3,9). Trass i at Guds gode og kjærlege vilje er å frelsa alle, lærer Bibelen oss at det finst ei fortaping for dei som har stått Gud i mot.

Teologane er likevel ikkje samde i kor alvorleg eller evigvarande fortapinga er. Nokre vil seia at Guds fordømming eller utestenging er meint å vera frelsande og at ho difor ikkje er endeleg. Tanken er at utestenginga har ein oppdragande verknad og er tidsavgrensa. Til slutt vil Gud frelsa og samla alle menneske inn i det evige samfunnet. Denne læra går under namnet universalisme. Andre tek tak i det Peter sa om at alle ting skal gjenreisast (Apgj 3,21) og forstår det slik at til slutt vil alle menneske bli gjenreist til samfunn med Gud.

Den kjende kyrkjefaderen Origen (185-254) var ein varm tilhengjar av universalismen og trudde at til slutt ville også Satan bli gjenreist og få del i den evige gleda i samfunnet med Gud. Alle vil bli frelst, argumenterte Origen, på grunn av den oppståtte Jesu Kristi forsonande makt, slik at Guds kjærleik til slutt vinn over all motstand frå skapningane. Kyrkja forkasta Origen si universalisme, men i seinare tider har denne læra funne ny støtte hjå liberale teologar.

Grunnlaget for tanken om at alle skal bli frelste

Dei fleste evangeliske kristne finn det vanskeleg å forstå, at nokon som tek Bibelen på alvor, kan tru at alle skal bli frelste og gjenreiste til samfunn og fellesskap med Gud. Men dei som tru at alle skal bli frelste gir mange ulike grunnar for trua si. Dei finn støtte for denne tanken gjennom teologiske, bibelske og pastorale vurderingar.

Kjærleiken trumfar alt

Kjernen i dei teologiske vurderingane, som ligg bak tanken om at alle vil bli frelste, er for det første at Gud er kjærleik. Tanken er, at Guds kjærleik er så sterk, suveren og uthaldande, at han ikkje gir opp før han har ført alle fram til frelse. Den kjærlege, tolmodige og langmodige Gud vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal læra sanninga å kjenna, kunne ikkje finna glede i at somme menneske skulle pinast i helvete i all æve. Ingen kjem unna Guds store kjærleik som trumfar alt. Origen sa at jamvel om det var nødvendig å skapa mange univers som vårt, ville Guds kjærleik gjera det for at djevelen skulle gje etter og bøya seg for kjærleiken hans.

Dei finn eit bibelsk grunnlag for tanken, om at kjærleiken trumfar alt og vil føra til at alle blir frelse, fleire stader i Det nye testamentet.  For det første, 1 Tim 2,4; 4,10; 2 Pet 3,9, at Gud vil at alle skal bli frelste. For det andre, 2 Kor 5,19; Titus 2,11; Hebr 2,9; 1 Joh 2,2, at Kristi forsoningsverk omfattar alle. For det tredje, Joh 12,32; Ef 1,10; Kol 1,16-23, at heile skaparverket skal nå si fullending i Kristus. For det fjerde, Apgj 3,19-21; Fil 2,9-11, at alt skal gjenreisast og alle vedkjenna at Jesus Kristus er Herre.

Kristus triumferte over døden og dei vonde maktene

Kjernen i dei andre teologiske vurderingane, som ligg bak tanken om at alle skal bli frelste, er læra i Det nye testamentet at Jesus gjennom sin død, oppstode og himmelfart har triumfert over synd, død og alle fiendar og har blitt gjort til Herre over alt. Om han er Herre over alt og alle, kan det ikkje vera nokon stad kor herredømmet hans ikkje gjeld og det kan ikkje vera nokon plass der ikkje hans sonande død for synd og triumf over maktene ikkje gjeld.

Det bibelske grunnlaget for desse tankane finn dei for det første i Rom 5,12-21. Her samanliknar Paulus Adam si synd, som førte til død og fordømming av alle menneske, med Jesu Kristi lydnad og rettferdige gjerning som førte til liv og frikjenning for alle menneske. For det andre bruker dei også 1 Kor 15,20-26 som understreker Jesu Kristi triumf over døden. Liksom alle menneske døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

Pastoral omsorg for dei som ikkje har høyrd evangeliet

Kjernen i denne omsorga er at dei finn det uforståeleg, at dei vala menneske gjer i sitt jordiske liv kan avgjera om dei skal vera evig borte frå Gud, når så mange menneske ikkje har høyrd eller har teke imot evangeliet i dette livet. Desse teologane trur at Gud i det neste livet vil halda fram med å dra alle menneske til seg, heilt til alle tek imot innbydinga til å ta del i festen i den nye verda som Gud skaper.

Motforestillingar

Det er vanskeleg å sjå at tanken om at alle skal bli frelste er ei sunn bibelsk forståing, for det er summen av Guds ord som er sanning. Det er heller ikkje teologisk nødvendig å tenkja at alle skal bli frelste, jamvel om vi trur at Gud er kjærleik. Vi skal seinare sjå nærare på det Bibelen seier om fortapinga og då vil vi få ei meir balansert bibelsk forståing.

Det er verdt å merka seg at så godt som alle bibelorda, som blir brukt for å fremja tanken om at alle skal bli frelste, står i ein samanheng der det blir understreka at tru og omvending er nødvendig for å oppleva frelse. Vi vil også peika på at det er ein tendens til å lesa ting inn i tekstane som ikkje er der og trekkja konklusjonar som går ut over det Ordet seier.

Universalistane teiknar også eit forenkla bilete av Gud. Dei tek ikkje på alvor dei begrensingane Gud har lagt på seg sjølv, då han skapte menneske med vilje til å velja. Dei tek heller ikkje på alvor det Bibelen viser oss at Gud har gjort seg sårbar. Dei er altfor optimistiske i si forståing av Guds evige dom. Gud er kjærleik og tvingar ikkje sin vilje på nokon som ikkje vil ta imot. Ekte kjærleik kan berre eksistera mellom personar som av fri vilje vel å elska og elska tilbake. Det er meiningslaust å seia at kjærleiken trumfar alt når det inneber at ein ikkje tek folk sine eigne val på alvor.

Universalistane tek heller ikkje inn over seg at dommen er den endelege avsløringa og vurderinga av våre liv og haldningar på jorda, og ikkje ein inngang til Guds evige kjærleik. Dersom gjerningane og haldningane våre ikkje var i samsvar med Guds kjærleik og vi valde å vera fiendar av Gud her i livet, vil det koma fram i lyset på dommedag og vi må ta konsekvensane av det.

Vil dei fortapte bli utsletta og slutta å eksistera?

Nokre av dei teologiske vurderingane som førte til tanken at til slutt skal alle bli frelste, førte også til ein annan tanke. Nemleg det at fortapinga inneber ei utsletting og at personen sluttar å eksistera. Begge desse syna slit med å tru på tanken om evig pine for dei fortapte og difor søkjer dei etter andre forklaringar. Dei som trur på utsletting er ikkje så optimistiske som univeraslistane er, men godtar at mange vil for alltid gå fortapt og bli utsletta.

Dette synet, som blir kalla for annihilasjonslæra (annihilasjon = utsletting, å bli gjort til inkjes) er eit forholdsvis nytt syn i kyrkjesoga, der Adventistane og Jehovas Vitne er dei fremste i kampen for dette synet. I den seinare tid har også nokre evangeliske teologar slutta seg til synet om at dei fortapte blir utsletta.

Det store fleirtalet av kristne forkastar også dette synet. Difor bruker tilhengjarane ofte mykje tid på å forklara kvifor det finn det tradisjonelle synet på fortapinga vanskeleg. Dei bruker også ofte mange av same argumenta som universalistane gjer. Dei finn eit hemnmotiv i tanken om evig pine som dei ikkje får til å samsvara med Guds kjærleik openberra i Jesus Kristus. Om Gud sender somme folk til helvete, strir det mot hans godleik og ei kjensle av rettferd, argumenterer dei. Dei seier også at om folk er i helvete i all æva så er det ein metafysisk dualisme i æva som strir både mot Jesu Kristi triumf og Guds plan om å forsona og samla alle ting i Kristus så Gud kan vera alt i alle.

Dei som trur på utsletting seier også at tanken om evig medviten straff kjem av den greske tanken om at sjela er udøyeleg. Dei påstår at den bibelske forståinga er at menneska har ein vilkårleg udøyelegdom: Vi må få udøyelegdom frå Gud ved å få del i oppstoda. Dei finn støtte i Det gamle testamentet for synet om at dei gudlause vil bli utrydda og fullstendig øydelagde (Sal 37, Mal 4,1-3). Dei seier at desse tankane ligg til grunn for Jesu undervisning når han bruker liknande bilete for å skildra korleis dei vonde vil bli kasta på søppelhaugen i gehenna (Matt 5,30) der dei vil brenna opp (Matt 3,10-12; 13,30-52; og både kropp og sjel vil bli utsletta (Matt 10,28).

Dei vil også visa til liknande ord og vendingar hjå apostlane. Paulus seier at synda si lønn er død (Rom 1,32; 6,23) og øydelegging (1 Kor 3,17, Fil 1,28; 3,19). Peter seier noko liknande (2 Pet 2,1-3; 3,7; sjå også Hebr 10,39), og samanliknar øydelegginga av dei gudlause med øydelegginga av Sodoma og Gommora (2 Pet 2,6; sjå også Judas 7) og flaumen (2 Pet 3,6-7). Johannes seier også at dei som ikkje er oppskrivne i livsens bok blir kasta i eldsjøen, som er den andre døden (Op 20,14-15).

Tilhengarane av utsletting innser også at Det nye testamentet seier at pina til dei gudlause er evig, men dei seier at vi ikkje må møta slike tekstar med ei forståing av at sjela er udøyeleg. Dei vil heller seia at straffa er evig i den forstand at ho er endeleg, dei gudlause blir utsletta og kan ikkje få liv att. Evig er då forstått som resultatet av dommen og ikkje at straffa pågår i det uendelege.

Motforestillingar

Ordet “evig” er ein Akilles hæl for dei som trur at fortapinga er ei utsletting av dei gudlause for fortolkingane deira fører til inkonsekvens i bruk av dette ordet. Fleire plassar handlar ordet “evig” både om gleda til dei rettferdige og straffa for dei vonde (Matt 25,46). Vidare finn vi, at fordi Bibelen seier at Satan får same lagnad som dei gudlause, så fører trua på utsletting til den konklusjonen at ikkje berre dei gudlause blir utsletta, men at også djevelen og all hans vonde åndehær sluttar å eksistera. Dette synest å strida mot det demonane venta seg, for dei venta på ei tid med pine (Matt 8,29; Mark 5,7; sjå også Op 14,10; 18,7-8).

Tanken om at Satan berre skal utslettast saman med dei han heldt i trelldom, er også vanskeleg på andre måtar. Fleire tekstar i Det nye testamentet tyder på at dei gudlause vil få ulik grad av straff. Det blir venta meir av den som har fått mykje, medan andre vil sleppa lettare (Matt 10,15; 11,20-24; Luk 12,47-48). Dei som trur på utsletting, ventar berre ei endeleg straff for gudlause menneske og  alle Guds fiendar: inga eksistens. Denne tanken strir både mot Jesu lære og vanleg rettferdsans.

Trua på utsletting er eigentleg ei altfor lettvindt løysing på ein svært vanskeleg og komplekst realitet, som fører til nye teologiske utfordringar. Alle menneske er skapt i Guds bilete til samfunn og fellesskap med Gud, og det å berre slutta å vera til er for lettvindt ,når vi ser på alvoret i dei vala vi tek i livet når vi forkastar Guds kjærlege innbyding til frelse og fellesskap gjennom Jesus Kristus. Kan vi så lett sleppa unna konsekvensane av å velja bort fellesskapet med Gud? Korleis kan nokon slettast ut for alltid, dersom ingen kan rømma frå Gud, sidan Gud er overalt, – til og med i døden og bak døden?

Det er også vanskeleg å sjå at denne læra verkeleg løyser det problemet, som førte til at dei, som trur på utsletting, forkasta det tradisjonelle synet på fortapinga. Å slutta å eksistera for all æve er ein like permanent konsekvens som evig pine. Slik sett burde læra om utsletting som straff for handlingar i dette livet, også vera anstøyteleg for menneske.

Her må vi peika på at synet om utsletting fell saman med det tradisjonelle synet på fortapinga på eit punkt i motsetnad til universalismen: dei urettferdige får ei evig straff. Tilhengjarane av utsletting finn det berre vanskeleg at dei urettferdige får ei evig medviten straff. Dei føler at evig utsletting er ei straff som meir samsvarer med ein nådig Gud.

Universalistane og annihilasjonalistane har vanskar med å tru på dei detaljerte framstillingane om fortapinga som tradisjonelt har vore vanleg blant kristne.  Særleg vil annihilasjonalistane åtvara oss mot å bruka jordiske bilete for å skildra den evige tilstanden, både når det gjeld den evige gleda til dei frelste og straffa til dei urettferdige. Utfordringa vår er å ta på alvor den bibelske språkbruken og framstillinga, samstundes som vi er varsame når vi skal setja ord på evige realitetar som høyrer framtida til og no ligg bortanfor vår røyndom.

Kva seier Bibelen om helvete?

Det norske ordet «helvete» kjem frå norrønt Hel (dødsriket) og viti ('straff'). Der eit religiøst omgrep brukt om ein stad eller tilstand fylt av smerte og liding. I våre norske biblar er ordet dødsriket,  brukt oftare enn ordet helvete og er ikkje det same. Dødsriket må forståast som staden der dei døde er, medan helvete peikar mot staden for evig straff etter oppstoda. Gjennom heile kyrkjesoga har det mellom kristne menneske vore ei tru på at den endelege dommen kan få to utgangar: Dei rettferdige vil få nyta Guds glede og dei urettferdige vil få evig straff borte frå samfunnet med skaparen. Dei som vender om frå synd og trur på Jesu Kristi sonande død vil få del i evig frelse, medan dei som held fram i sine synder vil gå evig fortapt.

Jesus åtvara om helvete

Det er vanskeleg å lesa Det nye testamentet utan å konkludera med at livet har to utgangar. Jesus talte mange gonger om desse to utgangane på livet og han åtvara tydeleg om helvete:

Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete (Matt 10,28)

Menneskesonen skal senda ut englane sine, og dei skal sanka saman og ta ut av riket hans alt som fører til fall, og alle som gjer urett, og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner. Då skal dei rettferdige skina som sola i sin Fars rike. Den som har øyre, høyr! (Matt 13,41-43)

Slik skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige og kasta dei i eldomnen, der dei græt og skjer tenner. (Matt 13,49-50).

Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv. (Matt 25,46)

Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode , skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. (Joh 5,29)

Apostlane si undervisning er klart i samsvar med det Jesus lærte:

Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt, den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. (2 Tess 1,9-10)

Ein tredje engel følgde etter dei og ropa med høg røyst: «Den som tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa, skal drikka av Guds vreidevin som er skjenkt ublanda i hans harmes skål, og pinast med eld og svovel for auga på dei heilage englane og Lammet. Røyken frå pina deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, desse som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet til dyret som merke.» Her må dei heilage halda ut, dei som held seg til Guds bod og trua på Jesus. Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som heretter døyr i Herren. Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira følgjer med dei.» (Op 14,9-13)

Evig dom og fortaping er omtalt fleire andre stader i Bibelen. Vi har teke med desse fordi dei så klart og tydeleg omtalar dei to ulike utgangane på livet. Både Jesus og apostalane seier at etter dommen ventar det anten evig frelse eller evig fortaping. I tillegg til dei klare utsegna om dei to utgangane på livet, blir denne tanken støtta av teologiske vurderingar.

Teologiske vurderingar

Somme teologar vil seia at to utgangar på livet er ein naturleg konsekvens av at Gud har gjeve mennesket fri vilje, slik at det kan velja om dei vil gje respons til Guds kjærleik eller ikkje. Menneske kan ta imot eller avvisa kallet til omvending og forsoning. Slik menneske kan tru på Jesu forsonande død og ta imot frelse, slik kan også menneske forkasta kallet til å tru og ta imot Guds kjærleik. Når menneske forkastar Guds kjærleik, slik han kjem til uttrykk ved at Jesus Kristus døydde for oss, vel det ei framtid borte frå samfunnet med Gud. Gud tek menneske på alvor og vil ikkje tvinga sin vilje på nokon. Fordi Gud er kjærleik viser han respekt for dei vala menneske tek her i livet.

Denne tankegangen inneber imidlertid, at det å skapa menneske i sitt bilete var eit stort eksperiment frå Guds side. Han ønskjer at menneske av fri vilje skal gje eit gjensvar til hans kjærleik og koma inn i samfunn med han, kvarandre og skaparverket, og bli eit sant bilete av Den treeinige Gud. Dessverre inneber det ønsket også sjanse for å mislukkast i det somme av Guds skapningar for all æva kan velja bort Guds kjærleik. Dei som gjer det vil då aldri bli det Gud hadde tenkt dei skulle bli.

Andre teologar vil understreka at det er vår forståing av Guds kjærleik som er grunnlaget for at livet kan ha to mogelege utgangar. Evig fortaping er difor ikkje noko som strir mot Guds kjærleik, men heller noko som er ei naturleg følgje av at Guds natur som er kjærleik.

Gud er kjærleik og elskar alt han har skapt. Han skapte mennesket i sitt bilete og han skapte oss for samfunn og fellesskap. Han ønskjer at menneske skal ta imot og leva i hans kjærleik. Gud er den evige elskar, men vi må ikkje forveksla hans kjærleik med sentimentalitet. Guds kjærleik har også ei mørk side. Dei som forkastar eller prøver å øydeleggja den heilage kjærleiksrelasjonen, som Gud ønskjer å ha med menneska, vil få oppleva denne kjærleiken som vernande sjalusi eller vreide. Fordi Gud er evig, vil vår oppleving av Guds kjærleik, anten som fellesskap eller som vreide, vera evig. Slik dei rettferdige vil nyta evig glede i samfunn med Gud, vil også dei som vender ryggen til Guds kjærleik evig oppleva hans heilage kjærleik, men for dei er denne opplevinga helvete.

Fortapinga inneber at dei fortapte har stengd seg ute frå fellesskapet med Gud for alltid. Dei har stengd seg ute frå nådens fellesskap og med sine medmenneske i det evige Guds folk. Dei har faktisk stengd seg ute frå Guds kjærlege omsorg. Dette skal vi no sjå djupare inn i.

Helvete – ein tragisk lagnad

Bibelen har vist oss at livet har to ulike evige utgangar: Evig glede i samfunnet med Gud eller evig fortaping. Denne evige fortapinga kallar vi for helvete. Det er ein tragisk lagnad og ein mislukka ende på eit menneskeliv.

Når Jesus talte om denne tragiske lagnaden brukte han ofte ordet “Gehenna,” som kjem av det hebraiske “ge Hinnom”, som var ein var ein dal sørvest for Jerusalem. Her ofra dei vonde kongane Ahas og Manasse sønnene sine til avguden Molok (2 Kong 16,3; 21,6; 2 Krøn 28,3; 33,6). Difor vart denne plassen eit symbol på den verste vondskapen. Etter kvart brukte profetane denne plassen som eit symbol på den komande dommen og straffa over vondskapen (Esek 16,20; Jer 7,31-32; 19,6-7). På nytestamentleg tid var Gehenna ein søppel plass og gravplass for kriminelle. Frå denne plassen utanfor Jerusalem steig røyken opp frå det brennande søppelet dag og natt. Gehenna (helvete) vart difor ein passande metafor for lagnaden til dei fortapte:

skuldig til helvetes eld (Matt 5,22)

Det er betre for deg at du mistar ein kroppsdel enn at heile kroppen kjem i helvete. (Matt 5,29,30)

Frykt heller han som kan øydeleggja både sjel og kropp i helvete. (Matt 10,28)

Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld. (Matt 18,9)

Korleis kan de rømma unna dommen til helvete? (Matt 23,33)

der makken deira aldri døyr og elden ikkje sloknar. (sjå Mark 9,43-48)

Det finst også fleire plassar i Det nye testamentet med referansar til evig straff med eld der ordet Gehenna eller helvete ikkje er nemnd.

Å gå fortapt blir ofte i Det nye testamentet skildra som å bli vist bort, bli avvist, bli utestengd frå eller skild frå samfunnet med Gud. Jesus åtvara om dette fleire gonger. Ha sa at i dommen ville han måtta seia til folk: “Eg har aldri kjent dokker. Gå bort frå meg, dokker som gjer urett!” (Matt 7,23). Dei som ikkje har teke seg av dei fattige eller synt omsorg for andre menneske i naud, vil få høyra desse orda: “Gå bort frå meg, dokker som er forbanna, til den evige elden” (Matt 25,41). I likninga om dei ti brurejentene skildrar han fortapinga som ei utestenging, det å koma til ei stengd dør og ikkje få koma inn til festen innanfor (Matt 25,1-13). I likninga om talentane blir den late og duglause tenaren kasta ut i mørkret, der dei græt og skjer tenner (Matt 25,30). Apostelen Paulus gjer også bruk at dette biletet om utestenging når han seier:

Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt (2 Tess 1,9).

I Openberringsboka skildrar apostelen Johannes korleis dei frelste skal få nyta gleda og samfunnet i Guds heilage by, det nye Jerusalem, medan dei urettferdige og avgudsdyrkarane skal vera utestengde:

Men noko ureint skla aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet. (Op 21,27)

Men utanfor er hundane og dei som fer med trolldom, og dei som driv hor, mordarane, avgudsdyrkarane og alle som elskar løgn og taler løgn (Op 22,15)

Konsekvensane av utestenginga frå det evige samfunnet med Gud blir skildra med mange ulike bilete frå forferdelege ting som kan opplevast på jorda:

Der skal dei pinast dag og natt i all æve (Op 20,10)

mørkret utanfor (Matt 8:12)

der dei græt og skjer tenner (Matt 22,13)

den evige elden (Matt 18,8; Judas 7)

helvetes eld (Matt 18,9)

eldsjøen er den andre døden (Op 20,14)

Alt som blir sagt om det å bli utestengd og for evig å stå utanfor er skildra i negative vendingar, medan det å vera innafor og få del i det evige samfunnet med Gud er skildra i positive ord.

Dei bibelske metaforane om fortapinga viser oss at det er å vera fullstendig mislukka. Helvete er den tragiske konsekvensen av å nekta å leva i samsvar med Guds plan og meining for oss. Når dei græt og skjer tenner i mørkret utanfor, er det eit uttrykk for ei tragiske kjensle av å ha bomma på målet, å ha levd feil og mislukkast i å nå det vedunderlege målet Gud hadde for dei. Den evige dommen vil visa at det er ein avgrunn mellom deira personlege forteljingar og den herlege planen Gud hadde for dei.

Difor er det ikkje underleg at helvete blir skildra som ein plass med evig eld. Vi treng ikkje ta dette bokstaveleg, men kan forstå det som ein metafor. Det er eit bilete på den fortærande smerta når ein oppdagar at ein har investert heile livet i noko som er timeleg og forgjengeleg i staden for i noko som er uforgjengeleg og evig (sjå Luk 12,13-21; Matt 6,19-20). Når det jordiske livet er over og æva har kome, finst det ikkje lenger høve til å endra retning eller lagnad. Eit menneskeliv som endar i fortapinga, vil brenna i skuld, skam og anger utan håp om endring av denne tragiske og mislukka lagnaden.

Helvete er ikkje berre ei fortærande smerte i å vera mislukka, men også smerta i å vera totalt isolert. Gud skapte menneske som sosiale skapningar for fellesskap med Skaparen, med kvarandre og med skaparverket. Å gå fortapt innber å ha valt seg bort frå meininga med det å vera menneske. Å gå fortapt er å bli isolert frå det fellesskapet vi var skapt for. Vi vart skapt til fellesskap med Gud, til fellesskap med kvarandre, og eit liv under Guds kjærlege omsorg og leiing. I staden for å leva i fellesskap med Gud i lydnad til hans vilje og i tru og tillit til hans kjærleik og nåde, har dei fortapte vend ryggen til Gud og gjort ting på sin eigen måte. Fordi dei synda og dermed bomma på målet, vil dei i livet etter døden for alltid vera isolert, utestengd frå det fellesskapet dei var skapt for. Mangel på fellesskap vil i den evige isolasjonen brenna i dei som ein fortærande eld.

Openberringsboka omtaler dette som “den andre døden.” Denne døden er ikkje ein fysisk død, men det endelege skiljet frå fellesskap med Gud. Dei fortapte vil oppleva helvete som ei endeleg og forferdeleg frammandgjering, ei djup fortærande einsemnd i det store mørkret utanfor. Utestengd frå det lukkelege tilværet dei frelste har i samfunnet med Gud, er dei urettferdige innestengd i seg sjølv og det djupaste mørkret.

Vi må ikkje førestella oss helvete som ein plass der Satan rår og piner folk, slik folketrua ofte gjer. Om det var slik, ville helvete ikkje berre vera “himmel” for djevelen, men også for dei urettferdige. Kva ville vera meir ønskjeleg for dei som har brukt heile livet på å unngå eller flykta frå Gud, enn å få ønsket sitt oppfylt etter døden? Helvete er ikkje fridom frå Guds kjærleik, men ei oppleving av den mørke sida av denne kjærleiken, som er brennande sjalusi og vreide.

Som den evige elskar, vil Gud aldri slutta å elska menneskeslekta, heller ikkje dei som har vendt han ryggen. Etter dommen vil dei urettferdige framleis vera omfatta av Guds kjærleik. Men dei vil oppleva hans kjærleik som vreide, fordi dei øydela den pakt- og kjærleiksrelasjonen Gud ønskte å ha til sine skapningar. Difor er det slik at dei som forkasta Guds forsonande kjærleik i dette livet, får kjenna denne kjærleiken som vreide i æva. Dette er helvete.

Bibelen er klar i si framstilling om både det lukkelege livet etter oppstoda og den forferdelege lagnaden som dei som forkastar Guds kjærleik får del i. Det viktig å ta med i avslutningen av dette kapitlet at Gud ikkje finn glede i at folk går fortapt (Esek 18,23), heller ikkje vil han at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending og frelse (2 Pet 3,9). Gud er framleis tolmodig med menneska og sender ordet om frelse til folk og nasjonar. Vi, som trur på Jesu og apostlane si undervisning om himmel og helvete, må bruka tida til å forkynna evangeliet om Guds rike heilt til Jesus kjem tilbake.

Tekst: Erling Thu

(Denne teksten er henta frå eit manus til boka: Eskatologi – Framtid og håp i lys av Guds rike. Eg voner at boka kjem ut i 2018.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading