Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
Skal Israel seia,
Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,
Men dei har ikkje vunne over meg.
På ryggen min har plogmenn pløgd
Og drege lange fôrer.
Men Herren er rettferdig,
Reipa til dei rettferdige har han hogge av. (Sal 129,1-4)
Heilt frå min ungdom, då namnet mitt var Jakob, har eg vorte plaga. På den tida tok eg ofte skeia i mi eiga hand og gjorde som eg ville. Eg hadde ikkje tid til å venta på Gud. Eg prøvde å oppfylla lovnadene sjølv. Eg kjende til dei profetiske lovnadene, men det skjedde ingenting. Eg trur ikkje eg tenkte at eg skulle hjelpa Gud med å oppfylla lovnadene. Eg ville berre hjelpa meg sjølv inn i alt det Gud hadde lova.
Eg trudde eg var gudsentrert, men eg var eigentleg berre oppteken av meg sjølv og alt eg skulle få del i. Å sjå Ordet oppfylt og etterlevd i mitt liv vart viktigare enn å sjå menneska rundt meg. I mitt jag, etter det eg trudde var Guds vilje, gjekk eg som me seier over lik. Eg såg ikkje at eg gjorde urett og såra sysken i mitt strev etter ”Gud”.