Dei har ikkje vunne over meg!

Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,

Skal Israel seia,

Hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,

Men dei har ikkje vunne over meg.

På ryggen min har plogmenn pløgd

Og drege lange fôrer.

Men Herren er rettferdig,

Reipa til dei rettferdige har han hogge av. (Sal 129,1-4)

Heilt frå min ungdom, då namnet mitt var Jakob, har eg vorte plaga. På den tida tok eg ofte skeia i mi eiga hand og gjorde som eg ville. Eg hadde ikkje tid til å venta på Gud. Eg prøvde å oppfylla lovnadene sjølv. Eg kjende til dei profetiske lovnadene, men det skjedde ingenting. Eg trur ikkje eg tenkte at eg skulle hjelpa Gud med å oppfylla lovnadene. Eg ville berre hjelpa meg sjølv inn i alt det Gud hadde lova.

Eg trudde eg var gudsentrert, men eg var eigentleg berre oppteken av meg sjølv og alt eg skulle få del i. Å sjå Ordet oppfylt og etterlevd i mitt liv vart viktigare enn å sjå menneska rundt meg. I mitt jag, etter det eg trudde var Guds vilje, gjekk eg som me seier over lik. Eg såg ikkje at eg gjorde urett og såra sysken i mitt strev etter ”Gud”.

Så møtte eg meg sjølv i døra. Eg møtte meg sjølv i ein som var lurare enn meg. Eg fekk smaka min eigen medisin. Då eg skalv av redsle for det oppgjeret, som eg såg måtte koma, kom ein ukjend meg i møte. Eg sloss lenge med denne ukjende. Det gjorde vondt. Eg vart såra djupt inn i sjela. Men eg vann, for audmjukt gråt eg og bad om nåde! Då såg eg Gud andlet til andlet, og endå berga eg livet. Eg fekk eg eit nytt namn. Jakob vart til Israel. Luringen vart Guds fyrste, ein som er styrt av Gud.

Så møtte eg Gud, i han eg hadde gjort urett mot. Då eg stod andlet til andlet til bror min, såg eg Guds nåde i dei smilande auga hans. Eg møtte velvilje og forsoning i staden for hat eller hemn og fordømming. Han var så vennleg mot meg at eg såg Guds eige andlet i bror min. Eg hadde ein plan for å kunna blidgjera bror min, men Gud kom meg i forkjøpet. Gud skapte forsoning medan eg endå heldt på med eigne strevsame planar. I min iver har eg ofte sprunge føre Gud og då har ting vorte innvikla og vanskeleg. Kor forunderleg enkelt livet er når eg får gå i dei gode gjerningane som Gud på førehand har lagt ferdige for meg.

Sjølv om eg no ber namnet Israel, må eg likevel seia: Heile livet har eg vorte plaga, pløgd og riven i filler. Frå ungdom til alderdom har motstand og fordømming såra meg djupt i hjartet. Eg har nok fortent det. Eg har meg sjølv å takka. Men likevel er det ikkje ute med meg. Eg er framleis her. Fordømmarane har ikkje vunne over meg.

Det er heilt ufortent, men Gud har vist meg velvilje. Det er det me kallar nåde, berre nåde! Han er god uansett kva eg møter og kva eg gjer. Gud er trufast jamvel om eg sviktar. Herren er rettferdig og gjev meg del i si rettferd. Jesu Kristi blod bryt sund dei fordømmande banda klagaren prøver å binda meg med. Skuldingane mot meg fell som rotne reip til jorda. Den rettferdige Gud frikjenner meg. Kven kan då fordømma? Sonofferet dekkjer over alle feilsteg og all mi skuld. Difor kan eg seia:

Dei vonde maktene har plaga og pløgd meg. Dei har kravt å få sikta meg som kveite, men Herren bad for meg at trua ikkje skulle svikta. Difor har dei ikkje vunne over meg. Takk Jesus!

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading