Eg roper det ut med takk i hjartet. Eg seier det med stor glede. Hadde ikkje Herren vore med oss, hadde det vore ute med oss. Hadde ikkje Herren vore med då menneske reiste seg mot oss, så hadde dei slukt oss levande då vreiden deira flamma opp. Hadde ikkje Herren vore med då fordømming og forbanning skylte over oss, så hadde det veldige vatnet strøymt over oss og skylt oss bort for alltid. Hadde ikkje Gud vore nådig og vist miskunn, så hadde me enda i det djupaste mørker.
Velsigna er Herren som viser nåde til dei som audmjuker seg. Velsigna er Herren som aldri sviktar meg og ikkje går frå meg! Velsigna er Herren som let sin trufaste kjærleik omfamna meg, jamvel når eg gjer feil og kjem til kort. Velsigna er Herren som tilgjev og gjenreiser. Velsigna er Herren som ikkje gav meg til eit rov for dei som ville ha hemn. Velsigna er Herren som skaper forsoning mellom menneske som har såra kvarandre. Velsigna er Herren som tek bort fiendskap og skaper vennskap. Velsigna er Herren som lækjer brotne relasjonar.
Velsigna er Herren som set meg fri frå jegerens snare. Velsigna er Herren som gjer meg fri som fuglen. Velsigna er Herren som såg meg då eg sat fast i mitt eige hovmod. Velsigna er Herren som sette meg fri frå mitt eige falske sjølvbilete av rettferd. Velsigna er Herren som audmjuka meg og let meg finna fridom i tilgjeving og forsoning.
Hadde ikkje Herren miskunna seg og vore med, så hadde eg ikkje hatt noka framtid. Hadde ikkje Herren vore trufast, så hadde han sleppt meg og late meg gå min eigen veg som alltid endar i øydelegging. Hadde ikkje Herren vore nådig, så hadde eg døydd i mine synder. Eg fortener det ikkje, eg kan knapt fatta det, men eg får tru at Herren er med. Trass i all min uforstand, trass i det harde hjartet mitt, har han miskunna seg over meg.
Velsigna er Herren som skapte himmel og jord! Velsigna er Herren som er min hjelpar. Velsigna er Herren som er min frelsar. Velsigna er Herren som er min bergingsmann. Velsigna er Herren som er min utfriar!
(Denne teksten byggjer på Salme 124 som eg bønnelas i dag)
Leave a Reply