Tanken om Guds rike er ein av dei viktigaste elementa i Israels tru. Dei var utvalde til å vera eit kongerike av prestar, så dei kunne vera Guds demonstrasjonsfolk, for å føra folkeslag til tru og lydnad (sjå 2 Mos 19,6; 1 Kong 8,43-60; Rom 1,1-5). Gong på gong vart Guds kongevelde synleggjort og demonstrert i Israels historie. Det profetiske håpet vart knytt til desse demonstrasjonane av Guds rike mellom dei. Det ser vi mellom anna i måten dei tolka utgangen frå Egypt på: Då Israel drog ut frå Egypt, vart dei hans rike (Sal 114,1-2). Då song Moses og israelittane: Herren er konge til evig tid! (2 Mos 15,18). Gjennom Guds frelsande gjerning såg dei hans kongevelde. Med skremmande storverk sette han folket fri og viste seg som konge. Då Gud gjorde pakt med dei ved Sinai og stadfesta at dei var Guds kostelege eigedomsfolk, stod han fram som konge mellom dei (5 Mos 33,5). Hans kongerike i Israel skulle både vera ein demonstrasjon av hans rike og eit utgangspunkt for hans kongevelde over heile verda.
Josvaboka fortel korleis Israel tok det lova landet i eige. Dommarboka fortel korleis den neste generasjonen i Israelsfolket gløymde Guds gjerningar og vart påverka av innbyggjarane i landet. I dommartida vende Israelsfolket seg gong på gong bort frå Gud. Kva gong fekk det katastrofale følgjer, men så ropte dei på Gud på ny. Han miskunna seg over dei og sende dei bergingsmenn. Profeten Samuel gjorde Israel til eit kongedømme. Gullalderen i Israels historie er den tida då David og Salomo var kongar. Dei rådde over heile det landområdet som Gud hadde lova Abraham ((1 Kong 4,21; 2 Krøn 9,26), og folket var tallaust som sanden på stranda og stjernene på himmelen. Konge- og krønikebøkene fortel historia fram til bortføringa til Babylon. Denne perioden veksla mellom gode og dårlege kongar, mellom fråfall og åndeleg fornying. Dei fleste profetane stod fram i denne tida. Dei refsa kongane og folket for deira fråfall og forkynte Guds dom over eit trassig og ulydig folk.
Først og fremst forkynte profetane om ein komande Messias, ein frelsarkonge, og om Guds rike som ville koma i makt og herlegdom med frelse og utfriing til Guds folk. Dei forkynte at Gud skulle gripa inn i historia, frelsa folket sitt og syna herlegdomen sin. Dom og frelse skulle gå hand i hand og laga eit skilje mellom menneska. Dette skiljet skulle til og med gå gjennom Guds folk, for dei rettferdige ville bli skilt ut frå dei fråfalne og gudlause. Profetane si forkynning var ei formaning til dei trufaste om å halda fast ved Guds pakt og lovnader medan dei måtte tola forfølging og motstand, den korte tida djevelen tilsynelatande hadde overtaket i verda. Den profetiske bodskapen var også ei sterk åtvaring om ein ventande dom over dei gudlause nasjonane og dei fråfalne israelittane. Denne dommen ville koma når Guds rike hadde kome og gjort ende på dei andre rika.
Leave a Reply