Parallelt med trua på at Gud har vorte Israels konge, ved den pakta han gjorde med dei, finn vi trua på at Gud frå æva av er konge over heile verda. Himmel og jord er skapt av Gud og han er ikkje berre konge i Israel, men konge over alle folkeslaga. Han er Herren Allhærs Gud og herskar over heile sitt skaparverk. Herren over alle dei himmelske hærskarane har reist sin kongstol i himmelen og rår over heile skaparverket:
Herren har reist si trone i himmelen, han rår som konge over alt. (Sal 103,19)
Herren er konge til evig tid, (Sal 10,16)
Herren er konge! Han har kledd seg i høgd, Herren har kledd seg i kraft og spent beltet om livet. Verda står fast, ho skal ikkje rokkast. Di trone står fast frå gammal tid, du er til frå æve. (Sal 93,1-2)
Deg, Herre, høyrer stordom til og makt, herlegdom, ære og majestet, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd som overhovud over alt. (1 Krøn 29,11)
Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt (Sal 145,13).
Lovsongen til Herren, “den store Kongen over heile jorda” ljomar med stor styrke frå Israels rike salmeskatt. Salme 145 er eit godt døme på denne lovprisinga av Guds herlege og universelle kongerike. Fortid, notid og framtid smeltar saman i trua på Guds kongevelde. Trua på Guds evige og urokkelege kongemakt over heile skaparverket er sjølve grunnfjellet i Israels gudstru. Denne openberringa skapar store og lyse visjonar for framtida. Guds himmelske kongsstol er grunnlaget for Israels håp om hans framtidige kongevelde på jorda. Han som har all makt i himmel og på jord, vil ein dag ta denne makta på ein synleg måte og manifestera sitt rike på jorda! Han som frå æva er konge skal også i framtida visa det ved sitt inngrep i historia.
Openberringa av Guds kongemakt gjer at Bibelen er gjennomsyra av ein bodskap om håp. Frå dei første til dei siste sidene i Bibelen strålar håpet fram, trass i alle forteljingane om synd og menneskeleg svikt. Gud er trufast mot si skaparpakt med menneska og resten av skaparverket. I sin trufaste kjærleik og overstrøymande nåde vil han fullføra sin gode plan. Korkje menneske eller demonar kan hindra Gud å gjera det han har sett seg føre å gjera. Om synda er stor, er nåden større. Gud er ein Gud som tilgir og gjenreiser. Den raude tråden i Bibelen er forteljinga om korleis den suverene og allmektige Gud grip inn i historia til frelse for menneske. Bibelen er ein dokumentasjon av Guds frelsande gjerningar i historia.
Leave a Reply