Den pakta Gud ved Moses gjorde med Israelsfolket stadfestar den universelle karakteren i utveljinga og oppdraget deira:
Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg (2 Mos 19,5-6).
Det er interessant å leggja merke til den grunngjevinga Gud gir for utveljinga: “For heile jorda er mi.” Gud har med andre ord utvalt Israel til å vera eit kongerike av prestar for å føra heile menneskeslekta inn i samfunn med seg. Når Jesus snakkar om dette oppdraget, seier han at frelsa kjem frå jødane (Joh 4,22) og Paulus understreker at Guds ord vart tiltrudd dei (Rom 3,2). Israels fekk ei presteteneste som omfatta alle folk på jorda slik også salmisten seier:
Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde, di strålande kongsmakt. (Sal 145,11-12)
I pakta med David blir lovnadene om Guds universelle kongerike stadfesta og konkretisert:
Ditt hus og ditt kongedøme skal stå fast til evig tid for mitt andlet, og din kongsstol skal stå støtt til evig tid. (2 Sam 7,16)
Desse og mange andre lovnader om kongestav og herskarmakt skapte ei forventing i Israelsfolket om Guds universelle kongevelde. Ein gong skal det koma ein konge som skal frigjera heile verda frå synd og urett. Dette var den store draumen som profetane bar på og profeterte om. Litt etter litt og på mange måtar fekk dei innsikt i Guds plan, for Gud gjer ingen ting utan først å openberra sin løynde plan for tenarane sine, profetane (Amos 3,7). Profetane forstod at Gud arbeider i historia etter ein plan som omfattar heile jorda (Jes 14,26-27) og når Herren har ein plan, kven kan hindra han?
Frå opphavet fortel eg slutten, på førehand fortel eg det som ikkje har hendt. Eg seier: «Min plan står fast, alt eg vil, det gjer eg. (Jes 46,10).
Leave a Reply