Month: May 2018

  • Øivind Benestad – Guds tenar

    I dag har eg lyst til å seia nokre gode ord om Øivind Benestad. Han er ein god og trufast Guds tenar som i mange år har kjempa ein viktig kamp for barn og familie. Dessverre har han altfor ofte vorte ståande åleine i det offentlege ordskiftet. Men han har trufast kjempa for barns rett til å ha og kjenna både far og mor. Han har kjempa for den bibelske forståinga av familien der ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne ligg i botn. Eg må seia at eg ser opp til den måten han har stått i denne viktige kampen. Eg beundrar motet og den klåre tanken hans. Den milde og fredsæle framferda hans viser at han er ein sann Jesu Kristi tenar. Han fortener stor heider og ære for den heilhjarta innsatsen han har gjort, og som har kosta han mykje.

    Eg kan ikkje seia at eg kjenner Øivind Benestad for eg har berre møtt han ein gong. Likevel vil eg æra han og lyfta han opp til eit føredøme. Han er ein trufast Guds tenar som står fast på Guds ord uansett kva det kostar han og kva andre måtte meina. Lat oss ta han med i våre bønner og heia på han i desse dagane når politikarane våre gjer vedtak som strir mot Guds ord og barns rettar.

    Eg vil be alle lesa det siste innlegget hans: Familiepolitikk på ville veier

  • A true servant of our Lord Jesus Christ

    In his second letter to Timothy the apostle Paul is giving him instructions on how to be a true servant of Jesus Christ. The life and ministry of a servant of Jesus must not be disgraced. On the contrary he must be a pure container of Christ, fully dedicated to the honourable purposes of his Master, prepared for every good work that He gives him to do.

    (more…)

  • Shalom Israel – 70 years!

    Today we celebrate the modern state Israel. The state was declared 70 years ago: 14th of May 1948. Already in November 1947 the United Nation decided to establish a Jewish state. From the first day it was attacked by the arabs. Egypt, Libanon, Syria, Jordan and Irak went to war against the newly declared Jewish state. 

    Israel is the only democracy in the Middle East. The nation has overcome many struggles and fought many wars to defend themselves. Today the nation is stronger than ever, even still under threath of being attacked and eradicated by its enemies.

    Today we celebrate with the Jewish people that Israel has survived and prospered for seventy years in the midst difficulties. Shalom Israel!

  • Staten Israel feirar 70 år!

    Historia om den moderne staten Israel er eit mirakel. Etter Jerusalems øydelegging i år 70 og fram til 1948 var jødefolket undertrykte i sitt eige land og spreidde for alle vindar. I alle desse åra har det vore jødar buande i landet, men dei har ikkje hatt rett til å styra seg sjølve. Det store fleirtalet av jødar hadde vorte ført bort frå landet sitt. 

    Det var den internasjonale sionist rørsla som sette i gang arbeidet for at jødane på ny skulle få sitt eige land, der dei kom frå og hadde sine historiske røter. Balfourerklæringa i 1917 om eit heimland for jødane i det som vart kalla Palestina opna opp for stor immigrasjon av jødar som kjøpte opp land og busette seg der. Palestina var på den tida under Britisk herredømme. Nazistane sine herjingar i Europa med den forferdelege jødeutryddinga – holocaust – var også medverkande til at FN gjorde 29. november 1947 vedtak om at ein jødisk stat skulle opprettast i Palestina.

    (more…)

  • Det kristne håpet er ikkje eit nytt håp

    Apostelen Paulus gjer det klart at det håpet han ber på, er identisk med Israels profetiske håp:

    For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane, og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde (Apgj 24,14-15).

    Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre, den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg (Apgj 26,6-7).

    For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene (Apgj 28,20).

    Det kristne håpet er difor ikkje eit nytt håp, men ei vidareføring av det håpet som dei herbraiske profetane forkynte. Paulus kalla det for “Israels håp.” Det nye er at dette håpet har begynt å bli verkeleggjort. Israels profetiske håp er ikkje lenger berre framtid, for denne framtida har brote inn i notida. Apostlane forkynte evangeliet om Guds rike, at det som Israel håpa på å sjå oppfylt ein gong i framtida, no er i ferd med å bryta inn i denne tidsalderen. Det store vendepunktet i historia var gjennom det vi kallar Kristushendinga – inkarnasjonen (at Gud vart menneske), Jesu liv, død, oppstode, himmelfart og utrenning av Anden på pinsedag. Frå då av har alle lovnader fått sitt ja og amen i Jesus Kristus ( 2 Kor 1,20).

    (more…)

  • Israels håp er vårt håp

    Bibelen startar med å fortelja at Gud skaper himmel og jord og avsluttar med å fortelja at han gjer alle ting nye. Israels håp for verda og endetida er djupt festa i den progressive openberringa profetane forkynte. Paulus seier at Guds plan starta før verda vart skapt (Ef 1,4). Dei første menneska, Noah, Abraham, Israelsfolket og verdsrika er alle nøkkelpunkt i Guds plan. Frå Første Mosebok og utover i GT ser vi Guds frelseplan utvikla seg i historia om Israel til å omfatta heile menneskeslekta. Det håpet som vaks fram hjå Israelsfolket i Det gamle testamentet finn si oppfylling i Det nye testamentet. Israels håp har vorte det kristne håpet.

    Gjennom Jesu Kristi liv, død, oppstode og himmelfart ser vi eskatologien i eit nytt lys. Forkynninga av evangeliet om Guds rike er godt nytt og sameinar alle folk og nasjonar. I Guds forsamling blir alle menneskelaga skilje brotne ned og menneske av alle rasar, språk og kulturar finn fellesskap og harmoni med kvarandre.

    Endetida handlar ikkje berre om ei overnaturleg eller oversanseleg framtid, men også om dei historiske realitetane som Gud skaper for å føra denne framtida til oss. Dei eskatologiske realitetane gjennomsyrer historia, dei blir gjort synlege i historiske hendingar og formar utviklinga av historia. Profetane tolka historia i lyset frå Guds evige plan. Dei profetiske visjonane om Guds frelseplan ligg til grunn for det vi kallar historisk eskatologi. Forteljingane i Bibelen er skrivne av profetar som ser Guds finger i dei historiske hendingane og difor har håp i det svartaste mørkret.

    Forteljinga om det tragiske syndefallet illustrerer dette. Då dei første menneska hadde synda og gjort opprør mot Guds gode ordning, kom Gud i sin nåde og forkynte det som blir kalla for protoevangeliet: at kvinna si ætt skulle knusa slangen sitt hovud (1 Mos 3,15). Dette er det første profetordet i Bibelen etter syndefallet. I dette ordet ligg frøet og spiren til alle seinare profetiar: Ei åtvaring om kamp og strid, og ein lovnad om full og endeleg siger. Gud seier at han set fiendskap mellom to menneskeslekter, dei som har djevelen til far (Joh 8,44) og dei som har Gud til far, mellom mørkrets barn og lysets barn. Den endelege utgangen på denne striden ville vera avgjort når kvinna si ætt knuser slangen sitt hovud, jamvel om ho må lida. Alle kristne trur at dette ordet peikar fram mot Jesus Kristus som vann over djevelen på krossen. Kampen mellom dei to menneskeslektene vil halda fram til Gud knuser satan under våre føter (Rom 16,20). Gud vil bruka folket sitt til å verkeleggjera sin siger over den vonde i verda. Det er ei lidande forsamling, eit folk som har lært å omfamna korset, Gud vil bruka til å fullføra sine planar i verda. Guds folk vil vinna over djevelen og hans forføringar i kraft av blodet frå Lammet og det Ordet dei vitnar om, når dei ikkje har livet så kjært at dei ikkje vil gå i døden for han (Op 12,11). Det er dei som følgjer Lammet kvar han går som sigrar (Op 14,4). Motgangen kan vera stor, vanskane kan synast uovervinnelege, mørkret kan vera kolsvart, men som kristne har vi håp og trur på siger, for Gud sit på kongsstolen.

    Måten Skrifta brukar innhaldet i 1. Mos 1-3, viser oss at fundamentet for kunnskap om dei siste ting ligg i kjennskapen til dei første skaparorda, gjerningane og lovnadane frå Skaparen. Målet er innebygd i opphavet. Dei seks skapardagane fann si fullending i den sjuande dagen. Kviledagen peikar fram mot målet for skaparverket. Mennesket er ikkje målet for skaparverket, men er meint å vera Guds medarbeidarar for å føra heile skaparverket fram til fullending. Guds mål og frelseplan var klar frå før verda vart grunnlagd.

    Forteljinga om syndefallet viser oss at Gud held det han lovar når han dømmer og straffar synd. Forteljinga viser også at hans plan, om å ha eit skaparverk i harmoni med sin vilje, står fast. Han gav mennesket ein lovnad om ein frelsar som skulle koma. Guds vilje til å frelsa kjem tydeleg til uttrykk i forteljinga om Noah som fann nåde for Gud. Då synda hadde vorte så stor at Gud måtte dømma og straffa, gav Gud menneska ein ny start. Den gamle verda gjekk under i den store domsflaumen, men Gud berga Noah, familien hans og alle slags dyr og fuglar. Han gav dei ein ny start på ei ny jord som steig opp av domsvatnet (sjå 2. Pet 3,5-6). Gud kunne ikkje la vondskapen ta overhand, han greip inn med dom og frelse. Han gjorde også ei pakt med menneska og alle levande skapningar der han lova at jorda ikkje skal bli øydelagd. Då vondskapen på ny var i ferd med å ta overhand, greip han inn, skapte språkforvirring og spreidde menneska over heile jorda (1 Mos 11,1-9).

    Menneska er skapte til fellesskap med Gud og kvarandre. Vi er utvalde i Kristus før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil (Ef 1,4). Menneskesoga er historia om synd og svik, om urett og utnytting. Fellesskapet med Gud vart brote og menneska vart uvenner med kvarandre. Men Gud endra aldri på sin plan om vennskap og fellesskap med menneska. Vi kan sjå at Gud arbeider i samsvar med sin frelseplan i heile bibelsoga. Han vil føra folk tilbake til seg og kvarandre. Jesus skaper fred og forsoning. Han lærte oss å be: ”Lat riket ditt koma, lat viljen din råda på jorda så som i himmelen” (Matt 6,10). Det er dette herlege målet Gud styrer historia mot, slik Openberringa fortel. Det er ei god framtid med fred og harmoni for menneskeslekta. Menneska skal få leva i gode relasjonar til Gud, kvarandre og heile skaparverket.

    Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: "Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte." (Op 21,3-4)

    Bibelen viser oss at Guds plan og vilje for heile menneskeslekta er at vi skal bli frelst og få del i det nye mennesket i Kristus. Då kan vi leva i nært fellesskap med Gud og våre medmenneske. Jesus har med sitt blod frikjøpt for Gud menneske av alle stammar og tungemål, av alle folk og folkeslag. Dette er den nye, gjenreiste menneskeslekta som omfamnar Guds nåde. Han har gjort dei til eit kongerike, eit samfunn, eit fellesskap av menneske som er prestar for Gud, og dei skal herska som kongar på jorda (Op 5,9-10).

  • Offer til glede for Gud

    I Det gamle testamentet var det føreskrive mange offer av ulikt slag. Det var ei mening bak kvart av dei. Gud hadde gjeve nøyaktige føreskrifter om korleis og når dei skulle berast fram. Mest heile tredje Mosebok er full av føreskrifer om dei mange ulike offera som folk skulle bera fram i tabernaklet.

    Trass i alle desse føreskriftene oppdagar me at profetane seier at desse offera i seg sjølv ikkje skaper glede hos Gud. David seier at Gud ikkje har glede i hans slaktoffer. Han bryr seg ikkje om David sitt brennoffer (Sal 51,18). Det er ikkje våre prestasjonar som fyller Gud med glede. Han treng ikkje våre velgjerningar eller våre offer. Alt me gjer er smitta av synd og kan ikkje tilfredsstilla Gud.

    Offer til glede for Gud er ei sundbroten ånd. Gud foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte (Sal 51,19). Når me skjelvande ber fram for Gud vårt knuste hjarte, finn Gud glede i det og viser oss nåde. Når me audmjukt bøyer oss i støvet fordi me innser at me kjem til kort og treng tilgjeving og nåde, då finn Gud glede i vår sundbrotne ånd. Når me er knuste og sundbrotne kan me bera fram kva som helst offer for Gud og han vil finna glede i det. Gud ser til hjartet og ikkje til menneskelege prestasjonar. Det er berre den audmjuke som får nåde, for han har ingenting å rosa seg av, men klyngjer seg til korset og Jesu Kristi fullkomne offer. Når me ser bort frå våre eigne prestasjonar og set vår lit til Jesus Kristus, kan me bera fram vårt knuste hjarte som eit offer til glede for Gud. 

  • Christ is our message

    There is a divine mystery, a secret surprise that has been hidden from the world for generations. In these last days the mystery of Christ is being being revealed, unfolded and manifested for every believer to experience. 

    Jesus Christ, the Son of God, is the divine portrait, the true likeness of the invisible God. He is the visible image of the invisible God. He has unfolded to us the full explanation of who God truly is. The Son is the dazzling radiance of God's splendour. He is the exact expression of God's true nature – his mirror image! He holds the universe together and expands it by the mighty power of his spoken word. He accomplished for us the complete cleansing of sins, and then took his seat on the highest throne at the right hand of the majestic one.

    This Christ is our message! He lives within us and floods us with the expectation of glory. This mystery of Christ, embedded within us, becomes a heavenly treasure chest of hope filled with the riches of glory for his people, and God wants everyone to know it!

    We preach to awaken hearts and bring every person into the full understanding of truth. It has become our inspiration and burning passion in ministry to labour with a tireless intensity, with his power flowing through us, to present to every believer the revelation of being his perfect one in Christ. 

  • Drøymande veremåte

    Eg drøymer om menneske som er opne og handlingsretta,

    oppsøkjande og inviterande,

    lyttande og lærande,

    og let seg tenna til ny innsats av krefter som arbeider mot dei

    og som ikkje let seg trykkast ned av motgang.

    Menneske som er oppmuntrande og frigjerande,

    som set mot i folk og kveikjer tiltakslyst i dei

    fordi dei er stimulerande og utviklande på alle

    med sin drøymande veremåte

  • Profetane forkynte Israels håp

    Profetane talte alltid inn i si samtid, men samtidig hadde dei profetiske orda i seg dimensjonar langt utover det reint tidsaktuelle. Dei talte inn i historiske situasjonar som var stasjonar på vegen til eit mål. Alt som skjedde med Israel i Det gamle testamentet ber ein profetisk bodskap i seg. Dei heilage i Det gamle testamentet opplevde ikkje å få det som var lova. Dei såg det langt borte og helsa det, og dei vedkjende at dei var framande og heimlause på jorda. Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss (Hebr 11,13,40). Vi må difor ikkje tru at profetiane som er retta til Israel og det lova landet ikkje angår resten av verda. All profeti i Israel angår djupast sett heile verda. Israel er Guds demonstrasjonsfolk. Det som hende med dei, er skrive ned til rettleiing og åtvaring for oss som lever i dei siste tider (1 Kor 10,11).

    (more…)