I Det gamle testamentet var det føreskrive mange offer av ulikt slag. Det var ei mening bak kvart av dei. Gud hadde gjeve nøyaktige føreskrifter om korleis og når dei skulle berast fram. Mest heile tredje Mosebok er full av føreskrifer om dei mange ulike offera som folk skulle bera fram i tabernaklet.
Trass i alle desse føreskriftene oppdagar me at profetane seier at desse offera i seg sjølv ikkje skaper glede hos Gud. David seier at Gud ikkje har glede i hans slaktoffer. Han bryr seg ikkje om David sitt brennoffer (Sal 51,18). Det er ikkje våre prestasjonar som fyller Gud med glede. Han treng ikkje våre velgjerningar eller våre offer. Alt me gjer er smitta av synd og kan ikkje tilfredsstilla Gud.
Offer til glede for Gud er ei sundbroten ånd. Gud foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte (Sal 51,19). Når me skjelvande ber fram for Gud vårt knuste hjarte, finn Gud glede i det og viser oss nåde. Når me audmjukt bøyer oss i støvet fordi me innser at me kjem til kort og treng tilgjeving og nåde, då finn Gud glede i vår sundbrotne ånd. Når me er knuste og sundbrotne kan me bera fram kva som helst offer for Gud og han vil finna glede i det. Gud ser til hjartet og ikkje til menneskelege prestasjonar. Det er berre den audmjuke som får nåde, for han har ingenting å rosa seg av, men klyngjer seg til korset og Jesu Kristi fullkomne offer. Når me ser bort frå våre eigne prestasjonar og set vår lit til Jesus Kristus, kan me bera fram vårt knuste hjarte som eit offer til glede for Gud.
Leave a Reply