Apostelen Paulus gjer det klart at det håpet han ber på, er identisk med Israels profetiske håp:
For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane, og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde (Apgj 24,14-15).
Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre, den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg (Apgj 26,6-7).
For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene (Apgj 28,20).
Det kristne håpet er difor ikkje eit nytt håp, men ei vidareføring av det håpet som dei herbraiske profetane forkynte. Paulus kalla det for “Israels håp.” Det nye er at dette håpet har begynt å bli verkeleggjort. Israels profetiske håp er ikkje lenger berre framtid, for denne framtida har brote inn i notida. Apostlane forkynte evangeliet om Guds rike, at det som Israel håpa på å sjå oppfylt ein gong i framtida, no er i ferd med å bryta inn i denne tidsalderen. Det store vendepunktet i historia var gjennom det vi kallar Kristushendinga – inkarnasjonen (at Gud vart menneske), Jesu liv, død, oppstode, himmelfart og utrenning av Anden på pinsedag. Frå då av har alle lovnader fått sitt ja og amen i Jesus Kristus ( 2 Kor 1,20).
Profetane hadde profetert om Messias som både ein lidande tenar og mektig frigjerar og verdsherskar. Dei granska profetorda for å prøva å forstå tida dette peika fram mot. Dei profeterte om det som skulle skje i Israel, det utvalde folket, på det tronge geografiske område i midtausten. Dette skulle ha profetiske ringverknader for menneskeslekta og heile jorda.
Det utvalde folket har gitt dei profetiske skriftene vidare til verda. Israel har bore fram Messias, Frelsaren. Kveitekornet har falle i jorda og døydd. No spirer det fram mange liknande korn og grøda blir stor. Det litle sennepsfrøet, som er sådd i jorda, spirer fram til det største av alle tre. Den gode surdeigen, som er plassert i verda, er i ferd med å gjennomsyra alt (sjå Matt 13,31-33). No kan menneske i alle folkeslag, som før var utan håp og utan Gud i verda, ved trua på Jesus Kristus få del i borgarrett i Israel, paktene og lovnadene (Ef 2,11-19). Alle vi som før var langt borte kan no koma nær Gud på grunn av Jesu blod. Folkeslaga blir no inkluderte i Kristus og får del i den same profetiske arven, den same kroppen og den same lovnaden som Israel (Ef 3,6).
Jesus og læresveinane hans hadde del i profetane sine visjonar. Jesus forkynte evangeliet om Guds rike som var kome nær. Hans undervising om Guds rike var grunnlaget for apostlane si forkynning av evangeliet. Dei forkynte om Guds evige plan, som var sentrert i Jesus Kristus. Inkarnasjonen, krossfesting, død, oppstode og himmelfart var sentrale tema i forståinga av Guds inngrep i historia. Gjennom Kristushendinga er Guds rike kome til jorda og nyskapinga av verda har tatt til. Kristus sit ved Guds høgre hand og ventar på at alle ting skal leggjast til skammel for hans føter. Alt i himmel og på jord skal no sameinast under Jesu Kristi herredømme (Ef 1,10). Jesus skal vera konge inntil Gud har lagt alle fiendar under hans føter (1 Kor 15,25). Gud gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. Han styrer historia fram mot det målet han har sett for henne. Apostlane forkynte at Jesu andre kome ville fullenda historia og nyskapinga av verda.
Det Gud gjorde då Jesus kom første gong er det store vendepunktet i menneskeslekta si historie. Heile Det gamle testamente handlar om den store og omfattande Kristushendinga. Alle profetane profeterte om denne hendinga og den påfølgjande herlegdommen (Luk 18,31; 21,22; 22,37). Vi vil aldri kunna forstå kva framtida vil bli om vi ikkje forstår korleis profetorda vart oppfylte i Kristushendinga.
Det kristne håpet er trygt forankra i Jesu Kristi oppstode og himmelfart. Pinseopplevinga, at Den heilage ande kjem over oss, at vi taler i nye tunger, at vi har fått eit nytt liv, at Anden som reiste Kristus opp frå dei døde no bur i oss, har gjeve oss eit pant, ein forsmak og eit levande håp. Vi har med andre ord smakt dei kreftene som høyrer den komande verda til (Hebr 6,5). For kristne menneske er ikkje framtida uviss, vi veit litt om kva som ventar oss. Vi er både døde og oppreiste med Kristus. Vi har vorte fødde inn i Guds familie. Vi er nye skapningar i Kristus. Vi har fått evig liv. Vi har smakt framtida og veit at ho er god.
Evangeliet har med endetida å gjera, og endetida handlar om evangeliet. Jesus talte om målet for endetida som ei tid “når alt skal fødast på ny” (Matt 19,28). Apostelen Peter taler om den tid “då alt skal gjenreisast” (Apgj 3,21). Paulus snakkar om ei tid då “skapninga skal bli frigjord frå slaveriet under det forgjengelege” (Rom 8,21). Eskatologi handlar om at Gud skal føra menneskeslekta og skaparverket fram til Guds opphavlege mål. Læra om dei siste ting handlar difor også om at djevelens øydeleggjande gjerningar skal få ein ende og at Guds frelseplan skal fullførast. Eskatologien er knytt til evangeliet som forkynner at Gud ville forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved Jesu Kristi blod på krossen (Kol 1,20). Det bibelske profetordet handlar om Jesu Kristi kross, Jesu Kristi kropp og Jesu Kristi tilbakekomst.
Leave a Reply