Month: March 2020

  • Karikert og gjort narr av

    Salme 119,51 Dei frekke håner meg grovt, men eg har ikkje bøygd av frå di lov (Strong 8451).

    I dette verset forklarer David litt meir om kvifor han er i stor naud. Frekke folk håner han grovt. Stolte menneske spottar han uhemma. Vi skulle tru han levde i vår tid, for dette er noko mange av oss møter. Klassisk kristen tru er ikkje lenger politisk korrekt. Den kristne trua er under åtak frå mange hald. Vi kan bli karikert og gjort narr av. Vi kan bli latterleggjort og uthengd som mørkemenn.

    David vart grovt hetsa for si tru, det kan også vi bli, men han bøygde ikkje av frå Guds lov, og det må heller ikkje vi gjera. Stolte og arrogante folk ser ned på oss vanlege truande som held fast på Guds ord. Dei gudlause spottar og dei frekke hånar. Det har dei gjort til alle tider, og det vil dei alltid gjera. Dette er berre noko vi må rekna med. Slik er det å vera ein kristen i denne vonde tidsalderen. Tidsånda er antikristeleg og det gjer seg mange utslag.

    Difor vil eg minna oss på det apostelen Paulus seier, at vi har ikkje kamp mot menneske, men mot maktene, mot autoritetane, mot verdsherskarane som høyrer mørket denne tidsalderen, mot vondskapen sin åndehær i himmelrommet (Ef 6,12). Vi blir utsett for mykje tankekjør frå desse vonde maktene. Dei kan bruka både andre menneske og våre eigne kjensler og tankar i den usynlege krigen mot oss som trur. Det er viktig å kunna avsløra desse vonde kreftene og ikkje gje etter for det presset dei legg på oss. Gjev vi dei litlefingen, tek dei snart heile handa og til slutt heile oss.

    Det beste forsvar er å koma på offensiven ved å vedkjenna trua vår på Guds lov. Vi han ingen grunn til å skjemmast over Guds ord. Alle Herrens lover er gode. Den Gud som har skapt oss veit kva som er best for oss. Han elskar oss og vil oss berre godt med det han seier. Difor vil eg halda fast på hans lover. Eg vil gjera det eg kan for å vera trufast mot Guds ord og leva i samsvar med Guds gode lov.

    «Same kor mykje dei frekke håner og dei stolte spottar og taler imot meg, så nektar eg å vika frå dine forskrifter!»

    Tekst: Erling Thu (c)

  • Når motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår

    Salme 119,50 Det er mi trøyst i nauda at ditt ord gjev meg liv.

    På ny ser vi kor sannferdig David er når han snakkar om livet. Det er noko av det eg liker mest når eg les Salmane. David og dei andre salmistane er så brutalt ekte og ærlege i det dei seier. Dei legg ikkje skjul på vonbrot og vanskar. Dei skildrar beiske og vonde kjensler. Dei ser ord på mørke og tunge tankar. Men dei tek oss også med på dei jublande høgdepunkta i livet når dei feirar Guds frelse.

    I dette verset er David i naud. Han har det vanskeleg. Av samanhengen forstår vi at denne nauda er noko fiendane hans har påført han. Motstandarane hans har gjort livet surt for han. Problema hopar seg opp og han ser inga synleg løysing. Alt er mørkt rundt han og han kjenner seg åleine. Han er i stor naud. Det er i slike stunder motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår. Då treng vi Guds trøyst, slik David gjorde.

    David fann si trøyst i Guds ord. Ordet skapte tru og liv. Ordet gav han håp og forfriska han. Eg har opplevd det same mange gonger. Når nauda har vore stor og dei tunge tankane har vore vonde å sloss med, har eg gong på gong funne trøyst og nytt pågangsmot i Ordet. Eg lever ikkje av brød åleine, men kvart ord frå Guds munn gjev meg liv. Guds gode ord er ei kjelde til liv. Midt i mørkret og den vonde nauda finn eg trøyst i at det han har lova set meg i stand til å leva gjennom det vonde og koma ut på andre sida, – i live i Guds kraft og nåde.

    «I alle mine prøvingar og vanskar finn eg stor trøyst i dine lovnader, for dei held meg i live!»

    Tekst: Erling Thu (c)

  • Vi byggjer vårt håp på det Gud har lova.

    Hovud temaet i det avsnittet, som no tek til med den hebraiske bokstaven zayin, er at salmisten blir forfølgd av fiendane som ikkje vil lyda Herrens lover, men at han likevel har full tillit til at Gud vil berga han. For han kviler i Herrens lov.

    ז

    Salme 119,49 Kom i hug ditt ord til din tenar. Gjennom det har du gjeve meg von.

    Dette avsnittet startar ikkje uventa med ei bønn til Herren. David har lært å be. Han veit at Herren høyrer når han bed. I denne strofa minner han Gud på dei lovnadene han har fått frå Herren: Hugs det ordet du har gjeve tenaren din! Ikkje gløym å gjera det du har sagt! Dette er ei svært viktig lekse å læra.

    For det første må vi læra å ta til oss ordet slik at det blir personleg for oss. Eller sagt på ein annan måte, vi må læra å høyra Guds røyst når vi les og grundar på orda i Bibelen. Det går an å lesa Bibelen utan å høyra Guds røyst, utan at Ordet taler til oss. Det må vi for alt verden unngå.

    (more…)

  • Eg vil gripa tak i Ordet!

    Salme 119,48 Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar, og grundar på dine forskrifter.

    Det kan vera litt uklart kva David meiner med å lyfta hendene sine mot Guds bod, men eg trur det handlar om å lyfta hendene for å gripa tak i ordet frå Gud. Han seier han elskar Gud og vil grunna på Guds forskrifter. Det er difor han vil lyfta hendene sine for å gripa tak i ordet frå Gud og ikkje sleppa det. Han elskar Gud og vil grunna på ordet for å forstå Guds plan og vilje.

    Eg liker denne haldninga som eg finn i dette verset. Han seier at han vil gripa tak i Guds bod for å kunna leva etter dei. Han lyfter hendene sine, han strekkjer seg etter Guds lov og vil gjera alt han kan for å gjera det Gud seier. Det er slik alle kristne bør leva; lyfta hendene og strekkja oss etter Guds ord. Vi vil strekkja oss etter det livet som er skildra i Ordet. Vi vil gløyma det som er bak og vil gjera oss motlause. Vi vil jaga mot målet og prøva å gripa fatt i alt det Gud har for oss, alt han har lova oss i sitt ord.

    Det kan også verka som David seier dette: «Eg vil lyfta hendene i tilbeding når eg kjem til ditt ord som eg elskar og grunnar på, så du kan gje meg meir innsikt og openberring.» Slik vil også eg lyfta hendene mot Guds bod og lovprisa Ordet. Eg elskar Guds ord. Eg fryder meg når Ordet blir levande for meg. Eg takkar Gud kvar gong Ordet opnar seg for meg. Kvar dag ber eg om ny og frisk openberring.

    «Eg lengtar etter meir openberring i dine sanningar for eg elskar det lys eg får i Ordet når eg grunnar på dine bod!»

    Tekst: Erling Thu (c)

  • Lidenskap og glede i Guds ord

    Salme 119,47 Eg frydar meg over dine bod, dei som eg elskar.

    Eg blir så begeistra av den gleda David finn i Guds bod. «Eg frydar meg over dine bod.» Han finn si lyst og si glede i Guds lov. Faktisk kan det omsetjast med: «Eg forlystar meg i dine bod!» Når mange høyrer ord som bod, lov, reglar reagerer dei negativt. Svært mange har lyst til å kasta lov og bod på sjøen og kvitta seg med dei, for dei vil vera frie til å følgja sitt eige syndige hjarte.

    For David var det annleis. Han elska Guds bod. Han fann stor glede i å gjera det boda sa. Han hadde oppdaga at boda var gode for menneska. Han hadde opplevd dei mange velsigningane som kjem av å halda Herrens lov.

    (more…)

  • Eg vil ikkje skjemmast over Guds ord eller hans gode ordningar!

    Salme 119,46 Eg vil tala for kongar om dine lovbod, og eg skal ikkje bli til skamme.

    Det er ein frimodig David vi møter i desse orda. Men det er ikkje ønskjetenking han driv med. Før han vart konge var frimodig både og forkynte Guds ord både til kong Ashish og Saul. Etter at han vart konge heldt han fram med å tala for kongar om Guds vitnemål og lovbod. Han la ikkje skjul på kven han trudde på og kven han hadde sin lojaliteten til.

    Vi har mykje å læra av det frimodet David viser oss i Salme 119. Vi må aldri vera redde for å seia kven vi trur på og kven vi har valt å tena. Vi må ikkje skjemmast av Guds ord eller hans gode ordningar. Gud er god og alle hans lover er gode. Guds ord viser oss vegen til det gode og lukkelege livet. Vi har smakt og kjent at Gud er god. Det har vi lyst å gjera kjent for alle menneske, både høg og låg.

    (more…)

  • Eg vil leva i full fridom!

    Salme 119,45 Lat meg ferdast i ope land, for eg spør etter dine påbod (6490)!

    Når David har slått fast at han alltid, kvar einaste stund på dagen vil følgja Guds lov, held han fram i dette verset med ei bønn om å få vandra i eit ope landskap. Eg er fødd og oppvaksen på Jæren og eg elskar opne landskap. På Jæren kan eg pusta fritt. Eg er ikkje skapt for tronge fjordar eller dalar eller djupe skogar. Eg må ha utsikt, helst sjå vatn, for å trivast. Tronge landskap deppar meg for eg kjenner meg innestengd. Difor har eg mange gonger bedt om å få koma ut i ope lende så eg kan leva og pusta fritt.

    (more…)

  • Eg vil halda dine lover kvar einaste stund på dagen

    Salme 119,44 Då vil eg stadig halda di lov (Strong 8451), for evig og alltid.

    I tillit til at Gud svarer han og viser han sin trufaste kjærleik, kjem David med ein frimodig lovnad. «Eg vil alltid halda di lov!» Det er sterke ord, men det er ei innstilling som Herren lønner. For evig og alltid vil David leva i samsvar med Herrens lov.

    Eg er veldig glad for den frimodige tilliten David viser til Guds ord. Han set ord på denne tilliten titt og ofte, høgt og tydeleg. Vi kan ikkje vera i tvil om kva han meiner. Han seier at Guds ord er å stola på. Han seier at Guds bod er gode for oss. Han påstår at Herrens lov set han fri til å leva eit godt liv. Han kan til og med forlysta seg i Guds gode lover og ordningar. Det er tydeleg at han har opplevd dei velsigningane Gud auser ut over dei som går på hans veg.

    (more…)

  • Frimod til å seia det Gud seier

    Salme 119,43 Riv ikkje sanningsordet ut or min munn, for eg ventar på dine lover.

    Her tiggar David Gud om å ikkje riva sanningsordet ut or munnen. Sanningsordet handlar om Guds trufaste kjærleik og frelsande nådegjerningar. Om ikkje Herren hadde berga han, ville det innebera at dette ordet hadde vorte rive ut or munnen, for det ville ikkje lenger vera sant. Det gode er at Gud frelsar i samsvar med sitt gode og sanne ord som er evangeliet om Guds rike.

    Kanskje vi kan forstå denne audmjuke bønna frå David, som ei bønn om å ha ei læresveinstunge, som alltid har Guds gode ord på tunga i rett stund. Profeten Jesaja sa at Gud hadde gjeve han ei læresveinstunge så han kunne styrkja den trøytte med eit ord (Jes 50,4). Det er noko av det beste eg veit, når venner taler eit ord frå Gud til meg i rett tid, akkurat når eg treng å høyra det ordet. Difor ber eg om at eg sjølv ikkje må vera tom for Guds ord, men at eg alltid kan ha eit godt ord frå Gud på tunga. Når vi elskar Guds ord kan vi bera fram både nytt og gammalt frå skattane i Bibelen.

    (more…)

  • Eg vil alltid ha eit svar til dei som spottar meg!

    Salme 119,42 Då kan eg gje spottaren svar, for eg lit på ditt ord.

    Denne bønna er tett oppfølging av det han bad om i det førre verset. Der bad David om at Guds trufaste kjærleik og hans gode frelse måtte koma til han, slik Gud hadde lova han. No fortel han Gud kva han vil gjera når han får oppleva Guds miskunn og nådegjerningar.

    Då kan han gje spottaren svar, for han lit på Guds ord. Med andre ord seier han at når han opplever bønnesvar, då kan han bruka dette til å visa spottaren til rette. Når vi har opplevd at Gud har gripe inn til frelse og forandring i livet vårt, då vil det endra livet lukka munnen på spottaren. Folk kan ha mange teoriar og tankar om Gud, dei kan til og med fornekta at han finst, men vår oppleving av Guds trufaste kjærleik og hjelp, kan ingen seia imot. Vi har opplevd det vi har opplevd og det kan ingen ta frå oss.

    (more…)