No har vi kome til ein ny bolk på åtte vers der alle versa startar med den hebraiske bokstaven SIN. På ny viser David oss si tru og tillit til Guds ord. Kjærleiken til Guds ord ber han gjennom motgangene han møter i livet.
ש
Salme 119,161 Stormenn jagar meg utan grunn, men i hjartet fryktar eg ditt ord.
Den verdslege makteliten har til alle tider forfølgd kristne menneske. Den gudfryktige David opplevde forfølging. Daniel var ein mann med integritet som trufast og ærleg gjorde ein god jobb, likevel vart han forfølgd av folk høgt oppe i systemet. Ein skulle tru at stormenn, folk som har leiaransvar, ville verdsetja ærlege og gudfryktige menneske, men dessverre er det ikkje alltid slik. Den mektige samfunnseliten kan dessverre bruka makta si urett. Utan grunn kan dei forfølgja kristne menneske. David vart utsett for det og alle som trur på Jesus Kristus og vil leva etter Guds ord må rekna med å bli forfølgd.