Verda har nok av gudar og avgudar
idol og stjerner i sport og idrett,
i film og teater.
Men dei kan ikkje hjelpa
mennesket på nokon måte.
Gudane er så langt borte
i ei eventyr verd
dei er ikkje på jorda kor vanskane er.
Verda har nok av gudar og avgudar
idol og stjerner i sport og idrett,
i film og teater.
Men dei kan ikkje hjelpa
mennesket på nokon måte.
Gudane er så langt borte
i ei eventyr verd
dei er ikkje på jorda kor vanskane er.
Vi gjev så mange gåver,
vi gjev så mange offer,
berre fordi vi synest vi må følgja
skikkar og tradisjonar
for fødselsdagar og feiringar.
Å jul med di glede og barnslege lyst
Vi helsar deg hjarteleg velkommen
Med lysande stjerner og skinnande pynt
Med haugar av gåver – Og smekkfulle fat – av julemat
Pinnekjøt, persesylte, ribbe og fleskesvor,
Smultringar, kakemenn og sirupssnittar
Fyller magane til store og små
Heilt til storebror har ete seg lei – På det feite og søte
Og spør så fint om å få ei grov skive med sursild
Å jul med di glede og barnslege lyst
Med julenisse og juletre
Som konkurrerer med kvarandre
Om å samla og dele ut
Julegåver til alle snille barn
Som har fortent gåver
Når ein annan fyller året
Er det nokon snille barn her?
Spør nissen alltid!
Er du ikkje snill får du ikkje gåver
Frå julenissen på julekvelden
Skræmer mor og far
Når dei ikkje rår med ungane på annan måte
Å jul med di glede og himmelsk fryd
Gud er ingen julenisse
Jesus hang ikkje på noka juletre men på eit kors
Gud gjev rause gåver
Og korset skin og lyser
Frå krybba i stallen til Golgata – Og heilt til oss som bur i Bergen
Gud spør ikkje etter snille barn
Hans gåver får vi ikkje fordi vi er så gode
Gud gjev gåver til dei som er fattige i seg sjølv
Gud gjev gåver til dei som strever og kavar
og ikkje får til å vera snill i ei vond verd
Å jul med di glede og himmelsk fryd
Gud er glad i oss slik som vi er
Han gav oss sin Son – Han gav oss sin nåde
Han finn hugnad og glede i alle menneskebarna
som tek imot den store frelsa i Jesus Kristus
Tekst: Erling Thu
Å vera menneske er å ha ein draum
– som fortærer deg som ein eld inni deg
– som ikkje gjev deg noka kvile, men
Motiverer deg til store offer
Førebur deg til djerve tiltak
Oppgløder deg til eit spennande liv
Når du let draumen styra deg med glede og von
Å vera menneske er å ha store draumar
Ikkje berre for deg sjølv og dine eigne
Men ha draumar på vegne av dei underprivelegerte
Og ha draumar for ditt eige overflodssamfunn
Eller dei mange lidande grupper av menneske i verden
Når du drøymer store draumar
Om eit forandra samfunn og ein betre verden
Vil du leggja livet ditt ned som ei frø av håp
Som ei frukt vil alle kunna sjå
At du er eit stort menneske
– for du lever ikkje for deg sjølv!
Det finnest stjerner i tusental på himmelen
– men det finnest berre ei Mor!
– Med livet sitt viste ho oss den rette vegen
Det finnest uteljande mengder av blomar i skog og mark
– men det finnest berre ei Mor!
– Med sin veremåte spreidde ho ein godange av tryggleik og glede
Det finnest tusenvis av bier som samlar honning
– men det finnest berre ein Mor!
– Med sine milde og søte ord turka ho tårene og lokka smilet fram
Det finnest uteljande maur som byggjer si tue,
– men det finnest berre ei Mor!
– Saman med far bygde ho ein glad og trygg heim
Det finnest millionar av glitrande doggdropar som helsar ein ny dag velkomen,
– men det finnest berre ein Mor!
– Ho metta oss med god mat og vermde oss med heimelaga klede kvar dag
Det finnest tallause fuglar som syng sin song,
– men det finnest berre ei Mor!
– Formaningane hennar var vakrare enn all fuglekvitring
Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar
– men det finnest berre ei Mor!
– Hennar minne vekker til live gode og gilde kjensler
Det finnest uendelege mange perler og smykke
– men det finnest berre ei Mor!
– Hennar trygge omtanke og milde omsorg kan ikkje verdsetjast her på jord
Det finnest ufattelege rikdomar på denne jord,
– men ingen rikdom er større enn det å ha ei mor!
Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M! Det er Mora vår!
Mor lærte oss å elska
– ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!
Mor gav oss lysande verdiar
– som vi trygt kan styra livet etter
Mor lærte oss å verdsetja den sanne rikdomen
– det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant
Mor kasta glans over alle gjeremål
– ho lærte oss å sjå det store i det små
Mor vart gammal og skrøpeleg
– men var krona med den kvitaste hårkrans
– det var mest som ho bar ein glorie den siste tida
Mor vart krokryggja og skral til beins
– men ho vart skjønnare dess skrøpelegare ho vart
Mor var veik og heldt på å verta hjelpelaus
– men augene hennar var så levande og smilet var så varmt
Mor hadde furer i ansiktet og litt skrukkute hud
– sjukdom, strev og eit langt liv hadde sett sine vakre merke
– dei milde furene og rynkene var som eit klassisk kunstverk
– trass den skrøpelege kroppen var det noko så useieleg fint med henne
– det var som ein stor kunstnar hadde teikna inn
– sitt himmelske merke av herlegdom på henne
Vi takkar deg Gud for Mora vår!
Takk at du gav oss ei Mor som bar oss fram!
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss livet!
Takk at du gav oss ei Mor som passa på oss!
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss varme klede og kjærleg omsorg
Takk at du gav oss ei Mor som gav oss gode ord og strenge formaningar
Takk at du gav oss ei Mor som lærte oss å be!
Takk at du gav oss Mora vår, vi kunne ikkje ha fått nokon betre!
Tekst: Erling Thu
Skrive til mors gravferd den 5. des. 2002
Kristi Thu, f. Egeland 15.10 1917 – d. 26.11.2002