Category: Dikt
-
Du har vist meg nåde
Herre, eg takkar deg for du har vist meg nåde.Du gløymde meg ikkje då eg gjorde feilDu gjekk ikkje frå meg då eg sviktaDu let meg ikkje vera åleine då eg syndaDå eg var bortkomen, sa du: Kom heim!Då eg var stygg, sa du: Kjære barn!Då eg var trøtt av vonde kampar, sa du: Kvil hos meg.I ein vanskeleg og vakker verdener din trufaste kjærleik og nådemi einaste kvilepute for mi trøtte sjel.Å kvila i deg, gjer livet nytt.Herre, eg takkar deg for du har vist meg nåde!Tekst: Erling Thu -
Vi legg oss i Herrens hender i kveld
Herre, kvar dag og stund legg vi oss i dine hender,
du lyftar oss og leiar oss.
Lat freden frå dei rullande bølgjene
gjera oss trygge og faste i trua.
Lat freden frå lufta som strøymer
gjera oss friske og frie.
Lat freden frå dei skinande stjernene
gjera oss trygge og faste i håpet.
Lat freden frå Far, Son og Heilag Ande
bera oss gjennom dagen, til di ære. Amen.
(etter anonym keltisk forfattar)
-
Dikt til mor på morsdagen
Det finnest berre ei Mor!
Det finnest myriadar av stjerner på himmelen
- men det finnest berre ei Mor!
Det finnest uteljande mengder av blomar på marka
- men det finnest berre ei Mor!
Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar
- men det finnest berre ei Mor!
Det finnest uendelege mange perler og smykke
- men det finnest berre ei Mor!
Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M!
Namnet hennar er: Mi Mor!
Mi Mor lærte meg å elska
- ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!
Mi Mor gav meg lysande verdiar
- som eg trygt kan styra livet etter
Mi Mor lærte meg å verdsetja den sanne rikdom
- det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant
Mi Mor kasta glans over alle gjeremål
- ho lærte meg å sjå det store i det små
Mi Mor vart gammal og skrøpeleg
- men var krona med den kvitaste krans
Mi Mor vart krokryggja og skral til beins
- men ho var skjønnare enn nokon gong
Mi Mor vart veik og heldt på å verta hjelpelaus
- men augene var levande og smilet varmt
Mi Mor hadde rynker i ansiktet og skrukkute hud
- men ho var eit kunstverk
- ein stor kunstnar har teikna inn
- sitt himmelske merke av herlegdom på henne
Det finnest berre ei Mor!
Takk at du bar meg fram!
Takk at du gav meg livet!
Takk at du passa på meg!
Takk for varme klede og kjærleg omsorg
Takk for gode ord og strenge formaningar
Takk for at du lærte meg å be!
Takk for at du var Mi Mor!
No er du heime hos Herren,
Men du er framleis den beste, – du er Mi Mor!
-
Makta lystar!
Makta lystar etter meir maktOg vil leggja alt under seg– men blir aldri mett.Trua, vona og kjærleikenLever lett i lyset utan baktankar.Trua lyfter meg.Vona gjev meg venger.Kjærleiken landar meg,Og får tårevætte auge til å smila.Tekst: Erling Thu (c) -
Like visst
Like visst som sola skin bak skyene
er du til stades i vår kvardag
jamvel om vi ikkje ser deg
I din truskap kjem du til oss
Like visst som lyset kjem kvar einaste morgon
Din truskap er skjold og vern
Med din nåde dekkjer du oss
Like visst som ein ny dag følgjer den mørkaste natt
Din nåde gjev lys og von
I din kjærleik varmar du oss
Like visst som sola skin når regnet har vatna marka
Din kjærleik gjev tru og liv
Med din fred, fred vernar du oss
Like visst som kvart einaste uver kjem til ein ende
Din fred gjev mot og kraft
Med tilgjeving møter du oss
Like visst som nytt liv gror etter vinterdvalen
Tilgjeving gjev oss ein ny start
Med miskunn utfrir du oss
Like visst som sommarvarme vinn over vinterkulde
Din miskunn gjev oss aldri opp
-
Drøymande veremåte
Eg drøymer om menneske som er opne og handlingsretta,
oppsøkjande og inviterande,
lyttande og lærande,
og let seg tenna til ny innsats av krefter som arbeider mot dei
og som ikkje let seg trykkast ned av motgang.
Menneske som er oppmuntrande og frigjerande,
som set mot i folk og kveikjer tiltakslyst i dei
fordi dei er stimulerande og utviklande på alle
med sin drøymande veremåte
-
Å vera menneske er å lytta til andre sitt hjartespråk
Å vera menneske er å lytta
til andre sine draumar og djupe lengtar
Utan å vurdera dei eller vega dei
Men ta dei for det dei er:
Ein hjartelengt frå eit visjonært menneske.
Å vera menneske er å lytta til hjartespråket
Og ikkje dømma folk med deira eiga fortid,
Eller koma med fasitsvar og eigne meiningar
Bygd på eigne vonbrot.
Å vera menneske er å våga å drøyma andre sine draumar
Ved å leva seg inn i deira hjartelengt,
Sleppa seg laus og drøyma saman med dei
Og stola på at dei har høyrd frå Gud,
Jamvel om du ikkje heilt forstår det dei drøymer om.
Å vera menneske leva i spenninga mellom draum og verkelegdom,
Og finna kvile i Guds nåde,
Som er nok i den stoda me er i no
Og for framtida slik me drøymer om ho.
Nåden skaper både røyndom og draum
Når me gjev rom for kvarandre sine draumar
I undring, kjærleik og velsigning.
Når me i tru og tillit til Guds nåde
Heiar på og set mot i kvarandre
Blir me knytt saman hjarte til hjarte
Og frigjer skapande krefter mellom oss.
(Desse tankane er inspirert av ei tilbakemelding frå Elisabet Mjanger på fjesboka på ein artikkel om å hjelpa andre til å drøyma)
-
Bønn frå ein som kjenner seg liten
Eg er så liten
Eg er så liten
Eg er berre ei lita glo,
gjer meg til ein eld,
som kan setja andre i brann for deg
og elden din spreiast på jorda.
Eg er så liten
Eg er berre ein laus streng,
gjer meg til ei fele,
som du kan spela på
slik at folk blir glade.
Eg er så liten
Eg er berre ein liten dråpe,
gjer meg til ei kjelde,
som forfriskar dei trøtte
og mettar dei som tørstar.
Eg er så liten
Eg er berre ei lita tue,
gjer meg til eit stort fjell,
som let sin svalande skugge
gje lindring på ei utpint jord
der folk lengtar etter trøyst.
Eg er så liten
Eg er berre ei lita fjør,
gjer meg til ei ørn som lyftar vengene sine
og let Andens vind lyfta folk opp
frå dei grå kvardagane
til å bu hjå Den Evige og Herlege!
Amen i Jesu Kristi namn!
-
Evig varer hans miskunn
Då eg i dag tidleg las Salme 136 oppdaga eg at i kvart av dei 26 versa seier forfattaren at evig varer Guds miskunn. Me finn denne påstanden mange plassar i Salmane. I dag vart eg fanga i denne sanninga og fekk lyst å setja mine eige ord på det, men i same form som salmisten gjorde. Pris Herren saman med meg. Gje Herren ære for alt det gode han gjer.
Eg takkar Herren for han er god,
Evig varer hans miskunn.
Guds folk skal med stort frimod seia:
Evig varer hans miskunn.
Alle Herrens tenarar skal ropa med glede:
Evig varer hans miskunn.
Alle som fryktar Herren skal seia:
Evig varer hans miskunn.
Han er Gud over alle gudar,
Evig varer hans miskunn.
Han er Herre over alle herrar,
Evig varer hans miskunn.
Han åleine gjer store under,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte himmel og jord,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte menneske i sitt eige bilete,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte oss til fellesskap,
Evig varer hans miskunn.
Han valde meg ut før eg vart fødd,
Evig varer hans miskunn.
Han forma meg på underfullt vis i mors liv,
Evig varer hans miskunn.
Han elska meg då eg var eit foster,
Evig varer hans miskunn.
Han skreiv dagane mine opp i si bok
Evig varer hans miskunn.
Han gav dagane min form før éin av dei var komen,
Evig varer hans miskunn.
-
Evig varer hans miskunn
Då eg i dag tidleg las Salme 136 oppdaga eg at i kvart av dei 26 versa seier forfattaren at evig varer Guds miskunn. Me finn denne påstanden mange plassar i Salmane. I dag vart eg fanga i denne sanninga og fekk lyst å setja mine eige ord på det, men i same form som salmisten gjorde. Pris Herren saman med meg. Gje Herren ære for alt det gode han gjer.
Eg takkar Herren for han er god,
Evig varer hans miskunn.
Guds folk skal med stort frimod seia:
Evig varer hans miskunn.
Alle Herrens tenarar skal ropa med glede:
Evig varer hans miskunn.
Alle som fryktar Herren skal seia:
Evig varer hans miskunn.
Han er Gud over alle gudar,
Evig varer hans miskunn.
Han er Herre over alle herrar,
Evig varer hans miskunn.
Han åleine gjer store under,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte himmel og jord,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte menneske i sitt eige bilete,
Evig varer hans miskunn.
Han skapte oss til fellesskap,
Evig varer hans miskunn.
Han valde meg ut før eg vart fødd,
Evig varer hans miskunn.
Han forma meg på underfullt vis i mors liv,
Evig varer hans miskunn.
Han elska meg då eg var eit foster,
Evig varer hans miskunn.
Han skreiv dagane mine opp i si bok
Evig varer hans miskunn.
Han gav dagane min form før éin av dei var komen,
Evig varer hans miskunn.