Category: Dikt

  • Salme 133: Ein song som tek deg høgare opp

    Sjå, kor vent og vedunderleg det er

    Når sysken lever saman i ekte fellesskap og fred.

    Det er som den dyrebare og heilage salveolje

    Som renn ned frå øvstepresten Arons hovud,

    Som dryper ned i skjegget og renn ned

    Heilt til linningen på den prestelege kjortelen.

    Denne himmelske harmonien er som doggen

    Som fell frå skyene på Hermonfjellet,

    Og forfriskar Guds folk på Sion.

    Frå denne vedunderlege harmonien

    Frigjer Gud si evige velsigning,

    Lovnad om liv for alle tider.

    Shalom

    Av kong David

  • Det finnest berre ei Mor!

    Det finnest myriadar av stjerner på himmelen

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest uteljande mengder av blomar på marka

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar

    -         men det finnest berre ei Mor!

    Det finnest uendelege mange perler og smykke

    -         men det finnest berre ei Mor!

     

    Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M!

    Namnet hennar er: Mi Mor!

     

    Mi Mor lærte meg å elska

    -         ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!

    Mi Mor gav meg lysande verdiar

    -         som eg trygt kan styra livet etter

    Mi Mor lærte meg å verdsetja den sanne rikdom

    -         det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant

    Mi Mor kasta glans over alle gjeremål

    -         ho lærte meg å sjå det store i det små

     

    Mi Mor har vorte gammal og skrøpeleg

    -         men er krona med den kvitaste krans

    Mi Mor har vorte krokryggja og skral til beins

    -         men ho er skjønnare enn nokon gong

    Mi Mor er veik og held på å verta hjelpelaus

    -         men augene er levande og smilet er varmt

    Mi Mor har rynker i ansiktet og skrukkute hud

    -         men ho er eit kunstverk

    -         ein stor kunstnar har teikna inn

    -         sitt himmelske merke av herlegdom på henne

     

    Det finnest berre ei Mor!

    Takk at du bar meg fram!

    Takk at du gav meg livet!

    Takk at du passa på meg!

    Takk for varme klede og kjærleg omsorg

    Takk for gode ord og strenge formaningar

    Takk for at du lærte meg å be!

    Takk for at du er Mi Mor!

    Ingen er som deg, du er den beste, – du er Mi Mor!

  • Å vera gift

    Då den ynsgte dottera vår gifta seg i sommar vart eg beden om å lesa eit dikt om ekteskapet i viinga. Det enda med at eg skreiv eit dikt om det å vera gift som eg las og fekk gode tilbakemeldingar på. Difor legg eg det ut her!

    (more…)

  • Å stå på eigne føter

    Det er underleg med dikt. Dei lever sitt eige liv. Då dei vart skrivne vart dei ofte fødde ut av misforståing og vanskelege stoder. Så vert dei levande på ny i nye situasjonar og får ein ny dimensjon over seg. Dette diktet som følgjer skreiv eg for mange år siden. Eg har også skrive det på ny på engelsk og gjort det tilgjengeleg for fleire på sidene "I am somebody".

    Å vera menneske

    er å stå på eigne føter

    rak i ryggen

    med lyfta hovud

    og ta imot

    hån og spott

    som heiders helsing

    To be somebody is to stand tall
    In the midst of opposition
    Standing upright on your own feet
    With your head lifted high
    Receiving scorn and mockery
    As token of distinction
    Taking despising remarks
    From the political correct people
    As medals of highest honour

  • Eg drøymer om eit fellesskap kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som kjem til kort, men veit kor det er hjelp å få.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som har smakt Guds nåde og har mista trua på alt menneskeleg strev.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som veit at dei skuldar han som gav seg sjølv for dei alt.

    Eg drøymer om samlingar av menneske som trur at Gud lønner dei som med iver søkjer han.

    Eg drøymer om enkle samvær av menneske som har lært å vera seg sjølv og som gjev rom for og oppmuntrar alle til å leva ut deira eigenart i frigjerande glede av å vera godteken av berre nåde.

    Eg drøymer folk om som ser Guds nåde i kvarandre når dei må sanna synd og be om tilgjeving.

    Eg drøymer om samlingar kor varme, kjærleik, tilgjeving, omtanke ikkje er noko ein snakkar om, men levd liv som syner seg i haldningar, ord og gjerningar.

  • Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne

    Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, – ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!

    Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!

    (more…)

  • Betlehem og Hiroshima

    Byane Betlehem og Hiroshima står for

    avgrunnsredsle og framtidshåp

    Hiroshima står for menneskeleg kløkt og avmakt

    Betlehem står for Guds nåde og allmakt

    Betlehem og Hiroshima er lagnadsbyar på godt og vondt

    Den eine bygd og øydelagd

    av store, sterke og kunnskapsrike menn

    gjorde oss alle til offer for atomterror

    Den andre bygd av fattigfolk

    med signing av Den Gode og Vise

    gav oss eit barn,

    og gav oss von om fred på jord!

  • Guds ord gjer sitt verk

    Guds ord er levande og kraftig.

    Det fullfører det verk det er sendt til å gjera i livet mitt.

    I opphavet var Ordet.

    Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

    Han var i opphavet hjå Gud.

    Alt vart til ved han,

    og utan han vart ikkje noko til

    av det som har vorte til.

    Han talte og det skjedde,

    han baud og det stod der.

    I tru forstår vi at heile universet

    er skapt ved Guds ord,

    at den synlege verda har vorte til

    av krafta i det talte Ordet frå Guds munn.

    I tru anar vi noko av makta i det talte ordet.

    (Frå "Kristusmeditasjonar og Kristusidentitet" av Erling Thu, kan bestillast på et@krinet.no

  • NÅR

    Når elvane fossar i årene dine

    Når fjorden speglar fjella i sjela di

    Når sola strålar varme frå augo dine

    Når vinden har vorte eitt med ånda di

    Når regn, sludd eller snø fyller orda dine

    Når du har kledd deg i himmelskyer

    Når du ber stjerner som krone

    Når du ser deg sjølv som einearving

    -til heile Guds vedunderlege verden

    Når du ser alle andre folk som einearvingar

    Når du kan syngja og tilbe Gud med heile kroppen

    -og alt som bur i deg

    Då veit du å verdsetja naturen

    – Guds eige meisterverk

  • Å kjenna Den Levande

    Å vera eit levande menneske er å kjenna Den Levande

    Han som vann over død og grav

    Han som aldri sviktar, men alltid er nær

    Orda hans er fulle av liv og tru

    Dei skaper håp og glede

    og jagar tunge og mørke tankar bort

    Orda hans utvidar meg

    Får meg til å tenkja nye tankar

    Får meg til å ta steg inn i det ukjente

    -for å utforska djupna i Gud

    Å vera eit levande menneske

    Er å bada i det profetiske ordet

    Frå han som gjev mål og meining til historia

    Og la Ordet gjennombløytta hjarte og sinn

    Så eg kan springja over murar

    Slå ned hindringar

    Vinna over fiendehærar

    Medan heile kroppen syng og dansar

    I den friske rytmen

    Frå Guds frigjerande lovnader

    Å vera eit levande menneske

    Er å leva i Ordet

    -frå Den Levande