Category: Fellesskap

  • Gode dagar saman med brør

    Dei siste dagane har eg vore saman med nokre fantastiske og trufaste brør på Gullbotn. Eg takka Gud for kvar og ein av desse gudfryktige vennene mine. Me har tent Herren saman i mange år. Heilt frå tidleg på åttitalet har eg kjend og arbeid saman med nokre av dei som var samla på Gullbotn desse dagane. Det er i seg sjølv ei stor velsigning å kunna arbeida saman med trufaste brør i så mange år. Det er Guds nåde og hans trufaste paktkjærleik som held oss saman. Eg elskar samfunnet av dei heilage.

    Ein av kveldane var me saman med elevane ved Bergen Bibelskule. Det var fint å bli litt kjend med dei. Eg ser fram til å undervisa dei i Guds ord ei veke i september. Denne kvelden fekk me vera med å be for elevane og tala Guds ord til oppmuntring til dei personleg. Det er alltid stort å sjå at orda frå Gud skapa tru og glede i folk.

    Me har brukt mykje tid i bønn. Det er utruleg godt å søkja Gud i lag med brør som elskar Herren. Me har oppdatert kvarandre på vandringa vår med Herren og om tenesta me står i. Så har me sjølvsagt evaluert og drøfta stoda i arbeidet i landet vårt. Det er eit stor oppdrag me har fått del i. Saman med alle dei heilage i landet vårt skal me sjå Guds rike gå fram. 

  • Små og store gleder

    Eg takkar Gud for livet kvar einaste dag. Kvar dag er ein nåde dag. Eg har kome i ein alder der eg har lært at eg ikkje kan ta noko som sjølvsagt lenger. Kvar dag takkar eg for livet. Kvar dag takkar eg for små og store gleder. Det er alltid nok å takka for. Me bur i eit av dei beste landa i verda. Me lever i ein velferdsstat med godt helsevesen og gode pensjonsordningar. Våre politikarar har forvalta oljerikdom på ein god måte. Ingen treng å lida naud i samfunnet vårt.

    Fullsizeoutput_177a5

    Her me bur i huset i skogen ser me Guds under i alt som blømer, veks og ber frukt. Me har alt hausta inn mykje ber. No er aroniabuskane snart klare til innhausting. I år er dei fulle av flotte svar ber som er fulle av sunne antioksidantar. Plommene har me alt teke til å hausta inn. Eplene står for tur. Grønnsakene nyt me til middagen. For ei glede å kunna nyta vår eiga avling. 

    Fullsizeoutput_177b4

    I dag har eg oppdaga at eg er i slekt med sjølvaste Arne Garborg. Min tipptippoldefar var bror til Arne Garborg sin bestefar! Det vil seia at min tipptipptippoldefar var Arne Garborg sin oldefar. Det er jo litt langt ute i slekta, men for ein nynorskmann er det stor stas å vera slekt i den store diktaren. Slektsforskning har vorte ein kjær hobby i det siste. Det er gildt å oppdaga kven forfedrane er og kor slakta kjem frå. Eg er så barnsleg at eg finn glede i slike små ting.

    Å vera gift med ei kone som berre blir gildare og gildare, det er ei av dei store gledene i livet mitt. Me har snart vore gift i 55 år og det er mykje å takka for. Dei seks barna våre har gjeve oss store glede og dei ti barnebarna er stadig ei kjelde til glede. Gud har vore veldig god mot oss og velsigna oss på så mange måtar. 

    Huskjerkå vår er i ferd med å verta ei skikkeleg bygdeforsamling. Det gler oss stort. Fellesskapet er varmt og inkluderande. Familiesamlingane og måltida saman med små og store kastar glans over kvardagen og reiser ein himmel over livet. 

    Det finst kanskje ikkje større glede enn å vita at namnet vårt er skrive i livsens bok i himmelen. Å vita at me er fødde på ny til eit levande håp ber oss gjennom dei mange utfordringane i livet. Det er sant at livet ikkje er ein dans på roser. Me får alle vår del av vanskar, motgangar og utfordringar. Livet kan vera skjørt og skrøpeleg, men så lenge det er liv er det grunn til glede!

     

  • Terror og hat

    Så har landet vårt på ny vorte råka av terror og hat. Denne gongen vart terroristen heldigvis overmanna før han fekk drepe folk som var i moskeen han gjekk til åtak på. Dessverre lukkast han med å drepa stesøstera si før terroråtaket. Den unge norske terroristen har hylla andre terroristar før den fryktelege handlinga si. Eg les at venner seier at han har gått gjennom ei endring i den siste tida og har teke ombord høgreekstremt tankegods. Somme seier også at han har vorte svært religiøs. Den vidare etterforskinga vil avdekkja dei faktiske forholda og gje oss innblikk i kven denne personen er.

    Det er svært trist at me har fått eit nytt terroråtak i landet vårt. Det er svært trist at det skjer ei polarisering i folket. Det er svært trist at grupper av menneske i landet blir redde og urolege. Me må reisa oss og motverka ei slik utvikling.

    Eg tek sterk avstand frå terror og hat, same kva grunngjevinga er. Terror og hat kan ikkje forsvarast, men må motarbeidast. I Noreg skal me leva i fred med kvarandre og vera venner for landet vårt byggjer på dei kristne verdiane. Det inneber at vi trur at alle menneske er skapte i Guds bilete og er like verdifulle. Menneskeverdet er heilagt og må ikkje krenkjast. Hatprat og menneskeforakt er difor forkasteleg. Den første grunnlova vår, Gulatingslova, opna slik:

    Det er opphavet til lovene våre at vi skal bøya oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og om fred og om at vi må halda landet vårt bygt og landsherren vår lukkeleg. Han vere vår venn, og vi hans, og Gud venn til oss alle.

    Kanskje me kan samla oss om denne bønna:

    Velsigna vårt kjære fedreland.

    Velsigna kongen og hans hus.

    Velsigna storting og regjering.

    Velsigna folk som bur i landet vårt med fred og forsoning.

    Lat folk som bur i landet vårt alltid søkja fred og Guds gode vennskap.

    Lat oss få vera ein nasjon av venner.

  • Det venaste syn som eg får sjå

    Denne strofa frå songen til Mattias Orheim, «Kor mykje stort, kor mykje gildt», har levd i meg dei siste vekene. Eg gler meg over det eg ser Gud gjera mellom unge menneske. Orheim seier i songen at det venaste syn han får sjå, er unge på kne for Gud. Ja, det er vakkert når unge menneske bøyer kne og gjev seg over til Gud. Det er flott å sjå unge kristne be om frelse for sine venner. Det er oppmuntrande at unge menneske kjem saman for å be. Eg ser det med mine eigne auge og eg høyrer om det frå mange kantar av landet: unge på kne for Gud. Bønnevekkinga er på gang, det er det venaste syn som eg får sjå.

    (more…)

  • Frå menneske til menneske

    Midt i menneskesoga lyser denne hendinga: Gud vart menneske. Det er brennpunktet i Guds evige frelseplan. I det første kapitlet i Bibelen får vi høyra at Gud skapte mennesket i sitt bilete. Mennesket vart skapt til fellesskap med Gud og kvarandre. Då synda kom inn i verda vart dette fellesskapet øydelagd. Likevel kom Gud og leita etter menneska. Han lova at ein frelsar skulle koma. I GT ser vi Guds frelseplan i utveljinga av Abraham og Israelfolket. Gong på gong grip Gud inn. Han sender profetar og bergingsmenn. Alle peikar fram mot det store historiske vendepunktet i Guds misjon: at Guds rike skulle koma nær.

    Inkarnasjonen er det store midtpunktet og mysteriet i den kristne trua. Den allmektige Gud steig inn i den verda han hadde skapt. Den heilage Gud vart menneske. Gud vart ein av oss. Han tok bustad mellom oss og flytta inn i vårt nabolag som sant menneske. Han er det sannaste menneske som nokon gong har levd på jorda. Han gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var under djevelens makt. I ord og gjerning forkynte han at Guds rike var kome nær.

    (more…)

  • I skjul

    I Salme 91 snakkar salmisten om å sitja i skjul og finna ly. Han snakkar om å ha ein plass å søkja tilflukt og ha ei borg der han er trygg. Bakgrunnen for desse orda er sjølvsagt at han er utsett for urett og vondskap. Folk set snarer for han og prøver å fanga han. Andre skyt piler etter han eller kjem mot han med skarpe sverd. Han er også utsett for øydeleggjande pest og plager som herjer og drep.

    Livet er ikkje enkelt for salmisten. Det er det heller ikkje for dei fleste av oss. Me møter utfordringar og vanskar av ulikt slag kvar einaste dag. Den vonde motstandaren vår skyt sine brennande piler av fordømming mot oss. Han brøler som ei løve og prøver å skremma oss til å kompromissa og synda, for det tykkjest å vera den einaste utvegen. Dessverre har mange av oss hatt den beiske opplevinga av at kompromiss og "ei lita synd" ikkje hjelper oss ut or ei vanskeleg stode, men berre gjer alt endå meir vanskeleg for oss. Dette hadde salmisten òg lært. Difor seier han: 

    Du, Herre, er mi tilflukt og mi trygge borg! Du er min Gud som eg set mi lit til. Eg sit trygt i skjul hos deg, Du høgste. Eg finn ly hos deg, Den veldige. Eg har gjort deg til min bustad. Du skal vera med meg og verna meg på alle mine vegar. Om tusen eller titusen fell rundt meg, vil Du ta vare på meg slik at eg ikkje blir råka av dei brennande pilene eller den smittande pesten.

    Ulukkene til dei rettferdige er mange, men Herren utfrir oss frå dei alle. Herren bergar oss når me held oss til han. Han vernar oss midt i det vonde som møter oss. Han er med oss i nauda og høyrer våre fortvilte rop om hjelp. Han friar oss ut og gjev oss ære. Han mettar oss med eit langt liv og let oss få sjå hans frelse.

    I våre dagar er det mange menneske som er på flukt frå krig og urett. Dei leitar etter nokon som kan vera eit skjul for dei og gje dei ly mot forfølging og vondskap. Dei bankar på dørene våre for å søkja ein trygg tilflukt. Hjelper me dei til å finna ein bustad og ei trygg borg hos Gud og mellom oss, eller snur me ryggen til dei?

     

  • Pinse kvar dag

    Me feirar pinse i desse dagane, men mange nordmenn veit ikkje kva dei feirar. Pinse er vel den kristne høgtida som mange har vanskelegast å forstå og forhalda seg til. Det er ikkje så rart, for når eg les korleis kristne teologar forklarar pinse er det ikkje lett å forstå kva pinse har med oss å gjera. Dei fleste teologane gjev oss høgttravande forklaringar om kva som hendte for nesten to tusen år sidan. Så får me mange filosofiske tankar om pinse har å seia for den kristne kyrkja.

    (more…)

  • Levande fellesskap

    Eg drøymer om levande fellesskap

    som er nyskapande i si organisering av livet,

    og kryssar gamle grenser,

    bryt ny mark og lever i skapande fornying,

    og dannar nye tillitsskapande nettverk

    som alltid strekkjer ut eit hand til forsoning

    og fellesskap med dei utanføre,

    som set si ære i å setja saman

    og utvikla sterke arbeidslag

    og er snare til å utnytta ny teknikk og

    nyvinningar på alle område

    når det hjelper menneske til eit betre liv

  • Inga fordømminga!

    Saman med KF Nordhordland har eg for nokre dagar sidan lese gjennom Romarbrevet. Det er eit brev med djupe teologiske sanningar. Rettferd ved tru åleine og ikkje ved lovgjerningar, ein av fleire frigjerande sanningar i dette brevet. Frå tidleg ungdom lærde eg mange vers i Romarbrevet utanåt. Det var ord om frelse og rettferd ved trua på Jesus. Orda i overskrifta på dette innlegget er henta frå Rom 8,1 som seier: ”Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus.” Dette er eit av mine favoritt bibelvers og det har vore til stor trøyst og glede for meg heilt frå eg vart ein kristen.

    Eg er vaksen opp i en kristen familie. Eg gjekk på søndagsskole og Yngres. Eg var med mor og far på møte på bedehuset. Då den store vekkinga gjekk over heimbygda mi då eg var ein ung tenåring, kjende eg på kallet til å gje meg over og ta imot Jesus. Eg hugsar godt dei sterke vekkingsmøta i Høylandskyrkja. Emissæren forkynte eit enkelt evangelium om Jesus og korset. Eg sat som regel på galleriet og følgde spent med på kven som gjekk fram for å gje seg over til Jesus. Eg kjende meg kalla. Eg hadde lyst å gå fram, men eg var ikkje modig nok. Eg var for feig. Dette plaga meg eit heilt år. Eg var full av fordømming fordi eg hadde vore for feig til å gå fram i kyrkja og bøya kne for Jesus.

    (more…)

  • Bønn frå ein som kjenner seg liten

    Eg er så liten

    Eg er så liten

    Eg er berre ei lita glo,

    gjer meg til ein eld,

    som kan setja andre i brann for deg

    og elden din spreiast på jorda.

     

    Eg er så liten

    Eg er berre ein laus streng,

    gjer meg til ei fele,

    som du kan spela på

    slik at folk blir glade.

     

    Eg er så liten

    Eg er berre ein liten dråpe,

    gjer meg til ei kjelde,

    som forfriskar dei trøtte

    og mettar dei som tørstar.

     

    Eg er så liten

    Eg er berre ei lita tue,

    gjer meg til eit stort fjell,

    som let sin svalande skugge

    gje lindring på ei utpint jord

    der folk lengtar etter trøyst.

     

    Eg er så liten

    Eg er berre ei lita fjør,

    gjer meg til ei ørn som lyftar vengene sine

    og let Andens vind lyfta folk opp

    frå dei grå kvardagane

    til å bu hjå Den Evige og Herlege!

     

    Amen i Jesu Kristi namn!