Nokre gongar er det sunne og åndeleleg ein vanskeleg balansegang. I denne artikkelen prøver eg å setja lyset på spenninga mellom fellesskapet og individet. Koss kan me vera eit tett og nært fellesskap som frigjer folk og elskar fram initiativ og friske tiltak? Koss kan eg fullføra kallet og tenesta mi samstundes som eg underordnar meg fellesskapet? Koss får me personleg ansvar og fridom til å gå saman med lojalitet og underordning i fellesskapet? Eg har ikkje alle svara på desse spørsmåla, men voner at eg kan hjelpa kristne sysken til å tenkja gjennom stoda si så dei kan søkja Gud og finna svar for seg sjølve.
Category: Fellesskap
-
Faktorar til endring
Vi er på mange måtar midt inne i eit paradigmeskifte. Det inneber endra tenkjemåte og grunnsyn slik at utfordringar og vanskar vert løyste på nye måtar. Vi vender tilbake til det grunnleggjande i kristenlivet. Vi går tilbake til røtene våre og vi finn ny meining i det Gud viste oss då vi starta Kristent Fellesskap.
Alt veksande liv er i endring. Alle levande organismar er i endring og må leva i fornying, elles døyr dei. Alle kristne treng å leva i stadig forfrisking i trua og fornying i kristenlivet.
-
Eg drøymer om eit fellesskap kor alle samlingar er merka av Guds nærvær for dei er samlingar av lengtande menneske.
Eg drøymer om samlingar av menneske som kjem til kort, men veit kor det er hjelp å få.
Eg drøymer om samlingar av menneske som har smakt Guds nåde og har mista trua på alt menneskeleg strev.
Eg drøymer om samlingar av menneske som veit at dei skuldar han som gav seg sjølv for dei alt.
Eg drøymer om samlingar av menneske som trur at Gud lønner dei som med iver søkjer han.
Eg drøymer om enkle samvær av menneske som har lært å vera seg sjølv og som gjev rom for og oppmuntrar alle til å leva ut deira eigenart i frigjerande glede av å vera godteken av berre nåde.
Eg drøymer folk om som ser Guds nåde i kvarandre når dei må sanna synd og be om tilgjeving.
Eg drøymer om samlingar kor varme, kjærleik, tilgjeving, omtanke ikkje er noko ein snakkar om, men levd liv som syner seg i haldningar, ord og gjerningar.
-
Eg har ein draum om ein ny generasjon av radikale kristne
Eg drøymer om radikale kristne som har forstått at kristendommen ikkje er ei rekkje med religiøse møte eller aktivitetar, men eit nytt liv i fellesskap med Jesus Kristus og med andre menneske, – ein ny måte å leva heile livet sitt på 24-7!
Eg drøymer om radikale kristne som tek eit oppgjer med tradisjonelle møteformer, som har sitt opphav i gammaltestamentleg tempel- og synagogetenking og ikkje i den organiske tenkinga om forsamlinga som eit livsfellessap i Jesu Kristi kropp!
-
Levande og veksande fellesskap
I den seinare tida har Gud gjeve oss eit fornya fokus på fellesskap. Eg tala om det på gudstenesta sist søndag i Kristent Fellesskap Bergen. Om du les vidare kan du sjå preikeutkastet mitt!
-
Blogging – å leggja livet sitt ope på internett
Blogging er eit nytt ord, ein ny aktivitet! Det er ikkje lenge sidan det vart oppfunne. Det kjem av det engelske weblog som vart forkorta til blog. Ein bloggar er ein som har sin personlege blog. Ein blog kan vera ei side på internett med ei personleg dagbok med tankar, opplevingar, refleksjonar, meditasjonar, meiningar, eller noko du brenn for. Eit av kjenneteikna på ein blog er at han som oftast inneheld mange lenkar til andre sider. For meg er blogging, som overskrifta seier, å leggja livet sitt ope på internett!
-
Å arbeida saman
Det er ei stor glede å kunna arbeida saman med mange ulike menneske som er har same ønskje om å gjera Guds vilje i alle ting. Gud vil fellesskap. Gud vil samarbeid. Gud vil samhald. Gud vil einskap og mangfald! Det er godt å leva slik Gud vil!
-
Prinsipp for planting av nye forsamlingar
Det trengst mange hundre nye forsamlingar! Kven som helst, som Gud kallar og utrustar, kan når som helst og kor som helst starta ein ny forsamling, leia av Gud og driven av kjærleik til menneske og nød for deira frelse.
-
Nytestamentleg kristendom på frammarsj
Over heile verda er nytestamentleg kristendom på framgang, medan tradisjonell institusjonalisert kristendom er på tilbakegang.
-
Nye kristne fellesskap
Det er spennande ting på gang på kristenfronten i Norge i desse dagane. Vi ser oppmuntrande teikn på nytenking og frisk satsing for å vinna nye menneske for Jesus i mange samanheng. Ikkje minst gjer dette seg utslag i danning av nye forsamlingar, cellegrupper, husgrupper og bønnegrupper.