Bibelen er ei vedunderleg bok! Gud talar til meg gjennom Ordet sitt i Bibelen. Eg les Bibelen som Guds kjærleiksbrev til meg. Difor les eg også mellom linjene og påm kryss og tvers for å få tak i ånda i forteljingane. Eg opplever at Bibelen er Guds innbying til fellesskap. Ved å arbeida med Ordet og å la Ordet få arbeida med oss, går vi djupare inn i fellesskapet med Gud!
Category: Norske innlegg
-
Å arbeida saman
Det er ei stor glede å kunna arbeida saman med mange ulike menneske som er har same ønskje om å gjera Guds vilje i alle ting. Gud vil fellesskap. Gud vil samarbeid. Gud vil samhald. Gud vil einskap og mangfald! Det er godt å leva slik Gud vil!
-
Dogg i øydemarka
Eg var på veg til eit møte i ein by. Eg hadde vorte henta på flyplassen av ein god venn og vi køyrde mot byen. Eg sat i baksetet av bilen då Gud gav meg eit syn og tok til å tala til meg.
-
Ventande på Gud
Vi lever i tru og ventar på Gud. Det er den kristne grunnhaldninga. Dette gjer oss vakne og opne for alt som hender rundt oss. Det gjer at vi er tilstades i samfunnet og i kvardagen vår ventande på Guds nærvær og inngrep.
-
Flodbølgja – ein straffedom?
”Allah er sint! Difor har han sendt denne straffedommen over oss, sa den indonesiske muslimen på TV. Norske, meir eller mindre kjendte kristne har kome med liknande påstandar om Guds dom og straff i samband med flodbølgja. Rett nok har nokre av dei kome med presiseringar eller orsakingar for uvørne påstandar i ettertid. Det er tydeleg at mange spør om kor Gud er i det som har hendt.
-
Vaktmann – ei profetisk røyst
Vi er kalla til å vera ei profetisk røyst til landet og folket vårt! Vi har mykje å læra av profetane i Det gamle og Det nye testamente.
-
Hjelp til dei som er råka av flodbølgja
Eg har idag fått kontakt med vår venn Venkateswara Rao som bur i Machilipatnam som ligg på austkysten av India i delstaten Andra Pradesh. Vi besøkte han og var på stranda i november. Han driv eit fantastisk hjelpearbeid frå før med hjelp til sjølvhjelp gjennom ein organisasjon han har bygd opp: Faith Action for Community Transformation – FACT India. Då eg snakka med han på telefonen sa han at det var store behov for hjelp til dei overlevande i desse kystområda som vart råka av flodbølgja. Han set no igang eit hjelpearbeid og eg lova at vi ville samla inn midler som skal gå til hjelp for dei som har mista alt.Eg legg ved den eposten eg nettopp har fått frå Venkateswara. Der vil du sjå at i hans område er det fleire hundre døde. Heile landsbyar er øydelagde og dei treng absolutt alt for å få ein ny start!
Midlar kan sendast til Kristent Nettverk sin kontonr. 3632.50.97587
-
Vak og be!
I den seinare tid har Gud tala til meg på mange ulike måtar om å vaka og be. Vi står i ein åndeleg kamp for å hausta inn den store grøda som høyrer Herren til. Berre når vi vakar og bed vil vi kunna verta brukt av Gud til å landet vårt tilbake til Gud. Landet vårt vil berre venda seg til Gud når vi som er kristne er vakne og nærverande i vårt samvær med menneske på arbeidsplassen og i nabolaget.
-
Immanuel – Gud er med oss
Verda har nok av gudar og avgudar
idol og stjerner i sport og idrett,
i film og teater.
Men dei kan ikkje hjelpa
mennesket på nokon måte.
Gudane er så langt borte
i ei eventyr verd
dei er ikkje på jorda kor vanskane er.
-
Gje noko verdifullt
Vi gjev så mange gåver,
vi gjev så mange offer,
berre fordi vi synest vi må følgja
skikkar og tradisjonar
for fødselsdagar og feiringar.