Category: Norske innlegg

  • Visjonen

    Visjonen

    Ein type kom bort til meg og sa: ”Kva er visjonen? Kva handlar det om?”

    Eg opna munnen min og orda kom ut som dette:

    Visjonen?

    Visjonen er JESUS – den altoppslukande, farlege, unektelege Jesus

    Visjonen er ein hær av unge menneske

    Du ser bein? Eg ser ein hær. Og dei er FRIE frå materialisme!

    Dei ler av dei små 8-4 slavane

    Dei kunne eta kaviar på måndag og brødskorper på tysdag

    Dei ville ikkje eingong merka skilnaden

    Dei forstår meininga med The Matrix, dei veit koss Vesten vart vunnen

    Dei er mobile som vinden. Dei tilhøyrer nasjonane. Dei treng ikkje pass.. Folk skriv adressene deira med blyant, og undrast over deira merkelege liv. Dei er frie, men er likevel slavar for dei såra, skitne og døyande.

    Kva er visjonen?

    Visjonen er eit heilagt liv som blendar augo. Det får barn til å le og vaksne til å verta forarga. Det gav opp spelet om minimum integritet for lenge sidan, men strekkjer seg etter stjernene. Det foraktar det som er bra og strevar etter det beste. Dette livet er farleg reint!

    Lyset når inn i kvart skjult motiv, i kvar private samtale.

    Det elskar folk bort frå deira sjølvmordstankar, deira leik med Satan.

    Dette er ein hær som ofrar livet for Oppdraget.

    Millionar gongar kvar dag kjem soldatane til å

    Velja å mista alt

    Så dei ein dag kan få høyra

    Det store ordet: ”Bra gjort, trufaste søner og døtrer!”

    Slike heltar er like radikale på måndag morgon som på søndag kveld. Dei søkjer ikkje ros. I staden smiler dei stille opp mot himmelen og høyrer vitneskaren ropa oppatt og oppatt ”STÅ PÅ! STÅ PÅ”

    Lyden stig frå undergrunnen

    Kviskring om historie på gang

    Grunnvollar skakar

    Revolusjonærar drøymer på ny

    Hemmelege planar kviskrast

    Ei mumling blant dei samansvorne

    Og dette er lyden frå undergrunnen

    Hæren er disipl(in)er(t)

    Unge menneske som tvingar kroppane sine til lydnad

    Kvar soldat er budd på å døy for sin våpenbror

    Tatoveringa på ryggen seier skrytande: ”Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning” (Fil.1:21).

    Offer kveikjer sigersgløden i deira oppvende augo

    Vinnarar. Martyrar. Kven kan stoppa dei?

    Kan hormon halda dei tilbake?

    Kan fiasko lukkast? Kan frykt skræma dei eller døden drepa dei?

    Og denne generasjonen ber

    Som om det galdt livet

    I djupe sukk

    Som frå ein døyande mann

    Med stridsrop, brennande tårer

    og store lass av lått!

    Dei ventar. Dei vakar: 24 – 7 – 365

    Dei gjer det som kravst av dei: Dei bryt reglar. Dei skakar det middelmåtige frå sine koselege gøymestader. Dei legg ned rettane sine og dei små feilstega sine. Dei fastar frå det nødvendige og ler av merkevarer! Reklamefolka kan ikkje forma dei. Hollywood kan ikkje halda dei. Gruppepresset får dei ikkje til å skifta meining på nattlege festar før hanen gjel.

    Dei er utruleg kule, farleg tiltrekkjande

             på innsida.

    Og utsida? Dei bryr seg knapt. Dei ber kler som kostymer for å kommunisera og feira, men aldri for å gøyma seg.

    Vil dei gje opp sitt rykte eller sin popularitet?

    Ja, dei vil leggja ned sine liv. Dei vil bytta plass med den dødsdømde – skuldig som helvete. Dei vil bytta kongstolen med den elektriske stolen.

    Med blod, sveitte og mange tårer, i søvnlause netter og dagar utan frukt, ber dei som om alt var avhengig av Gud, og lever som om alt var avhengig av dei.

    Deira DNA vel Jesus (han andast ut, dei andast inn)

    Det umedvite syng i dei. Dei har bytt blod med Jesus.

    Orda deira får demonar til å skrika på kjøpesentera

    Høyrer du ikkje at dei kjem?

    Hylla dei merkelege! Kalla saman taparane og frikane. Her kjem dei redde og gløymde med eld i augo. Rakrygga står dei fram og trea klappar, skykraparane bøyer seg, fjella vert som dvergar mot desse barna av ein annan dimensjon. Bønnene deira kallar saman himmelens jakthundar og vekker opp den gamle draumen fra Eden.

    Visjonen ber røyndomen i seg. Det kjem til å henda. Det kjem lett. Det kjem snart.

    Koss kan eg vita det?

    Jo, for dette er sjølve lengten hjå alt det skapte, det Anden stundar etter med djupe sukk, Guds eigen draum.

    Min morgondag er hans i dag. Mitt fjerne håp er hans 3D.

    Og mi svake, kviskrande, bønn utan tru, manar fram eit dundrande, gjallande, omskakande stort ”Amen!” frå tallause englar, frå heltar av trua, frå Kristus sjølv – den opphavelege drøymaren, Han er den største vinnaren.

    Garantert!

    Tekst: Pete Greig, skrive på veggen i eit bønnerom 1999. Brukt av Gud til å starta ei verdens vid bønnerørsle, 24-7-365! Omsett av Erling Thu, 2005

  • Blogging – å leggja livet sitt ope på internett

    Blogging er eit nytt ord, ein ny aktivitet! Det er ikkje lenge sidan det vart oppfunne. Det kjem av det engelske weblog  som vart forkorta til blog. Ein bloggar er ein som har sin personlege blog. Ein blog kan vera ei side på internett med ei personleg dagbok med tankar, opplevingar, refleksjonar, meditasjonar, meiningar, eller noko du brenn for. Eit av kjenneteikna på ein blog er at han som oftast inneheld mange lenkar til andre sider. For meg er blogging, som overskrifta seier, å leggja livet sitt ope på internett!

    (more…)

  • Mørket må vika for Ordets lys

    Vi var samla til bønn og bad for ein flokk kristne på ei øy. Medan vi bad såg eg brått eit bilete framføre meg.

    Eg såg heile øya og området rundt tydeleg for meg. Det var som eit mørke ville senka seg over øya. Ei stor svart og mørk sky la seg over området. Ut or skya kom det lange, kvasse klør som skilde kristne menneske frå kvarandre. Det var ikkje noka hyggjeleg syn og heldigvis varte det ikkje lenge før eg såg noko nytt.

    (more…)

  • Min draum for Kristent Fellesskap i Bergen

    Eg drøymer om KF som ein apostolisk base og senter for forsamlingsplanting.

    Eg drøymer om minst ei levande forsamling i alle dei 40 skulekrinsane i Bergen.

    Eg drøymer om store samlingar kor alle KF folk i heile distriktet kjem saman til feiring og forkynning – 5-6 gongar i året.

    Eg drøymer om 5000 husforsamlingar på om lag 10 i kvar spreitt over heile byen!

    Eg drøymer om å kunna trena og senda ut hundrevis av folk som vil planta nye forsamlingar kvart einaste år – både i Noreg og i mange andre land!

  • Bekken på vegen

    Eg var på veg til eit møte. Eg hadde eit klart oppdrag frå Herren om kva eg skulle gjera, eller rettare sagt kva Herren ville gjera gjennom meg. Men eg hadde ikkje fått ei preik eller eit bibelstudium som eg skulle gje dei. Eg sit i bilen og grundar på Herrens ord til meg då eg brått får eit bilete som levande kjem meg i møte.

    (more…)

  • Krusedullvinden

    Vi var ein del brør som var saman i bønn. Det var ei slik lifleg og ljuvleg ånd mellom oss. Det var ein atmosfære av takk og lovsong. Guds nærvær kunne kjennast og nytast av alle. Då gav Gud meg eit litt underleg syn som bare forsterka den gode stemninga og utløyste ny glede mellom oss.

    (more…)

  • Kjønnsnøytral ekteskapslov?

    Fleire politiske parti har vedteke forslag om kjønnnøytral ekteskapslov og homofil adopsjon. Sterke pressgrupper har i lengre tid arbeida for dette. Til hausten kan dette forslaget koma opp i Stortinget. Valet i 2005 er eit lagnadsår for ekteskapet og familien i Noreg. Alle kristne må sjå ansvaret sitt og gjera det som kan gjerast for å ta vare på den tradisjonelle forståinga av ekteskapet som eit trufast forhold mellom ei kvinne og ein mann.

    (more…)

  • Ei tid med velsigning

    Vi var samla til bønn og  eg opplevde at Gud kviskra i hjarta mitt: Dette er ei tid med velsigning. Eg vart glad og fylt med glede og undring: Korleis vil du velsigna Herre? Eg vart ståande for Guds åsyn med venting og sitrande spenning i meg. Gud kjem med velsigning, – det er godt og herleg når velsigninga frå Gud flyt mellom menneske. Medan eg grunda på dei orda som brann seg inn i hjarta: dette er ei tid med velsigning, såg eg brått eit bilete, eit syn i mi ånd.

    (more…)

  • Velsigna vere Herren!

    Det er palmesøndag! Dei religiøse likte ikkje at barna og læresveinane song og dansa av glede medan dei hylla Jesus. Då Jesus dette til dei: ”Har de ikkje lese?” Så synte han dei at Skrifta er full av oppmodingar til takkseiing, lovsong og lovprising av Gud.

    Salmisten seier at Gud har lagt ein ny song i vår munn. Det er sjølvsagt rett å lova Gud for hans velgjerningar mot oss. Jesus sa at om  vi teier skal steinane ropa!

    Vi trur med hjarta og sannar med munnen, då vert det vårt, det vi seier (Rom.10,19-10)! Vi trur difor talar vi! Vi talar, fordi vi har den Anden som gjev tru (2.Kor.4,13). Fordi Gud har sagt noko, kan vi vere trygge og seia noko i samsvar med ordet frå Gud (Hebr.13,5-6).

    (more…)

  • Å kjenna Den Levande

    Å vera eit levande menneske er å kjenna Den Levande

    Han som vann over død og grav

    Han som aldri sviktar, men alltid er nær

    Orda hans er fulle av liv og tru

    Dei skaper håp og glede

    og jagar tunge og mørke tankar bort

    Orda hans utvidar meg

    Får meg til å tenkja nye tankar

    Får meg til å ta steg inn i det ukjente

    -for å utforska djupna i Gud

    Å vera eit levande menneske

    Er å bada i det profetiske ordet

    Frå han som gjev mål og meining til historia

    Og la Ordet gjennombløytta hjarte og sinn

    Så eg kan springja over murar

    Slå ned hindringar

    Vinna over fiendehærar

    Medan heile kroppen syng og dansar

    I den friske rytmen

    Frå Guds frigjerande lovnader

    Å vera eit levande menneske

    Er å leva i Ordet

    -frå Den Levande