Ein Guds mann ber fram profetord

Det kom ein Guds mann til Eli. Han var send frå Herren Allhærs Gud. Vi kjenner ikkje namnet hans, men han var ein av Guds profetar. Brått kjem han fram i lyset og forkynner Ordet frå Gud om Eli og sønene hans, før han er borte og vi veit ikkje meir om han. Det er ofte profetane sin lagnad å ikkje verta lagd merke til eller verta gløymde når bodskapen er boren fram. Det gjer ingen ting, for profetane er tenarar for Ordet. Det viktige er at Ordet kjem fram til rette motakar og får gjort si gjerning.

Uttrykket ein Guds mann vart brukt om Moses, Samuel og meir enn førti gongar om ulike profetar i Dommarboka, Samuelsbøkene, Kongebøkene, Krønikebøkene, Esra, Nehemja og ein gong hjå profetane. Dette er første gongen vi høyrer om ein profet i Israel sidan Debora.

Gudsmann – isha elohim (Dom.13,6; 1.Sam.2,27; 9,6 osv)

Det ligg i dette uttrykket at Gudsmannen er ein som er kjenneteikna av å ha med Gud å gjera. Han er ein som tilhøyrer Gud, kjenner Gud, og tener Guds interesser.

I dagane som kjem vil det stå fram mange slike anonyme profetar som ber fram viktige ord frå Gud. Tida med dei store "stjerneprofetane" er over. No lever vi i ei tid kor Herren renner ut sin profetiske Ande over alle menneske. Vi er midt inne i det mange profetar kallar den andletslause vekkinga. Det er ei tid kor Gud bruker vanlege folk til å gjera storverk og kor han reiser opp ein stor flokk av menn og kvinner som tener han heilhjarta og ber fram ord frå Gud til folk og nasjonar.

Det er mi bønn at Gud vil reisa opp mange gudsmenn og gudskvinner som kan tena han i kvardagen og vera med å føda fram ei ny tid.

Leave a Reply to HåvardCancel reply

Comments

One response to “Ein Guds mann ber fram profetord”

  1. Håvard Avatar

    likte godt det du skriver her om at det ikke vil være profetene men profetordet som vil være det sentrale og at det ikke er det enkeltmennesker gjør, men det Gud gjør som kjennetegner den tida vi lever i. Gud skal ha et folk som han kan herliggjøre sitt navn på!

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading