Forstå åndskampen

Guds ord seier klart og tydeleg at me står i ein åndeleg kamp. Denne kampen er ikkje retta mot menneske, men mot usynlege krefter som er verksame i vår tid (Ef.6,12). Det finst ein herskar, ei åndsmakt som verkar i alle som er ulydige mot Guds ord. Menneska kan leva etter sine instinkt frå kroppen, eller fylgja sine eigne ynskjer, tankar og idear, men er i røynda styrt av demoniske makter utan å vita det (sjå Ef.2,1-4).

Me kan gjera bruka av den rettleiing apostelen Peter gjev i 1.Pet.3,15-16 i åndskampen me står i og når me skal nå menneske som har eit anna livssyn enn oss. Me kan samla undervisinga hans i 6 punkt:

1. «Helga Kristus til Herre i hjarta.» Me vil berre kunna vinna åndskampen om me verkeleg har helga Jesus Kristus til Herre i hjartet på ein slik måte at det kan sjåast i det livet me lever. Jesus er Herre! Dette er det sentrale punktet i den kristne trua. Difor må det kunne sjåast at han verkeleg er Herre og har fyrsteplassen i alt me tenkjer og gjer.

2. «Ver alltid førebudde.» Dette inneber å vera kjend i Skrifta og å kunna visa andre frå Bibelen kva Guds vilje er. Når me kjenner Bibelen kan me også retta opp i mange misforståingar som folk har om den kristne trua. Les dagleg i Bibelen på ein systematisk måte og granska Skrifta så du verkeleg veit kva Guds ord seier. Bibellesing og bønn er den beste førebuing!

3. «Så den kan svara for dykk.» Me vil få spørsmål når me er saman med ikkje-truande menneske og om me kan svara ærleg og truverdig kan me hjelpa folk til tru.

4. «Når nokon krev dykk til rekneskap.» Gud vil gje oss høve til å dela trua vår med folk me arbeider saman med eller møter i kvardagen om me bed han om det.

5. «Gje rekneskap for det håpet de eig.» Eit nært og levande forhold til Jesus Kristus er sjølve kjelda me auser frå når me skal forsvara, forklara eller forkynna evangeliet for menneske me er saman med.

6. «Gjer det audmjukt og med
gudsfrykt.» Når me deler trua vår må me alltid gjera det med respekt for dei
med deler det med. Når me møter folk med rette haldningar og gjev dei høve til å spørja og koma med motførestellingar, vil me kunna ha ein open og fri dialog der me frimodig kan fortelja kva Bibelen seier.

Det er også nyttig å ta med seg den rettleiing apostelen Paulus gjev oss (1.Kor.1,17-2,5) og læra av hans eksempel:

1. «Me er sendt for å forkynna evangeliet om Kristi kross.» Talekunst og filosofi kan undergrava evangeliet og gjera at det mistar krafta si.

2. Ha eit klart fokus på Kristus og det han har gjort for oss. Ordet om krossen er Guds kraft til frelse, jamvel om nokre menneske støyter seg på det og tykkjer det er tåpeleg.

3. Ber fram ordet med Ande og kraft som bevis. Ekte kristen tru byggjer ikkje på menneskevisdom, men på Guds kraft. Difor må evangeliet forkynnast ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding.

Folk lengtar etter åndelege realitetar. I vår tid er folk opnare for åndelege opplevingar enn dei var i foreldregenerasjonen vår. Dette gjer at det ikkje er nok å ha rett kristen lære og leva eit flott liv, me må også vera i stand til å¨formidla Guds kraft til menneske me møter. Det er ikkje nok med gode argument, me må ha ei god ånd med oss og kunna setja folk fri når me møter dei med Guds kjærleik.

Den personlege trua og forholdet til Jesus Kristus er grunnvollen me byggjer heile livet vårt på. Dette er ikkje privat eller religiøst, men sjølve livet for oss. Difor ynskjer me å dela det med så mange som råd.

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading