Personleg – men ikkje privat

Å vera disippel av Jesus og tru på han,
fylgja etter han og leva etter hans lære er å vera det me kallar ein personleg
kristen. Det inneber at me har eit personleg forhold til Jesus Kristus. Difor
seier me ofte at me har ikkje ein religion, me er ikkje religiøse, men me har
vorte kjende med Jesus Kristus som er vår Herre og Frelsar. Den såkalla kristne
religionen kan ikkje berga denne verda
me lever i, men Jesus Kristus kan. Folk som kjenner Jesus og lever etter hans
ord kan vera med på å forandra samfunnet og berga nasjonar frå undergang om dei
forstår at trua er personleg, men ikkje privat.

Resten av denne artikkelen kjem eg til å leggja ut i dei neste dagane under dei del overskriftene du finn nedanfor. Om du vil ha berre eit emne om gongen kan du fylgja med i det som kjem dei neste dagane, men eg legg det ut under eitt for dei som ynskjer å få med seg heilskapen.

Retten til å tru og ha eit offentleg
livssyn

Den vestlege verda er i vår tid
kjenneteikna av rasjonalisme, materialisme og såkalla humanisme. Det inneber at
det er berre det som kan forklarast logisk, forståast med forstanden og som set
mennesket i sentrum som er politisk korrekt. Denne sekulære humanismen gjer seg
ut for å vera fornuftig, menneskeleg og livssynsnøytral, medan dei framsteller
alle som trur annleis for å vera sekteriske, inhumane, bakstreverske mørkemenn.
Desse sekulære humanistane, som i praksis også er ateistar, dominerer kultur og
media på ein skræmande måte. Dei vil nok gje folk rett til å tru kva dei vil,
men dei vil seia at denne trua høyrer privatlivet til og bør ikkje blandast inn
i politikk eller samfunnsliv.

Kristne menneske kan sjølvsagt ikkje
godta slike grenser for trua si. Det er sjølve religionsfridomen som står på
spel. Retten til å tru og ha eit offentleg livssyn er grunnleggjande for eit
demokratisk samfunn. Denne retten må me alle slåst for, meir enn på lenge, for
intoleransen har fått stor plass i samfunnet vårt. Me har fått lover som skal
verna visse grupper mot diskriminering og negativ omtale medan det har vorte
fritt fram å tala nedsetjande om alle som har eit anna syn enn desse gruppene.
På denne måten greier dei effektivt å lukka munnen på dei som har eit anna
livssyn. Til og med mange kristne er ikkje vakne nok for denne utviklinga medan
dei fleste med eit politisk korrekt syn lukkar auga for det som skjer.

Alt for mange kristne har slått seg til
rom med å ha ei privat tru. Dei dyrkar sitt personlege forhold til Gud heime og
lever ut trua si i kristne samanhengar. Til vanleg godtek dei rasjonalistiske og
materialistiske forklaringar på ting som hender og let seg lura av den sekulære
humanistiske tankegangen. Dei forstår ikkje den åndelege kampen som pågår. Dei
ser ikkje kva som ligg bak det som føregår rundt dei avdi dei har vorte påverka
av den postmoderne kulturen dei lever i.

Dei allmenne menneskerettane gjev oss
rett til å ha eit offentleg livssyn og til å gjera trua vår kjend. Denne retten
har me kristne fyrst og fremst frå Gud. Me har eit oppdrag som går ut på å
utvikla den sosiale verda, med familiar, forsamlingar, lokalsamfunn, byar,
fylke, nasjonal regjering, lover osv. Me har også eit oppdrag om å dyrka jorda,
ta vare på miljøet, byggja heimar, vegar, bruer, laga musikk, kunst,
dataprogram osv. I alt dette har me som mål å æra Gud og vera til velsigning
for våre medmenneske. Difor går me langt utover det å kritisera kulturen me
lever i, for oppdraget vårt er å skapa kultur og utvikla heile samfunnet i
samsvar med Guds ord.

I dag møter me, som vil stå for det
Bibelen seier, aukande motstand. Bibeltru kristne er meir og meir på
kollisjonskurs med dei politisk korrekte meiningane og den postmoderne
kulturen. Difor må me førebu oss så me kan møta den tøffare motstanden på ein
god og rett måte.

Når
kristentrua møter motstand

Motstand mot kristentrua er ikkje noko
nytt, men noko kristne har levd med frå fyrste stund. Me kan lesa om motstand
og forfylging av kristne i Apostelgjerningane og i heile kyrkjesoga opp til vår
tid. Apostelen Paulus sa at alle som vil
leva gudfryktig vil verta forfylgde (2.Tim.3,12). Kristne har opp gjennom
historia opplevd sanninga i desse orda. Her i landet vårt har kristne stort
sett vorte sparte for forfølging. Samanlikna med kva kristne i andre land har
måtta gå gjennom må me seia at vanskane våre har vore lette. Likevel er det
slik at det aldri har vore fleire kristne martyrar, som har gjeve livet sitt
for trua på Jesus, enn det er i våre dagar.

Liding, prøvingar, motstand og
forfølging er eigentleg normalt for som vil leva gudfryktig! Det er eit teikn
på at me sanning er lys og salt i verda og at trua vår er ekte og djup. Når me
set vår lit til Gud vil me oppdaga skjulte velsigningar i lidingane våre for
evangeliet.

Kristentrua møter motstand frå mange
kantar i den postmoderne Vesten, men denne motstanden er ikkje serleg valdeleg
endå. Det er teikn som kan tyda på at kristne går trongare tider i møte i
landet vårt og i Europa. Intoleransen er veksande, under dekke av toleranse,
for livsstilar som Bibelen fordømmer. Det er i dag vanskeleg å stå for
sanningar som tidlegare var allment godtekne. Det har vore ei skremmande
utvikling i samfunnet vårt. Mange av dei moralske og etiske retningslinjene i
Bibelen er i strid med politisk korrekte meiningar i vår tid. Difor har mange
kristne valt å liggja lågt i terrenget og ikkje gjera synspunkta sine kjend
eller dei har valt å endra meiningane sine for å verta meir godtekne i
samfunnslivet. Klassisk bibelsk kristentru er under sterkt press i våre dagar.

Kristne i mange andre land møter
motstand mot misjon på ein mykje meir brutal måte enn me gjer. I land som Saudi
Arabia, Vietnam og Kina kjem forfylginga og motstanden mot kristentrua frå
styresmaktene. I desse landa er religionsfridomen ein illusjon. I andre land
med ein sterk majoritets religion, kjem motstanden mot kristentrua frå fundamentalistiske
organisasjonar eller det etablerte religiøse systemet (slik
statskyrkjeapparatet forfylgde dissentarar i vårt eige land).

Eg har mange venner i India. Dei er glad
i folket og landet sitt. Dei arbeider for å gjera kristentrua kjend i sitt eige
land, der mange folkegrupper endå ikkje har fått evangeliet. Dei kristne i
India møter for tida ein aukande motstand. Antiomvendingslover som skal gjera
det vanskeleg for kristne å utbreia trua si vert innført i stadig fleire
statar. Sterke facistiske krefter gjer seg gjeldande. Antikristne
organisasjonar går til opne åtak på kristne. Kyrkjebygningar vert brende ned,
kristne vert plaga, utsett for forfølging og til og med drepne. Dei får falske
klagar retta mot seg og vert arresterte utan å ha gjort noko gale. Trass i dei
aukande vanskane kjem stadig fleire til tru på Jesus Kristus og nye kyrkjelydar
veks fram. Eg vert rørt når eg høyrer vitnemåla til våre kristne sysken i India
og ser deira brennande iver etter å vinna nye trass i motstanden dei møter.

Me må ikkje lata oss skræma av
forfølging og motstand når me veit at mange kristne vert drepne på grunn av si
tru mange stader. Eg kan ikkje sjå at det er noka overhengande fare for det i
landet vårt, men me treng frimod og styrke til å stå imot det aukande presset
frå samfunnet på kristen moral og tru. Same korleis motstanden vil arta seg,
veit me at Gud tek seg av oss, så me treng ikkje vera redde (Matt.10,28-31;
Luk.21,16-18).

Me må halda fram med å gjera det Bibelen
seier er rett og setja vår lit til Gud. I staden for å tilpassa oss samfunnet
sine nye normer må me frimodig stå fast på det Guds ord seier. Midt i motstand
og forfylging kan me takka Gud og vera glade! Våre lidingar er små og lette
samanlikna med det vår Herre leid for oss og det kristne i andre land må lida.
Me må trufast forkynna Guds ord utan å lata oss skræma.

Me driv ikkje strid mot menneske, men
står i ein åndeleg kamp. Vårt sterkaste våpen er i følgje Jesus Kristus å be
for og velsigna dei som forfølgjer oss (Matt.44-48)! Me kan overvinna det vonde
med det gode (Rom.12,14-21)! Kjærleiken er sterkare enn hat og vondskap!
Velsigning skaffar oss fleire venner enn forbanning gjer!

Me skal sjølvsagt ikkje søkja
forfylging, men gjera alt me kan for å leva i fred med alle menneske så langt
som råd. Jesus sa også at det var lurt å rømma til ein ny plass for å unngå
forfylging (Matt.10,23). Apostelen Paulus seier at me skal be for alle som er i
høg stilling så me kan leva eit stille og fredeleg liv utan å verta forfylgde
når me forkynner evangeliet (1.Tim. 2,1-4).

Retten
til å gjera folk til disiplar

For kristne menneske er misjonsarbeid og
det å vinna menneske Jesus noko me alle saman har ansvar for og rett til.
Retten til å utbreia trua og gjera folk til lære er så sjølvsagd for oss at me
ofte ikkje tenkjer over kvifor. For oss er misjon ein menneskerett og ein
naturleg del av utøving av trua vår, men for mange verdslege menneske er det
ikkje like opplagt.

Sterke krefter har i lang tid arbeidt på
å gjera tru og religion til ein privatsak som ikkje høyrer heime i det opne
samfunnslivet som skal vera sekulært. Religionsfridom er då fridomen til å ha
si eiga tru, men inneber ikkje rett til å misjonera og utbreia denne trua. Både
politikarar og byråkratar kan forståast slik når dei uttalar seg i asylsakar og
sender heim folk som har gått frå muslimsk til kristen tru. ”Det er inga fare
om dei held trua for seg sjølv,” seier dei. Det seier dei også i dei totalitære
statane som forfylgjer kristne menneske
i dag, og det seier alle dei ulike fundamentalistane som forfylgjer dei som
trur annleis enn dei sjølve.

Reint menneskeleg tala kviler retten til
å gjera folk til disiplar og driva misjon i vårt eige land og andre land på to
grunnleggjande rettar: ytringsfridomen og religionsfridomen. Me vil kjempa for
denne retten ved å visa til dei allmenne menneskerettane som dei fleste land
har underskrive. Men for kristne menneske er retten til å misjonera like mykje
ei plikt til å misjonera, for ho har ikkje sitt opphav i menneskerettane, men i
misjonsbefalinga.

Vår Herre og Frelsar Jesus Kristus, som
har overvunne synd og død, har gjeve oss eit oppdrag om å forkynna evangeliet
om Guds rike og å gjera alle folkeslag til læresveinar. Det er ei kristen plikt
å ta del i dette arbeidet. Misjonsbefalinga gjeld alle som trur på Jesus og er
hans disiplar. Når religiøse eller sekulære styresmakter vil leggja
restriksjonar på oss i å misjonera seier me slik dei fyrste kristne som vart
forfylgde sa: ”Ein skal lyda Gud meir enn menneske!” Han har gjeve oss påbod om
å forkynna ”heile bodskapen om livet” for alle menneske.

Når me bed for og velsignar styresmakter
og dei som er i høg stilling er det for at dei skal få visdom til å styra slik
at alle kan leva eit stille og fredeleg liv der dei fritt kan forkynna og gjera
folk til disiplar. Kristne menneske kan ikkje teia, men må forkynna godt nytt
til andre. Å driva misjon er ein innebygd del av det kristne livet.

Retten
til å påverka samfunnet

Som kristne menneske har me ansvar for
den verda me lever i. Gud har frå første stund gjeve mennesket eit oppdrag om å
styra og råda på jorda og arbeida på å gjera jorda til ein god stad å leva for
alle. Me kan ikkje overlata til gudlause
menneske å styra utviklinga av samfunnet vårt. Me har rett til å påverka
samfunnet. Kristentrua er ikkje privat eller religiøs i vanleg forstand.
Kristentrua omfattar heile livet vårt og gjer seg gjeldande på alle område.
Difor har kristne menneske til alle tider arbeidt for å påverka og forandra
samfunnet. I vår tid skaper politiske vedtak rammer og vilkår for eit godt
samfunn. Gjennom politisk arbeid tek kristne menneske ansvar for å styra og
utvikla samfunnet til beste for alle våre medmenneske.

I eit samfunn skal alle menneske ha rett
og fridom til å arbeida for å nå måla sine. Det er viktig for kristne å leggja
til rette for eit varmt og levande menneskeleg fellesskap i samfunnet. Me vil
arbeida for eit samfunn som er kjenneteikna av samhald, likskap og rettferd. Me
må difor røysta på parti som vil leggja til rette for at folk best mogleg må
kunna ta ansvar for og bestemma over sine eigne liv. Kvar familie må til dømes
kunna ta ansvar for korleis dei vil at barna skal oppsedast, det er ikkje ei
statleg oppgåve.

Når kristne tek del i politikken må dei
setja mennesket i sentrum og ikkje system eller strukturar, fordi dei trur alle
menneske er skapt i Guds bilete. Alle kristne lover er til beste for folk. Alle
kristne ordningar går ut på å velsigna og hjelpa menneska til eit godt liv.
Difor byggjer kristen politikk på grunnleggjande verdiar som vil hjelpa oss til
å finna gode løysingar på nye utfordringar i samfunnet.

Kristen politikk kan ikkje styrast etter
meiningsmålingar, men må vera i samsvar med gudsrikeprinsipp slik me finn dei i
Bibelen. Kristne menneske kan difor utvikla ein gjennomtenkt og heilskapleg
politikk bygd på kristne grunnverdiar som menneskeverd, nestekjærleik og
forvaltaransvar.

Mange politiske parti i Noreg tek i bruk
mange kristne honnørord i programma sine. Dei fleste seier dei byggjer på den
kristne kulturarven. Me må ikkje la oss lura av slike fine ord i programma, men
sjå på korleis den praktiske politikken deira er i samsvar med dei verkelege
kristne verdiane som går på vern av liv (også det ufødde liv), fremjing av
ekteskap og familie, hjelp til dei fattige, rettferdig fordeling av rikdomane i
samfunnet, rettferdige trygdeordningar, god velferd for alle, trygge
arbeidsplassar, og ei berekraftig utvikling.

Det er ynskjeleg at så mange kristne som
råd tek aktivt del i det politiske livet og dei demokratiske prosessane for å
vera med å påverka og styra utviklinga av samfunnet. Det minst alle kristne kan
gjera er å nytta røysteretten sin ved både kommune- og stortingsval. Det er ein
kristenplikt å stemma ved politiske val! Det er mi bønn av alle kristne må
forstå ansvaret sitt og røysta slik at dei kan få størst mogleg påverknad for
utviklinga av samfunnet. Me må ikkje stemma for parti som klårt undergrev dei
kristne familieverdiane!

Regjeringa har varsla at dei vil fremja
forslag om kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber ei radikal omdefinering av
ekteskapet og kan få store negative fylgje for samfunnet vårt. Me må arbeida på
alle måtar for å hindra at denne lova vert vedteken. Kristne menneske burde
ikkje røysta på parti som vedtek ein kjønnsnøytral ekteskapslov.

Forstå åndskampen!

Guds ord seier klart og tydeleg at me
står i ein åndeleg kamp. Denne kampen er ikkje retta mot menneske, men mot
usynlege krefter som er verksame i vår tid (Ef.6,12). Det finst ein herskar, ei
åndsmakt som verkar i alle som er ulydige mot Guds ord. Menneska kan leva etter
sine instinkt frå kroppen, eller fylgja sine eigne ynskjer, tankar og idear,
men er i røynda styrt av demoniske makter utan å vita det (sjå Ef.2,1-4).

Me kan gjera bruka av den rettleiing
apostelen Peter gjev i 1.Pet.3,15-16 i åndskampen me står i og når me skal nå
menneske som har eit anna livssyn enn oss. Me kan samla undervisinga hans i 6
punkt:

1. «Helga Kristus til Herre i
hjarta.» Me vil berre kunna vinna åndskampen om me verkeleg har helga Jesus
Kristus til Herre i hjartet på ein slik måte at det kan sjåast i det livet me
lever. Jesus er Herre! Dette er det sentrale punktet i den kristne trua. Difor
må det kunne sjåast at han verkeleg er Herre og har fyrsteplassen i alt me
tenkjer og gjer.

2. «Ver alltid førebudde.» Dette
inneber å vera kjend i Skrifta og å kunna visa andre frå Bibelen kva Guds vilje
er. Når me kjenner Bibelen kan me også retta opp i mange misforståingar som
folk har om den kristne trua. Les dagleg i Bibelen på ein systematisk måte og
granska Skrifta så du verkeleg veit kva Guds ord seier. Bibellesing og bønn er
den beste førebuing!

3. «Så den kan svara for dykk.»
Me vil få spørsmål når me er saman med ikkje-truande menneske og om me kan
svara ærleg og truverdig kan me hjelpa folk til tru.

4. «Når nokon krev dykk til
rekneskap.» Gud vil gje oss høve til å dela trua vår med folk me arbeider saman
med eller møter i kvardagen om me bed han om det.

5. «Gje rekneskap for det håpet
de eig.» Eit nært og levande forhold til Jesus Kristus er sjølve kjelda me
auser frå når me skal forsvara, forklara eller forkynna evangeliet for menneske
me er saman med.

6. «Gjer det audmjukt og med
gudsfrykt.» Når me deler trua vår må me alltid gjera det med respekt for dei
med deler det med. Når me møter folk med rette haldningar og gjev dei høve til
å spørja og koma med motførestellingar, vil me kunna ha ein open og fri dialog
der me frimodig kan fortelja kva Bibelen seier. 

Det er også nyttig å ta med seg den
rettleiing apostelen Paulus gjev oss (1.Kor.1,17-2,5) og læra av hans eksempel:

1. «Me er sendt for å forkynna
evangeliet om Kristi kross.» Talekunst og filosofi kan undergrava evangeliet og
gjera at det mistar krafta si.

2. Ha eit klart fokus på Kristus
og det han har gjort for oss. Ordet om krossen er Guds kraft til frelse, jamvel
om nokre menneske støyter seg på det og tykkjer det er tåpeleg.

3. Ber fram ordet med Ande og
kraft som bevis. Ekte kristen tru byggjer ikkje på menneskevisdom, men på Guds
kraft. Difor må evangeliet forkynnast ikkje berre med ord, men òg med kraft,
ved Den Heilage Ande og med full overtyding.

Folk lengtar etter åndelege realitetar.
I vår tid er folk opnare for åndelege opplevingar enn dei var i
foreldregenerasjonen vår. Dette gjer at det ikkje er nok å ha rett kristen lære
og leva eit flott liv, me må også vera i stand til å¨formidla Guds kraft til
menneske me møter. Det er ikkje nok med gode argument, me må ha ei god ånd med
oss og kunna setja folk fri når me møter dei med Guds kjærleik.

Den personlege trua og forholdet til
Jesus Kristus er grunnvollen me byggjer heile livet vårt på. Dette er ikkje
privat eller religiøst, men sjølve livet for oss. Difor ynskjer me å dela det
med så mange som råd.

Tekst: Erling Thu

Leave a Reply

Comments

One response to “Personleg – men ikkje privat”

  1. Geir Tore T. Hanssen Avatar
    Geir Tore T. Hanssen

    Etter å ha lese gjennom desse artiklane som du har lagt ut på bloggen de siste dagane har eg fått mykje meir forståing over kvifor samfunnet me lever i er i ein så “desperat” tilstand.
    Me kristne treng å ta lærdom av bodskapen du kjæm med ifrå Herren! Å leva som kristen handlar ikkje om bæra alt inni seg, blant anna i ein form av depresjon, eller motsatt, i ein form av stolthet.
    Det koste å leve som kristen når det leves personleg og den aller beste måten å leve med den daglige motstanden er i hjerte og munn å tilgi og glemme motstanden som kjæm og sei ifrå med sanningsord.

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading