Kjenneteikn på ein profetisk generasjon

Den fyrste staden i Bibelen kor ordet
profet er nemnd er i 1.Mos.20,7 der Gud kallar Abraham for profet. I ei fotnote
til dette verset står det at ordet profet stundom vert nytta i vid tyding om
eit menneske som står Gud nær og skal gå ærend for han. Dette er for meg den
mest grunnleggjande forståinga av kva det er å vera profetisk. Det er å leva så
nært til Gud at me kan gå ærend for han. Ein profetisk generasjon er då ein
generasjon av ærendsgutar, folk som kjenner Gud og representerer Gud i det dei
seier og gjer. Desse folk vil vera kjenneteikna av:

1. Openberring av Gud på kongstolen

Profetane hadde ofte syner og sterke
opplevingar der dei vart overvelda av kven Gud er. Jesaja såg Gud sitja på
kongstolen medan serafane song heilag, heilag, heilag. Han såg Gud på
kongstolen. Han såg Guds herlegdom. Han såg Guds trufaste paktsnatur. Dette
møtet med Den Heilage merkte han for livet og kjenneteikna heile hans
profetiske teneste.

Den nye profetiske generasjonen som Gud
reiser opp i desse dagane vil ha ei openberring av Guds rike, av Guds styre, av
Jesu Kristi Herredøme. Difor vil dei ikkje vera hekta på ting. Dei vil vera
fokusert på Jesus. Dei vil vera fokusert på Guds vilje. Dei vil leva i
openberringa av Gud som Konge. Dei vil leva under Jesu Herredømme og gjera det
klart for alle at Jesus er Herre over alle og på alle område i livet. Me er
profetiske i den grad me gjer det Gud vil!

2. Tek Guds ord på alvor

Mest alle bøkene til profetane i Bibelen
tek til med desse orda: Herrens ord kom til dei. Såp vert det nemnd kva tid dei
levde i og når Ordet frå Gud kom til dei. Gud talte med andre ord inn i ei
historisk stode, inn i ein samanheng, inn i eit samfunn, til eit folk. Herrens
ord kom til profetane og dei tok ordet frå Gud på alvor. Me finn mange uttrykk
som stadfestar dette: Gud har talt. Dette er det Gud seier. Slik lyder ordet
frå Guds munn. Både i Det gamle og Det nye testamentet seier Gud til profetane
sine: Et denne boka! (Sjå Esek.3,1-4; Op.10,9-11). Då dei hadde ete dei
profetiske skriftene vart dei bedne om å tala profetisk til andre.

Den nye profetiske generasjonen tek til
seg Guds ord. Dei les og mediterer på Guds ord for å ta til seg åndeleg næring.
Dei fyller seg med Guds ord og difor kjenner dei Guds vilje. Dei granskar dei
profetiske skriftene og forkynner Guds ord til folk og ikkje moderne psykologi
eller menneskemeiningar. Dei skriv ned synene, visjonane og draumane sine som
dei får frå Gud. Dei gjer desse no orda frå Gud kjende gjennom alle tilgjengelege
media. På denne måten hjelper dei folk å sjå at det Gud seier i Bibelen gjeld i
dag og må takast på alvor i levd liv.

3. Står på vakt – lever vakne

Fleire stader er profetane omtalt som
vaktmenn. Dei har to funksjonar. Den eine er å åtvara folk som bryt Guds lov
ved å fortelja dei om fylgjene av livsførsla si ved å gjera Guds dommar kjende
for dei (Esek.3). Den andre funksjonen er å fortelja til Guds folk kva Gud
gjer, kor Gud arbeider og kva folket må gjera med dette (Jes.52,8; 62,6-7).
Profeten Habakuk sa han ville stå på vakt, stella seg på post og speida for å
sjå kva Gud gjer og seier. Gud svarer han med ein gong og seier han skal skriva
opp synet og gjera det enkelt å forstå så folk kan handla på det.

Den nye profetiske generasjonen står på
vakt og lever vakne. Dei søkjer alltid Herren. Dei vender hjarte og sjel til
Gud og har opne auger og øyrer så dei både ser og høyrer Gud i kvardagen. Dei
er folk som er vakne og fylgjer med i det som skjer rundt dei. Dei både åtvarar
og oppmuntrar folk, alt etter kva Gud seier og gjer.

4. Er teikn og førebilete

Det er profeten Jesaja som seier dette om
seg sjølv og dei profetiske sønene sine. Jesaja og dei fleste profetane i
Bibelen profeterte ikkje berre med ord, men også med livet sitt. Dei måtte ofte
betala ein høg pris ved å leva annleis og syna i kvardagen kva Gud sa til
folket sitt. Dei levde ein profetisk livsstil som var utfordrande for samtida.
Dei gjorde også mange profetiske stunt, punktmarkeringar og demonstrasjonar for
å synleggjera ordet frå Gud.

Den nye profetiske generasjonen vil leva
eit profetisk og utfordrande liv. Dei vil skilja seg ut på ein god måte. Dei
vil vera teikn, varsel og førebilete med si heilhjarta overgjeving til Herren
og si radikale etterfylging av Jesus. Dei vil vera lys og salt i si samtid og
sitt nærmiljø. I våre mørke dagar skal det ikkje så mykje til å vera lys i
verda. Å leva eit normalt kristenliv etter Bibelsk standard er å vera profetisk
i våre dagar. Kristne harmoniske ekteskap og heimar er profetiske førebilete
med stor verknad.

5. Tek ansvar og steller seg i gapet

Profetane var
aldri passive tilskodarar som klaga over kor ille det stod til i samfunnet. Dei
kunne forkynna Guds dom over folk og nasjonar, men oftast tok dei ansvar for
folk og land ved å gå i forbønn for dei som var råka av dommen. Profeten Moses
er eit godt døme på dette. Israelsfolket vekte Guds vreide mange gongar, men
Moses gjekk i mellom, stelte seg i gapet, bad inderleg til Gud for dei, og
berga dei frå Guds dom. Profeten var ein
ulastande mann kom raskt til hjelp. Han kjempa for folket  med dei våpen som var gjeve han i hans
teneste: forbønn og sonande røykjelse, slik forsvarte han dei mot Guds  vreide og gjorde ende på ulukka, så det vart
tydeleg for alle at han var din tenar. Ikkje med store krefter og ikkje ved
våpenmakt overvann profeten Guds beiske harme, nei, bare ved eit ord overvann
han han som straffa. Han minna han om lovnadene og paktene som var gjevne til
fedrane (Sjå Visdoms Boka 18,20-22).

Profeten
Esekiel syner oss Guds hjartesukk med desse orda: Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp
muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta
øydelagt. Men eg fann ingen (Esek 22,30).

Den nye
profetiske generasjonen Gud reiser opp tek ansvar ved å gå i forbønn for folk
og nasjonar. Dei steller seg i gapet til forsvar for landet så dei kan vera med
å byggja landet med gode lover, for elles vil ulover øyda det. Gud har inga
ynskje om å straffa, men han ynskjer å berga menneske. Difor reiser han opp ein
ny profetisk generasjon som tener han ved å stella seg i gapet, stella seg i
rivnene, ta plass der alt er nedrive og øydelagd for å berga og gjenreisa
nasjonen til lydnad og tru. Profetiske folk er folk som ber. Profetiske folk er
folk som legg livet sitt ned for å berga andre.

6. Openberring av Guds gjenreiste hus

Profetane var opptekne av at Gud skulle få
huset sitt slik han ville ha det. Dei profeterte alle om den positive verknaden
Guds herlege hus ville ha for nasjonane. Profeten Esekiel gjev oss innsyn i dei
openberringane Gud gav han om det gjenreiste og herlege templet. På slutten av
desse synene førte engelen han tilbake til inngangen av Guds hus. Då såg han
noko han ikkje såg fyrste gongen han vart teken til inngangen. Han såg ein
dobbeltbekk renna frå Guds hus. Bekken vart til slutt til ei stor elv ingen
kunne vassa over, men berre symja i. Men det engelen ville han skulle sjå var
verknadane av elva. Han fekk sjå at overalt kor denne elva frå Guds hus flaut
vart det liv og helse. Trea som vaks langs elvekanten gav lækjedom til
nasjonane. Me finn det same bilete om elva som flyt frå Guds nærvær og fører
til lækjedom for folkeslaga i den profetiske Openberringsboka. Alle profetane
bar ei openberring med seg om Guds herlege hus og kor viktig det er for verda.

Den nye profetiske generasjonen er, slik
Jesus var, brennhuga for Guds hus. Dei gjer alt dei kan for at Gud skal få
forsamlinga sin slik han vil ha henne for seg sjølv: Herleg og heilag, utan
flekk eller rukke, ei skjønn brur. Dei er ikkje opptekne av kyrkjesamfunn eller
organisasjonar. Dei byggjer ikkje sine eigne religiøse imperium. Dei har sett i
Anden kva slags hus Gud vil ha, kva slags kristent fellesskap han vil ha, kva
slag forsamling Gud vil, og kan ikkje slå seg ti rom med noko anna.

7. Openberring av Guds åndsfylte paktsfolk

Profetane talte om ei ny pakt som Gud
skulle gjera. Denne pakta skulle vera annleis enn pakta Gud gjorde med
Israelsfolket gjennom Moses. I denne nye pakta skulle folk oppleva å få syndene
sine tekne bort slik at dei slapp å leva medvitne om synd. Alle som hadde fått
del i den nye pakta skulle kjenna Gud, både små og store. Profeten Malaki
profeterte om ei tid då Gud skal venda fedrehjarta til borna og barnehjarta til
fedrane. Det åndsfylte paktsfolket Gud skulle reisa opp i dei siste dagane
skulle ikkje ha noko generasjonskløft. Både gutar og jenter, unge og eldre,
menn og kvinner skulle kunna tala profetisk av di dei var fylte av Anden og
kunne sjå syner og høyra frå Gud.

Den nye profetiske generasjonen gjev ikkje
rom for skilje mellom Guds folk på grunn av alder eller kjønn. Dei tenkjer
ikkje i mann og kvinne eller unge og gamle, dei ser seg alle som Guds tenarar,
utrusta av Den Heilage Ande til å gjera Guds vilje og tena Guds plan i si
levetid, hand i hand, skulder ved skulder.

Tekst: Erling Thu

 

 

 

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading