Category: Profettenesta

  • Herren stadfestar tenesta

    Når vi gjer det vi trur Gud vil vi skal gjera, vil Gud alltid stadfesta det med si velsigning. Når vi vågar å seia det vi trur Gud vil vi skal seia, stadfestar han orda våre. Vi kan ofte vera skjelvande og ikkje heilt trygge på om vi har høyrt rett, men når vi i tru og lydnad ber fram ordet frå Gud, vil det alltid bli stadfesta. Når Gud stadfestar, veks trua og frimodet vårt. Frå dei første orda vi stotrar fram som eit profetord, vil vi veksa i nåde og frimod. Orda vil bli klarare og enklare. Dei vil ha meir kraft i seg. Vi veks i nåde og kjennskap til Herren og kan bera fram ord frå han med større tyngde.

    Samuel voks opp. Og Herren var med han og lét ikkje eitt av orda sine falla til jorda. (1 Sam 3,19)

    Samuel har nettopp hatt eit sterkt møte med Gud. Han har opplevd det som er profetane sin kross, å bera fram meldingar frå Gud som folk ikkje liker å høyra. I utgangspunktet våga han ikkje seia noko til Eli om det Gud hadde sagt. Men på eit rett fram spørsmål frå Eli måtte han bera fram sanninga. Han stod den første prøva. Han tok ikkje noko bort og han la ikkje noko til, han bar fram den lite hyggjelege bodskapen slik han hadde høyrd han frå Gud.

    Samuel voks på denne opplevinga og heldt fram med å vera lydig mot Herren. Difor finn vi det naturleg det som følgjer: Og Herren var med han. Dette står i grell motsetnad til stoda til sønene til Eli, dei hadde Herren gått frå. Men Herren var med Samuel. Han gav han styrke til å stå mot trykket frå omstenda og visdom til å gjera det rette. Herren heldt si hand over han og leia han trygt fram. Den unge guten stod fast i si overgiving til Herren og Herren stadfesta orda hans. Ingen av orda frå Gud fall til jorda. Gud vaka over orda sine og sette dei i verk.

    Når vi er lydige mot det indre kallet og gjer det Gud seier, vil Gud stadfesta og velsigna. Dette vil folk begynna å leggja merke til. Dei vil oppdaga kor vi har vår styrke. Dei vil sjå Guds nåde i livet vårt. Dei vil sjå at Gud har lagt si hand på oss og bruker oss til velsigning. Det kan ta tid før folk oppdagar at det er eit mønster i måten Gud bruker oss på. Det kan ta tid før folk skjøner at Gud har kalla oss til teneste. Det kan ta tid før folk tar til å setja ord på det dei ser i oss.

    (more…)

  • Personlege profetiar over livet frå barndommen

    Hanna gav Samuel dette namnet fordi han var fødd som svar på profetiske bønner. Namnet hans vitna om at han var fødd etter Guds vilje, for å tena Guds plan. Han var eit profetisk bønnesvar, men namnet bar også i seg ein profeti om retninga for livet hans. Namnet hans var ein profeti om at Gud ville halda fram å høyra bønnene hans. Når vi les historia om Samuel ser vi kor viktig bønn var i livet og tenesta hans. Han var kjenneteikna av bønn og fekk store profetiske bønnesvar.

    Eg trur at det ligg ei profeti i det namnet foreldra våre har gitt oss, uansett om dei var kristne eller ikkje, då dei gav oss namnet. Namnet vårt har ei meining og ein bodskap. Vi treng hjelp til å finna den profetiske meininga i namnet vårt. I nokre sjeldne tilfelle kan det også vera nødvendig å skifta namn, for å ha eit namn som samsvarar med kallet og livsgjerninga vår. Vi finn fleire tilfelle i Bibelen, der folk fekk nye namn for å visa kva Gud hadde kalla dei til å vera og gjera.

    (more…)

  • Han styrkte forsamlingane

    Dette uttrykket finn me i Apgj 15,41. Det er ei oppsummering av apostelen Paulus si andre misjonsreise, då han vart sendt ut i lag med profeten Silas. I The Passion Translation heiter det at på kvar plass dei gjekk til, så forlet dei forsamlinga sterkare og meir oppmuntra enn ho var før dei kom. Eg trur at dette er eit normalt resultat når apostlar og profetar reiser saman til dei nystarta kristne forsamlingane. Apostlar og profetar er åndelege bygningsmenn. Dei styrkjer og byggjer opp både personar og forsamlingar. Då dei reiste frå ei forsamling la dei att noko verdifullt etter seg. Forsamlingane var sterkare og ved betre mot då dei reiste enn då dei kom.

    Paulus er jo veldig klar på at dette er målet med alle kristne samlingar: oppbygging, "lat alt tena til oppbygging!" (1 Kor 14,26). Alle nådegåver er meint å tena til det gode (1 Kor 12,7). Det som taler profetisk, taler til oppbygging, formaning og trøyst (1 Kor 14,3). Den som taler profetisk byggjer opp og styrkjer det kristne fellesskapet. Tungetale i eit offentleg møte må tydast så forsamlinga kan bli oppbygd (1 Kor 14,5). Personleg oppbygging er ikkje nok. Alt me gjer, når me er samla, må vera til nytte og oppmuntring for dei andre.

    Oppbygging og oppmuntring heng saman. Å styrkja forsamlingar er å byggja opp og oppmuntra folka som er samla. Å styrkja folk er å setja mot i dei til å gjera Guds vilje og gå på Guds veg. Det var det apostlane og profetane gjorde då dei reiste saman. Me treng desse folka i dag også. Me treng at dei reiser i lag og besøkjer forsamlingane for å styrkja dei og setja mot i dei. Når dei gjer det frigjer dei eit dynamisk liv som fører til vokster og framgang for Guds rike.

     

  • Me treng fleire profetiske mødrer

    Første Samuelsbok skildrar ei stor vekking
    og samfunnsendring som me kan læra mykje av i den stoda folket vårt er i dag. Gud
    brukte ei bedande kvinne, ein ukjend profet og ein ung gut til å endra heile
    samfunnet.

    Det er tydeleg at Hanna gjennom si
    profetiske innsikt skjøna seg på tidene og forstod at det måtte koma ei endring.
    Ho bad om ein son som kunne tena Guds plan i si levetid. Ho visste at om ikkje
    ein slik mann vart reist opp, ville folket verta utarma og undertrykt av
    fienden og Guds namn ville verta vanæra.

    (more…)

  • Kjenneteikn på ein profetisk generasjon

    Den fyrste staden i Bibelen kor ordet
    profet er nemnd er i 1.Mos.20,7 der Gud kallar Abraham for profet. I ei fotnote
    til dette verset står det at ordet profet stundom vert nytta i vid tyding om
    eit menneske som står Gud nær og skal gå ærend for han. Dette er for meg den
    mest grunnleggjande forståinga av kva det er å vera profetisk. Det er å leva så
    nært til Gud at me kan gå ærend for han. Ein profetisk generasjon er då ein
    generasjon av ærendsgutar, folk som kjenner Gud og representerer Gud i det dei
    seier og gjer. Desse folk vil vera kjenneteikna av:

    (more…)

  • Om å tala profetord

    Gud reiser opp ein ny profetisk
    generasjon, – eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala
    profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud
    reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og
    som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud
    i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER,
    Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på
    universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di
    dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred,
    glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.

    (more…)

  • Tankar frå Jesajaboka

    Dei fyrste fem kapittel fungerer som ei innleiing kor den dåverande katastrofale stoda vert sett opp mot den herlege framtida til Guds folk.

    Det som er kjernepunktet i Jesajaboka er konflikten mellom Gud som dommar og frelsar, mellom rettferd og miskunn og truskap. Fordi Israel ikkje levde i samsvar med pakta dei hadde gjort med Gud var straffa for paktsbrot ikkje til å unngå. Jesaja forkynner at dommen kjem som ein reinsande eld som fører frelse med seg. 1,21-28; 4,2-6

    (more…)

  • Guds bodberarar

    Profetane var Guds bodberarar til paktsfolket og til nasjonane. Dei var kalla til å gjera Guds vilje kjend, ved å undervisa folk i Guds ord og lov, ved å bera fram domsord over folk og nasjonar som hadde gjort opprør mot Gud, ved å tala tilrettes både folk og leiarar for synd og ugjerning dei hadde gjort, og ved å gjera det som til kvar tid trongst for å fremja Guds vilje mellom folket. Profetane var med andre ord kalla til å læra, undervisa, rettleia og irettesetja folk, leiarar og nasjonar, så vel som å forkynna komande hendingar.

    (more…)

  • Ein Guds mann det går store ord om

    I forteljinga om koss Saul vart gjort til konge finn vi hendinga med leitinga etter det bortkomne eselet. Då Saul og tenesteguten hans var i nærleiken av Rama, der Samuel budde, og Saul ville gje opp leitinga og fara heim att, sa den unge hjelparen hans: ”I denne byen er det ein Guds mann som det går store ord om. Alt han seier slår til. Lat oss no gå dit! Kan henda han kan seia kvar vi skal ta vegen?” (1 Samuel 9,7)

    Eg liker denne enkle trua og innstillinga denne unge mannen har til den eldre profeten og dommaren i Israel. Det han seier kan gje oss viktig innsikt i Samuel si teneste og stilling i folket. Her er nokre av dei tinga eg les ut av dette verset:

    (more…)

  • Profeten argumenterer ikkje med folk, men går til Gud

    Men folket sine representantar, dei eldste frå alle kantar av landet, ville ikkje høyra på profeten Samuel. Vi vil ha ein konge over oss, sa dei, vi vil ha det som alle dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; og han skal gå framfor oss og føra oss når vi er i krig.

    Profeten argumenterte ikkje med dei. Han tok orda deira og bar dei fram for Herren. Han gjentok det dei sa i Guds øyra, som nokre omsetjingar seier. På ny viser Samuel seg som ein sann profet. Han gjev seg ikkje til å diskutera eller koma med sine eigne meiningar. Han går til Gud med alt det dei eldste har sagt. Hans eigne kjensler og meiningar tel ikkje, styrer han ikkje, for han ønskjer berre at Gud skal få sin veg, at Guds vilje skal råda. Han har ingen personlege ambisjonar eller nokon skjult agenda. Som ein sann profet er han Guds talsmann. Det er berre det Gud seier som tel! Profeten er styrt av ordet frå Guds munn.

    På ny sa Herren at han skulle gje dei det dei bad om, og han gjorde så. Han tviheldt ikkje på si stilling som dommar eller leiar av folket. På Guds ord la han villig ned leiarstillinga si for å setja inn ein konge etter folket sitt ønskje.