Det er ikkje alle planar det vert noko av

For to år sidan hadde eg mange planar for ein ny blogg som eg ville kalla "Huset i skogen". Eg ville saman med kona skriva om livet på landet i Nordhordland, på den plassen som me kallar "Huset i skogen". Eg har blogga på engelsk i mange år og no ville me starta ein norsk blogg om det livet me lever i kvardagen, om folk me møter og bøker me les.

Me ville samla alle dei andre wedsidene mine  Erling ThuMeiningar,   I am Somebody, Solveig Thu og samordna dei ut frå hovudsida som skulle vera "Huset is skogen". Nokre flinke webfolk skulle hjelpa oss med layout og design og organiseringa av alle websidene på den nye sida. Me snakka saman, la ein plan og sette igang å arbeida. Men ein dag, etter eg hadde venta med tolmod ei stund, hoppa ekspertane av heile prosjektet. Då stoppa alt opp.

No har det gått t0 år og eg vil prøva å starta på ny, men sidan eg ikkje kan programmera og laga noko samla oppsett for sidene mine så må det verta enklare. Eg vil berre starta å skriva på denne enkle sida og sjå koss livet veks og utviklar seg.

Leave a Reply

Comments

3 responses to “Det er ikkje alle planar det vert noko av”

  1. Ruth Kristin Thu Avatar
    Ruth Kristin Thu

    Hei, far! 🙂 Takk for at du delte dette! Jeg var ikke klar over disse planene du skreiv om og syns det var leit at du ikke fikk den hjelpa du håpet på. Jeg ee ikke noen ekspert, men har lært noen ting om å lage nettsider og lignende i høst, så jeg kan kanskje komme med noen tips til noen ting du kan gjøre i tilknytning til sidene dine. Ikke gi opp drømmene dine eller skrivinga di i alle fall! 🙂 Og om du ikke får til å få alt helt slik du hadde tenkt, så kan du kanskje finne en løsning som viser seg å være e da bedre enn den du først hadde sett for deg. Du er en veldig god skribent, så jeg håper du får skrevet masse på nettet framover. Da kan du glede og inspirere mange. 🙂

  2. Erling Thu Avatar
    Erling Thu

    Tusen takk, Ruth Kristin! Eg har mange draumar som skal oppfyllast. Om ikkje alle planane har vorte oppfylt, så kan me ikkje gje opp for det. Me må berre finna nye vegar og gå vidare.

  3. Ruth Kristin Thu Avatar
    Ruth Kristin Thu

    Ja, det er sant. 🙂

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading