Denne jula er ulik alle andre sidan vi gifta oss for snart 49 år sidan. For første gong er vi heime aleine utan noen barn eller slektningar med oss, og det er spesielt. Vi var velkomne til å koma til fleire, men etter ein haust med mykje reising var det godt å berre vera heime og nyta freden og roen i huset i skogen i lag. Vi har vore på skype eller i telefon med alle barna våre desse dagane og det var gildt, veldig koseleg. Men nå har eg tid til å sitja i godstolen, lenge–! Eg kan lesa, meditera, be, syngja, ja det er i det heile utruleg kor mykje ein kan gjera frå godstolen. Eg fekk fleire bøker til jul og eg elskar å lesa, så dei to siste dagane har eg lese ut ei av dei gode bøkene. Den heiter " det kalles nåde" Ei svært god bok syntes eg, engasjerande, om livet på ein plantasje etter den amerikanske borgarkrigen i 1860 åra. Sørstatane har tapt, slaveriet er over, og korleis dei kvite i denne familien taklar den nye situasjonen, spesielt om ei mor, dotter og ein frigjeven slave på plantasjen der handlinga foregår. Det handler og om Guds hjelp og korleis han grip inn i dei mange situasjonane. Eg les om hat og bitterhet men og om tilgjeving og nåde.
Det var fengslande lesing, eg fall i tankar etterpå. Eg tenkte på det å vera bunden og det å vera fri. Eg er også bunden, til ein Herre, ja til Herren Jesus Kristus som eg aldri vil gå bort frå. Han betalte ein dyr pris så eg skulle gå fri, betalte med sitt eige liv. Han er ein god Herre å tena, eg elskar han, eg kan med glede kalla meg slaven hans. For eg veit eg er også fri, fri til å leva, rikt, sterkt, spanande. Kor herleg, kor stort! Eg smilar her eg sit i godstolen, smiler og tenkjer og på han som nett nå sit i ein anna godstol, han som eg også er bunden til med kjærleiksband. Kor rik eg er, kor godt eg har det, det er gildt å ha god tid til godstolen i dag!
Tekst: Solveig Thu
Leave a Reply