Julefrukost med husforsamlinga vår

I går hadde Solveig invitert heile husforsamlinga vår til stor julefrukost. Me var tilsaman 17 barn og vaksne som kunne nyta alt det gode ho hadde stelt til for oss. Solveig elskar å stella til gode og fine matgilde. Ho elskar å tena og gjera det gildt og fint for andre. Det viser ho på mange måtar.

Julefrokost

Det var ikkje alle som kunne koma, slik vil det alltid vera. Jula er ei tid kor mange reiser heim til sine og nokre av våre trufaste venner hadde reist for å feira med familien sin i Rogaland. Men me saknar alltid dei som ikkje kjem, same kor gode grunnar dei har til å vera borte.

Julefrokost2

Det er alltid godt å eta saman med gode venner. Måltidet er viktig i å byggja vennskap og fellesskap. Å sitja rundt bordet, nyta maten og den gode indiske teen medan me drøser, tatlar og radlar, er himmel på jord. Det er utruleg kor lett det er å opna hjartet sitt over ein god kopp kaffi eller te, eller med ei brødskjeva med sursild i munnen. Måltid og fellesskap høyrer saman.

Julefrokost3

Når me møtest rundt bordet er det plass til store og små. Både barn og vaksne tek del. I storfamilien er det raust og ope. Det er lett å dela og lett å ta imot frå kvarandre.

Eg takkar Gud for husforsamlinga vår. Eg takkar Gud for gleda av å tilhøyra. Etter frukosten vår hadde me ei god stund kor me song julesongar og takka Gud for kvarandre. Då var det også naturleg å leggja hendene på dei som sleit med sjukdom og andre vanskar så me saman kunne be om lækjedom og helse til kropp og sjel.

Gud har velsigna oss med eit flott hus i skogen. Her har me rom for mange. Me gler oss kvar gong me har venner på besøk som me kan dela livet og trua med.

 

Leave a Reply

Comments

Discover more from Erling Thu

Subscribe now to keep reading and get access to the full archive.

Continue reading