Det er Solveig som har skore ut dette hjartet i treet nede ved vatnet vårt. Eg veit ikkje kvifor ho gjorde det, men eg tek det som ei påminning om hennar varme kjærleik. Me har nettopp feira at det er 51 år sidan me trulova oss og snart 50 år sidan me gifte oss. Gud har vore god mot oss og gjeve oss nokre gode år saman. Tenk, framleis skjer kona mi hjarte i tre, slik unge forelska folk gjorde i vår tid. Eg veit ikkje, om unge folk skjer hjarte i trea lenger, for å visa at dei er forelska.
Det er tydeleg at kona mi er forelska. Ho strør kjærleiksteikn om seg, i alt ho gjer heile dagen. Eg prøver så godt eg kan eg også, men kona er den beste. Me har begge oppdaga at me må arbeida på å halda kjærleiken varm og brennande. Om kjærleiken ikkje får næring, vil han kolna og kanskje døy. Når det hender, seier folk at dei har vakse frå kvarandre. Eg ville ikkje kalla noko slikt å veksa, det liknar meir på å verta liten og sjølvsentrert. Når me veks som menneske, veks evna til å elska, tilgje, tola, og å få fram det beste i andre, serleg i ektemaken.
I huset i skogen blømer kjærleiken berre meir enn før ved Guds nåde. Solveig blir berre gildare og gildare, men utan Guds nåde hadde me begge kome til kort. Å leva i nåden hjelper oss å leva i kjærleiken. Det er herleg å sleppa å stilla krav og endå herlegare å sleppa å streva for å oppfylla krav. Kjærleiken kviler i nåden. Når me ser kvarandre med nådige auge er det lett å vera glad i kvarandre!

Leave a Reply to Erling ThuCancel reply